Bul Mo

Bul Mo Dansing

17/08/2026

Nytt fra Noregs Ungdomslag 17.08.2026
Ps : Er du ungdom og har lyst til å lære folkedans, bli instruktør : ta kontakt.

Logo
Newsletter

Klar for hausten? Dette skjer i NU framover
Dette nyheitsbrevet går ut til alle som er registerte tillitsvalte i lokal- og fylkeslag. Om det er informasjon i nyheitsbrevet som er aktuelt for andre, send det gjerne vidare.

Hausten er rett rundt hjørnet. Med hausten kjem nye moglegheiter til å møtest, lære og hente inspirasjon. I dette nyheitsbrevet har vi samla informasjon om dei kommande møteplassane i Noregs Ungdomslag, både fysiske og digitale.


Juniorinstruktørkurs
Er du ein ung folkedansinstruktørspire, eller kjenner du nokon som kanskje er det? Då vil dette juniorinstruktørkurset passe bra. Saman med kursets instruktør Audun Grüner-Hegge får dei som deltek både inspirasjon og praktiske verktøy for å kome i gang som instruktør.

Påmeldingsfrist 27. august.

📆 12.- 13. september

📍 Voss

🛜 Les meir og meld deg på her.

Basiskurs i leiing og regi
Vil du lære meir om teaterarbeid og utvikle deg som regissør? Under Teaterdagene på Lillehammer arrangerer vi, saman med Norsk Amatørteaterforbund, eit basiskurs i leiing og regi med Shwan Wahed.

📆 18.- 20. september

📍 Lillehammer

🛜 Les meir og meld deg på her.


Rom for kultur - Kulturarenakonferansen 2026
Korleis sikrar vi gode vilkår for kulturaktivitet over heile landet i åra som kjem? Velkomen til to fullstappa dagar med fagleg påfyll og ein relevant møteplass for over 400 personar som er engasjert i at det skal finnast gode rom for kultur over heile landet!

📆 21.- 22. september

📍 Oslo

🛜 Les meir og meld deg på her.

Sy skjorta de sjølv - eit bunadskurs
Er du under 26 år? Har du lyst til å lære deg å si di eiga bunadsskjorte? Over fire kveldar og ei helg vil bunadtilverkar Barbro Storlien lære deg som deltek korleis du kan sy eige skorte til dame- eller herrebunad.

📆 Oppstart 14. oktober

📍 Oslo

🛜 Les meir og meld deg på her.


NU-helga 2026
Bli med på ein av årets viktigaste møteplass for tillitsvalde og aktive i Noregs Ungdomslag! Gjennom heile helga blir det ulike kurs, nettverksmøte, landsrådsmøte og kulturopplevingar. Laurdag markerer vi også Den internasjonale dagen for immateriell kulturarv.

Påmeldinga opnar snart. Påmeldingsfrist: 1. oktober.

📆 16.-18. oktober

📍 Trondheim

🛜 Les meir her.

FolkLeiarUng 26/27
FolkleiarUng er eit prosjekt for folkemusikarar og folkedansarar mellom 15-25 år. Dette er eit nasjonalt leirarutviklingsprogram sin gir deltakarane kunnskap, nettverk og erfaring gjennom eit heilt år.

Fristen for å søke om plass i prosjektåret 2026/2027 er 27. august.

🛜 Les meir og søk her.

05/08/2026

BUL MO starter opp 01.sept kl 1900 på fyrhuset på Selfors.
Bli med. Ta gjerne med noen.
Menn oppfordres spesielt.
Interessert i nybegynnerkurs??
Svar i tråden ev send pm/sms.

Nytt fra NU  -Noregs Ungdomslag 04.07.2026God frilyndt sommar !Dette nyheitsbrevet går ut til alle som er registerte til...
05/07/2026

Nytt fra NU -Noregs Ungdomslag 04.07.2026
God frilyndt sommar !

Dette nyheitsbrevet går ut til alle som er registerte tillitsvalte i lokal- og fylkeslag. Om det er informasjon i nyheitsbrevet som er aktuelt for andre, send det gjerne vidare.

Frå folkemusikklubben under årets sommarleir!
Endå eit aktivt halvår i Noregs Ungdomslag går mot slutten. Rundt om i landet har de skapt møteplassar, arrangert kurs og gitt både barn, unge og vaksne gode opplevingar. Nå håper vi de får tid til å senke skuldrene litt, nyte sommaren og hente ny energi til ein innhaldsrik haust.

Med sommarleiren vel gjennomført og ferien framfor oss, er det på tide med eit siste Lagsnytt før sommaren. Dei siste dagane har over førti ungdommar vore samla på Sunnmøre Folkehøgskule i Ulsteinvik; dei har kost seg med kurs, utflukt , nye vennskap og mykje latter. Vi tek med oss mange gode minne frå teater og folkedans, til bunadsbroderi, spel og den heilt nye folkemusikklubben. Her fekk deltakarane først eit kræsjkurs i gangar, springar og bhangra. DJ Jonas frå Klubb Komle kom heilt frå Bergen, og det vart dans, biljard og bordtennis til seint på kvelden. Mens alle no er på veg heim, kvar til sett, gler vi oss allereie til neste sommarleir, som blir arrangert på Solbakken Folkehøgskole i Skarnes 29.juni - 3. juli 2027!

NU-kontoret tek òg sommarferie. Sentralbordet held stengt i juli, og [email protected] blir følgt opp sporadisk. Er det noko som ikkje kan vente kan de kontakte generalsekretær på 93 42 27 56.

Men først, her er nokre saker det kan vere greitt å få med seg før sommaren for alvor tek til.

Momskompensasjon 2026
1. juli var det frist for å søkje om momskompensasjon for rekneskapsåret 2025. Vi takkar til alle som har sendt inn søknad. Vi jobbar på spreng med å gå gjennom alle, og de vil ein etter ein få tilbakemelding på søknaden, mest truleg i løpet av dei neste vekene.

Lag som har feil og/eller manglar i søknaden sin vil og bli kontakta, med ny frist for å rette opp dette.

Ny medlemsfordel: Dansebutikken.no
Som medlem i Noregs Ungdomslag får du 10% rabatt på alle varer hjå Dansebuutikken.no, også salsvarer.

Bruk rabattkoden NU2026 når du handlar, og finn skoa du treng til både folkedans, swing, tango, jazz og meir!

Les meir om den nye medlemsfordelen her!

Rådgjeving og verktøy for husa 🏡
Driv de eit ungdomshus, grendahus eller ein anna møteplass?
Gjennom eit etablert og godt samarbeid mellom Noregs Ungdomslag og Socentral sitt prosjekt Arena for Nabolagshus kan de få gratis rådgjeving om alt frå dugnad og aktivitetar til søknadssskriving og utfordringar knytt til drift av huset.

📆 Book rådgjeving: nabolaghus.no/sparring

🛠️ Utforsk den digitale verktøykassa: nabolaghus.no/verktoykasse

Vil du ha plakatutstilling under Fagdagar i bunad og folkedrakt?
Vi inviterar elevar, studentar, lærlingar og nyutdanna innan bunad- og handverksfag til å ha si eiga plakatutstilling under Fagdagane der du kan vise fram arbeidet ditt, få synlegheit i fagmiljøet og knyte kontaktar. Ta kontakt med Lelia Belle Houbé ved Norsk institutt for bunad og folkedrakt for meir informasjon: [email protected]

NU under Arendalsveka
I år samarbeider Noregs Ungdomslag med fleire andre organisasjonar om fire arragement under Arendalsveka. Velkomen innom!

📆 10.- 14. august

📍 Arendal

🔗 Les meir her.


Juniorinstruktørkurs
Er du ung og nyskjerrig på instruktørrolla? På dette instruktørkurset kan du lære korleis du leier og inspirerer barn i dans. Kurset gir både dansereportoar og gode pedagogiske verktøy.

📆 12.- 13. september

📍 Voss

🔗 Les meir her.

Basiskurs i leiing og regi
Bli med på basiskur si leiing og regi under Teaterdagane, med Shwan Wahed. Kurset gir ei praktisk innføring i rolla som instruktør og i arbeidet mot ei framsyning. Teaterdagane blir arrangert av Norsk Amatørteaterforbund, men alle NU-medlemmar får medlemspris på alle kurs. 10% rabatt ved påmleding før 1. juli

📆 18.- 20. septemer

📍Lillehammer

🔗 Les meir og meld deg på her.


NU-helga 2026
Til hausten blir NU-helga i Trondheim med BUL Nidaros som lokalt vertskap og samarbeidspartnar. Det blir ei helg med både fagleg og kulturelt program, kurs og landsrådsmøte. Detaljert program og invitasjon kjem etter sommaren.

📆 16.-18. oktober

📍Trondheim

🔗 Informasjon blir oppdatert her etterkvart.

📆 Dette skjer i 2026 📆
21.-26.juli: BARNLEK2026 (Raseborg, Finland)

1.-2.september: Fagdagane i bunad og folkedrakt (Fagernes)

18.-20.september: Basiskurs i leiing og regi (Lillehammer)

14.oktober-11.november: Bunadskurs: sy skjorta di sjølv (Oslo)

30.oktober-1.november: FolkLeiarUng-samling

Du finn alltid den nyaste informasjonen om Noregs Ungdomslag sine arrangement på ungdomslag.no.

Du fekk denne e-posten fordi du har meldt deg på Noreg Ungdomslag sitt nyheitsbrev. Meld deg ut eller endre påmeldinga di her.

Verktøykasse Har du spørsmål om drift av nabolagshus?I verktøykassa finner du eksempler og maler på blant annet:Planlegging, økonomi, samarbeid, vedlikehold og kommunikasjonVi anbefaler å bla gjennom hele kursrekka, men om du vet hva du lurer på kan du godt klikke deg rett dit.Vi blir glad f...

09/06/2026

Lagsnytt fra Noregs Ungsomslag 09.06.2026

Logo
Newsletter

Sommar, kurs og søknadsfristar – dette skjer framover
Dette nyheitsbrevet går ut til alle som er registerte tillitsvalte i lokal- og fylkeslag. Om det er informasjon i nyheitsbrevet som er aktuelt for andre, send det gjerne vidare.

Juni har lagt seg som eit lysare lag over dagane, med lengre kveldar, grønare natur og litt meir rom for å la tankane få vandre. I ungdomslaget er det akkurat sånn vi håper det kan vere: ein stad der idear får vekse i sitt eige tempo, der fellesskap gir både energi og retning, og der engasjement får blomstre i smått og stort.

I dette nyheitsbrevet får du mellom anna lese om momskompensasjon, med nettmøte for deg som ønskjer ei god innføring før søknadsfristen 1. juli. Du kan også bli me digitalt kurs i teatersminke, eller tipse aktuelle deltakarar om FolkLeiarUng, som no er lyst ut igjen. I tillegg løfter vi fram fleire arrangement til hausten, frå fagdagar og kurs til NU-helg i Trondheim.

Takk for alt de legg ned av innsats. Saman held vi liv i aktivitetar, møteplassar og tradisjonar som betyr mykje for mange. Vi håpar dette nyheitsbrevet gir deg både inspirasjon, nyttig informasjon og kanskje eit lite puff til nye tankar på vegen vidare.

God lesing, og god sommar i emning! 🌸🌿

Momskompensasjon 2026
Vi har opna for at laga kan søkje om momskompensasjon for rekneskapsåret 2025.

Er det fyrste gong du skal sende inn søknad? Då kan vi tilrå deg å delta på eit av nettmøta våre der vi går igjennom steg for steg korleis søke om momskompensasjon:
📆 15.Juni kl. 20:00 | 16. juli kl. 12:00
🔗 Du kan melde deg på nettmøte her.

Søknadsfrist 1. juli.
Les om korleis søke momskompensasjon her.

FolkLeiarUng 2026/2027
Neste runde med FolkLeiarUng er no lyst ut. Søknadsfristen er 27. august.

FolkLeiarUng er eit prosjekt for unge folkedansarar- og musikarar mellom 15 og 25 år. I løpet av to samlingar og rettleiing undervegs får deltakarane inspirasjon og kunnskap om rolla som instruktør. Det er viktig at laget som deltakaren er medlem av er med som støttespelar i prosjektet.

Les meir og søk her.

Frivilligdrivne kulturbygg samla organisasjonar til fagsamling
Frivilligdrivne kulturbygg stod i sentrum då organisasjonar møttes til fagsamling 2. juni. Her vart erfaringar delt, utfodringar løfta og vegen vidare for betre rammevilkår drøfta. Kvifor er desse husa så viktige for lokalsamfunna, og kva skjer no vidare?

Les om samlinga i saka her.


Nettkurs: teatersminke
Bli med på digitalt kurs i teatersminke med spesialeffektsminkør Elisabeth Mainy. Her får du ei innføring i grunnleggande teknikkar for sminke til scene. Kurset er ope for alle som er interessert; er du medlem i NU er det og heilt gratis.

📆 16. juni kl. 18:30-20:30

🔗 Les meir og meld deg på her.

Fagdagane i bunad og folkedrakt
Tid for påfyll og inspirasjon for dei bunadsinteresserte! Årets tema er detaljane som fullfører bunaden: frå sko til tilbehøyr. Her møter du fagfolk og andre med same engasjement. Det pleier å bli fort fult, så meld deg på før det er forseint!

📆 1.- 2. september

📍Fagernes

🔗 Les meir og meld deg på her.


Juniorinstruktørkurs
Er du ung og nyskjerrig på instruktørrolla? På dette instruktørkurset kan du lære korleis du leier og inspirerer barn i dans. Kurset gir både dansereportoar og gode pedagogiske verktøy.

📆 12.- 13. september

📍 Voss

🔗 Les meir her.

Basiskurs i leiing og regi
Bli med på basiskur si leiing og regi under Teaterdagane, med Shwan Wahed. Kurset gir ei praktisk innføring i rolla som instruktør og i arbeidet mot ei framsyning. Teaterdagane blir arrangert av Norsk Amatørteaterforbund, men alle NU-medlemmar får medlemspris på alle kurs. 10% rabatt ved påmleding før 1. juli

📆 18.- 20. septemer

📍Lillehammer

🔗 Les meir og meld deg på her.


NU-helga 2026
Datoen for NU-helga 2026 er klar. Hald av datoen og bli med på ei helg med fagleg påfyll, kurs og gode møte med engasjerte ungdomslagsfolk frå heile landet. Ein arena for nettverk, idéutveksling og fellesskap. Det blir og landsrådsmøte denne helga for alle fylkeslagsleiarane.

📆 16.-18. oktober

📍Trondheim

🔗 Informasjon blir oppdatert her etterkvart.

📆 Dette skjer i 2026 📆
15. og 16. juni: Nettmøte om momskompensasjonsordninga (digitalt)

16. juni: Nettkurs i teatersminke (digitalt)

29.juni-3.juli: Sommarleir (Ulsteinvik)

21.-26.juli: BARNLEK2026 (Raseborg, Finland)

1.-2.september: Fagdagane i bunad og folkedrakt (Fagernes)

18.-20.september: Basiskurs i leiing og regi (Lillehammer)

14.oktober-11.november: Bunadskurs: sy skjorta di sjølv (Oslo)

30.oktober-1.november: FolkLeiarUng-samling

Du finn alltid den nyaste informasjonen om Noregs Ungdomslag sine arrangement på ungdomslag.no.

Hold deg oppdatert

Facebook
Instagram

17/05/2026
17/05/2026
17/05/2026

Opptreden på Gruben sykehjem 🇧🇻💕

09/05/2026

Lagsnytt frå Noregs Ungdomslag 8. mai 2026

Logo
Newsletter

Kurs, møte og mange andre gode arrangement
Dette nyheitsbrevet går ut til alle som er registerte tillitsvalte i lokal- og fylkeslag. Om det er informasjon i nyheitsbrevet som er aktuelt for andre, send det gjerne vidare.

Endeleg er våren skikkeleg i gong. Vi ønskjer dykk ein fin mai, anten det er med våronna, stryking av bunadsskjorta eller vårdugnad på ungdomshuset.

I denne utgåva av Lagsnytt kan du blant anna lese om alt spennande som skal skje framover i organisasjonen; både med hussamling, dansekurs eller bunadsskjortesaum.

Folkedans der vi bur
Noregs Ungdomslag har fått tilskot frå Sparebankstiftelsen DNB til eit pilotprosjekt om folkedans med ungdom. I første omgang er det lokal- og fylkeslag i det geografiske nedslagsfeltet til stiftinga som kan søkje om å få vere med i pilotprosjektet. Kan ditt lag tenkje deg å starte eller auke folkedansaktivitet for ungdom i dykkar nærmiljø?

Ta kontakt med kulturrådgjevar Rita på e-post ([email protected]) for meir informasjon.

Søknadsfrist 31. mai kl. 23:59.

Send inn søknad her.

Momskompensasjon for 2025
Informasjon om årets runde for søking på momskompensasjon er rett rundt hjørnet. Men det kjem til å vere nokre endringar i forskrifta, som gjer at vi ventar med å opne årets søknadsskjema til Lotteri og Stiftelsestilsynet har oppdatert sine sider.

Søknadsfristen kjem til å vere 1. juli.

Fagsamling for frivilligdrivne kulturbygg
📆 2. juni kl. 09:00-21:00

📍 Oslo

Velkomen til fagsamling om frivilligdrivne kulturbygg på Nynorskens hus i Oslo. Samlinga er retta mot nasjonale organisasjonar som eig, har lokallag som eig eller på anna vis har interesse for frivilligdrivne kulturbygg. Målet er å dele erfaringar, løfte felles utfordringar og diskutere korleis me saman kan påverke den vidare oppfølginga.

Påmeldingsfrist 31. mai.

Les meir og meld deg på her.


Hussamling på Gol
📆 3. juni kl. 19:00-21:00

📍 Gol i Hallingdal

Huset i Bygda inviterer til den aller første hussamlinga på Austlandet – på Gol i Hallingdal. Me byr på gode samtalar, nyttig kunnskap og inspirasjon til vidare arbeid med huset ditt.​

Påmeldingsfrist 31. mai.

Les meir og meld deg på her.

Sommerleiren 2026
Det er framleis mogleg å melde seg på årets sommarleir!

📆 29.juni - 3.juli

📍Ulsteinvik

Vi har framleis ledige plassar på kursa på Sommarleir og har utvida fristen til fredag 15.mai.
Kanskje lokallaget eller fylkeslaget ditt gir støtte til medlemmar som reiser på leir? Sjekk ut!
Meir informasjon om Sommarleir og påmelding finn du her.


Fagdagane i bunad og folkedrakt
📆 1.-2. september

📍Fagernes

Fagdagane i bunad og folkedrakt er eit årleg arrangement som trekker til seg bunadsinteresserte frå heile landet. Tema for Fagdagane 2026 er Tett på tradisjonen - strømper, sko og tilbehøyr. Som deltakar får du med deg gode foredrag og kurs knytt til temaet, i tillegg til varemesse og festmiddag. I fjor vart det venteliste og fleire som ikkje fekk plass, så det er lurt å vere tidleg ute med å melde seg på.

Les meir og meld deg på her.

Juniorinstruktørkurs
📆 12.-13. september

📍Voss

Juniorinstruktørkurs i folkedans passar for deg som er ungdom eller ung vaksen og er ny i rolla som instruktør for barn.

Påmeldingsfrist 25. august.

Les meir her.


Basiskurs i leiing og regi
📆 18.-20. september

📍Lillehammer

Basiskurs i leiing og regi (teater) med Shwan Wahed under Teaterdagene på Lillehammer. Teaterdagene er ein årleg festival med forestillingar og kurs, som Norsk Amatørteaterforbund (NATF) arrangerer. I år samarbeider vi om eitt av kursa.
NU-medlemmar får medlemspris på alle kurs. Meld deg på med NATF sin medlemspris. 10% rabatt ved påmelding før 1.juli.

Påmeldingsfrist 18. september.

Les meir og meld deg på her.

Sy skjorta di sjølv
📆 frå 14. oktober

📍 Oslo

Er du under 26 år og kunne tenkje deg å lære å sy di eiga bunadsskjorte?
Bunadtilverkar Barbro Storlien held kurs i Oslo til hausten i samarbeid med oss i NU. Kurset går over fire kveldar og ei helg i oktober/november. Det er avgrensa med plass på kurset, men du kan melde deg på allereie no.

Påmeldingsfrist 25. september.

Les meir og meld deg på her.

06/05/2026

BUL MO har siste dansekveld 12.mai.
Vi starter opp igjen 01.09.2026, kl 1900, på Fyrhuset Selfors.
Velkommen da , gamle og nye medlemmer.

Adresse

Mo I Rana
8610

Åpningstider

18:00 - 21:30

Telefon

+4791325831

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Bul Mo legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Bul Mo:

Snarveier

Del