Solheim Grendahus

Solheim Grendahus Solheim Grendahus SA er eit samfunnshus som ligg på Solheim i Masfjorden kommune. Historia bak huset

Solheim Grendahus er eit hus for alle høve.

Her kan ein ha dansefest, lukka lag, feira bursdag, ha brudlaup, samla pensjonistar, ha konfirmasjonsfest, feira barnedåp, ha minnestund etter gravferd og ellers alt som er mogleg å tenkja seg. Soga om huset startar allereie i 1937, då ei arbeidsnemnd vart sett ned for å freista setja opp eit forsamlingshus i krinsen. Gjennom fleire forsøk og med fleire arbeidsgrupper, vart det eit endeleg gjennom

brot i 1964. Då vart Solheim Grendahus LL skipa, laget som skulle stå som eigar av huset. Etter mykje dugnadsarbeid, basarar, korgefester, søknadar om stønad, banklån og privatlån, stod huset ferdig i 1968. Det hadde då kosta 312.000,- kroner å få det opp. Opningsfesta var 17. mai 1968 og det vart feira 50 årsjubileum i 2018. (kjelder: Fjon frå Fjell til Fjord/Kjartan Sandnes)

8 april på Solheim grendahus!! Håpar me ser deg då 👍🏻 billettar kjøper du entn på nett på førehand, eller med vipps/kort...
14/03/2026

8 april på Solheim grendahus!! Håpar me ser deg då 👍🏻 billettar kjøper du entn på nett på førehand, eller med vipps/kort/kontant når du kjem. enkel kiosk med drikka og litt snacks har me og. same betalingsalternativ der 👍🏻

KINO!!!! Onsdag 11 mars er det på  ny kino på solheim! underhaldning for både liten og stor! Havfolket har fått gode til...
03/03/2026

KINO!!!!
Onsdag 11 mars er det på ny kino på solheim!
underhaldning for både liten og stor!
Havfolket har fått gode tilbakemeldingar, håpar på godt oppmøte denne kvelden og 🤩

08/02/2026

gjengen som styrer solheim grendahus vil takka alle som tok turen til solheim på kraken-premiere 🥳
omlag 250 selde kinobillettar, og kjempe oppmøte på premierepub etterpå 🥳🥳🥳
Det gjev god motivasjon til å fortsetta arbeidet vårt når folk stiller opp!!
ynskjer samstundes alle ein fin mors dag!

Kraken premiere pub!! etter siste kinoframsyning, omlag kl 22, vert det pub kveld på solheim grendahus! 16 års aldersgre...
25/01/2026

Kraken premiere pub!!
etter siste kinoframsyning, omlag kl 22, vert det pub kveld på solheim grendahus!
16 års aldersgrense, 18 års grense for alkohol.
her vert salg av øl, cider, vin og ulike alkoholfrie alternativ. litt å bita i kan du få kjøpt og.
salg av kinobillettar er no opna på bygdekinoen.no

Kino på Solheim no på onsdag!! enkel kiosk. tek både vipps og kort 👍🏻 sjåast på kino!
10/01/2026

Kino på Solheim no på onsdag!! enkel kiosk. tek både vipps og kort 👍🏻 sjåast på kino!

Set av datoen 6 februar til premierefest på Solheim grendahus!! Kraken har premiere 6 februar, og sjølvsagt vert da då f...
23/12/2025

Set av datoen 6 februar til premierefest på Solheim grendahus!!
Kraken har premiere 6 februar, og sjølvsagt vert da då framsyning på solheim grendahus som var «basen» deira under innspelinga på og rundt Solheim!
premierefest vert da sjøvsagr, både for liten og stor, detaljar her kjem når da nermar seg!

siste kino på solheim før jul! kveden startar med ein julefilm for dei yngste, før me avsluttar med filmen fotografen. D...
28/11/2025

siste kino på solheim før jul!
kveden startar med ein julefilm for dei yngste, før me avsluttar med filmen fotografen. Dokumentaren om Henning Wernøe som blandt anna var ein del av Bjørn West.

12/11/2025

Julemessa på Solheim grendahus 23 nov! dørene opnar kl 12, salg frå kl 13-17!

Husk Kino på solheim i morgon onsdag!!!
04/11/2025

Husk Kino på solheim i morgon onsdag!!!

Kino på Solheim Onsdag 5 nov! sjåast dar!
29/10/2025

Kino på Solheim Onsdag 5 nov! sjåast dar!

Håpa me ser deg på solheim 8 november 👍🏻
29/10/2025

Håpa me ser deg på solheim 8 november 👍🏻

10/10/2025

Laurdag 8 nov vert det ny «mimrekveld» på grendahuset. Temaet i år vert handel /butikkdrift i indrefjorden. har du bilder, ting, info, frå bygdene, kontakt kjartan sandnes! (meir info om kvelden kjem, men set av datoen! )

Adresse

Solheimsneset
Masfjorden
5983

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Solheim Grendahus legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del