25/08/2025
OVER 500 GJEKK BJØRN WEST-MARSJEN
Strålande vær, mykje folk i løypene, mykje folk på arrangementa i Stordalen, naturglede, alvor for historia som er knytt til fjellstova og fjella ikring, flott korsong, viktige tankar frå presten, god mat, mange friviljuge, kulturpris, gode samtalar og gamle kjende.
Dette er noko av det som oppsummerer Bjørn West-marsjen 2025.
Langtidsvarsel med gode meldingar gjorde sitt til at det igjen var over 500 som gjekk ei av dei to løypene.
298 den lange og 209 den korte.
Det er gledeleg. I tillegg var det ein god del som møtte opp til arrangementa ved fjellstova.
Det var gode tilhøve i løypene, og det vart ikkje registrert alvorlege skadar. Stemninga var god, og langs heile løypa var større og mindre grupper med turgåarar som anten koste seg med nistepakka, kaffi eller berre strekte seg godt ut og kvilte i lyngen.
Som vanleg var Nordhordland røde kors til stades. Ekstra imponerande all den tid mange av dei hadde vore ute på redningsaksjon på Ådneburen store deler av natta.
I år gjekk politimeister Ane Kvaal marsjen med mange kollegaer. Distriktssjef i HV-09, Asbjørn Lysgård stilte også med fleire frå HV-09. Bjørn West Museet - Museum Vest hadde også i år ansvar for guiding gjennom den lange marsjen. Geir Hitland og Arnold. Me hadde også fått med kunnskapsrike Per Helge Martinsen frå Bergen.
HV-09 har lang tradisjon med å ta del i Bjørn West-marsjen – både før og under. Innsatsstyrke Bjørn West arrangerte også Fredrik Kayser`s minneløp – for 9. gong.
I Stordalen hadde prest Thorbjørn Sæle friluftsgudsteneste. Han hadde «sjølvsagt» gått den korte marsjen før seremonien.
Songkoret Spleis stor for den musikalske underhaldninga under leiing av Boris Kuprianov.
I forkant av minneseremonien vart Masfjorden kommune sin kulturpris delt ut. Det gleda nok mange at det var mangeårig «general» for Bjørn West-marsjen Birger Wergeland som fekk prisen. Har vore den viktigaste grunnen til at Bjørn West-marsjen vart arrangert for 43`gong – og framleis er eit godt og aktuelt arrangement. Gratulerer Birger. Prisen vart utdelt av ordførar i Masfjorden Erlend Kvamsdal.
Til slutt var det minnetale og kransnedlegging ved ordførar Erlend Kvamsdal. Innsatsstyrke Bjørn West stod æresvakt.
Takk til Stordalen Fjellstove som alltid tek i mot alle på Bjørn West-marsjen med opne armar – og serverer gode kjøttkaker – nett slik dei 8 utsvoltne Bjørn West-karar fekk ein sein uværskveld i februar 1945.
Takk til bussjåførane som køyrde veteranbussane med stødige hender på smale fjellvegar.
Takk til dei friviljuge som held marsjen i gang, og i det stille gjer ein uvurderleg jobb frå tidleg morgon til seine kveld.
Det er i år 80 år sidan krigshandlinga rasa i Matrefjella, nett der over 500 marsjdeltakarar i dag kunne gå med senka skuldre og nyta den spektakulære naturen, og nett her med har minneseremonien.
76 år gamle Torgeir Stordal vart skoten og brent i sin eigen heim - medan seks unge Bjørn West-soldatar vart drepne under kamphandlingane.
Det er også 80 år sidan me vann freden attende og 2. verdskrigen var over. Gleda var stor.
Med ei uroleg og uoversiktleg verd, er det viktigare enn nokon gong å stå opp for fred, fridom, demokrati, ytringsfridom, menneskerettar og menneskeverd. Det er kvar og ein av oss sitt ansvar.
Takk for at du tok del og gjorde ditt til at den 43` Bjørn West-marsjen vart eit flott og verdig arrangement.
Velkomen attende til den 44`Bjørn West-marsjen 23. august 2026.
Tekst og bilete: Arnold Matre - Bjørn West-museet. (diverre kom han for seint inn til å ta bilete av gudsteneste og konsert. Her finn du bilete hjå Avisa Nordhordland og Strilen)