06/06/2026
♥️
Midt i slummen i Nairobi finst det ein liten stad med eit stort hjarte: Little Heaven-barnehagen.
I dag har vi 20 barn hos oss. Måndag opnar vi dørene for 10 nye små – barn som treng ein trygg stad å vere medan mødrene deira jobbar, leitar etter arbeid eller prøver å skape ein betre kvardag for familien sin.
For mange av desse barna betyr Little Heaven meir enn berre barnehage. Det betyr mat. Omsorg. Leik. Læring. Trygge vaksne. Eit fang å sitje på. Nokon som ser dei.
Her får barna vere barn.
Vi jobbar no med å få på plass all nødvendig dokumentasjon, helseopplysningar, vaksinasjonsstatus og papirarbeid, slik at dei nye barna kan starte trygt hos oss på måndag. Nokre familiar manglar fødselsattestar og andre viktige dokument, og vi hjelper dei vidare – steg for steg.
Little Heaven er ikkje stort. Men for barna og familiane deira kan det bety alt.
Når ei mor veit at barnet hennar er trygt, får ho moglegheit til å arbeide. Når eit barn får mat, omsorg og læring, får det ein betre start. Når eit lite menneske blir møtt med varme og verdigheit, blir framtida litt lysare.
No gler vi oss stort til å ta imot dei 10 nye barna.
Tenk at ein liten barnehage i Nairobi kan vere eit lite himmelrom midt i ein krevjande kvardag♥️
Vil du være med å sikre desse barna ein god oppvekst? Link til å bli fadder finner du i første kommentarfeltet.
Om du ikkje har mulighet å forplikte deg månedlig så kan du vippse eit eingangsbeløp til Heimstadkjær i Midsund, vipps nr 107482 - så går 100% til Little Heaven Daycare Centers♥️
Å ved å dele innlegget så når vi enda fleire. Takk♥️
https://nsp-aid.com/barnehage-i-slummen/