Solvang Grendahus

Solvang Grendahus Manger Ungdomslag er eit frilynt lag for meiningsfylte og allsidige fritidsaktivitetar. Ungdomshusa vart viktige grendahus og kulturhus i sine områder.

Manger Ungdomslag (MUL)

Ungdomshusa vaks fram rundt 1905 og hadde si største blomstringstid i 1920- og 30-åra. Ungdomslagshusa var og er ikkje berre klubbhus for skrivne lagsmedlemmer. Laget eig ungdomshuset Solvang og hovedoppgåva er å skaffe inntekter til drift av huset. Laget skal være ein aktiv medspelar i utviklinga av eit levande og godt nærmiljø for alle som bur på Manger og omegn. Manger

Ungdomslag ynkjer å skape eit betre lokalsamfunn gjennom meiningsfylte kulturaktivitetar. Det er medlemene som gjennom årsmøtet vedtar arbeidsprogram og budsjett, godkjenner årsmeldingar og rekneskap, fastset kva politiske standpunkt ungdomslaget kan ta, og som vel kven som skal styre laget. Ungdomslaget har vedtekter som medlemene har bestemt, som fortel kva føremålet til laget er og som legg rammene rundt engasjementet og aktiviteten i laget. Manger Ungdomslag er eigar og driftar av ungdomshuset Solvang. Drifta vert gjort på dugnad. Trivelege samlingstader er eit vilkår for all sosial og kulturell verksemd i bygd og by. Dessutan er dugnad engasjerande og samlande for dei som er med. Solvang vart bygd i 1919. Huset har vorte utvida, det har vorte laga parkeringsplas utanfor, samt pussa opp innvendig fleire gongar i løpet av alle desse åra. Siste oppussing var sommaren 2014 der heile huset innvendig, utanom kjøkkenet vart pussa opp. Nye vindauge, delvis ny kledning og ny farge utvendt, i tillegg til ein stor terrasse på oppsida av huset. Huset framstår no som ein flott plass å arrangera ulike tilstelningar. Huset vert brukt til aktivitetar i regi av MUL men vert også leigd ut til bryllaup, barnedåp, åremålsdagar, konfirmasjonar, kurs, møter etc. Salen er ca 110m2 og det er stolar/bord/ dekketøy til ca 85 pers. Solvang har ein scene på 30m2 med tilhørande scenerom. Huset har tilkomst for rullestolbrukarar og handikapptoalett.

Adresse

Mangersnesvegen 81
Manger
5936

Telefon

+4793866060

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Solvang Grendahus legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Solvang Grendahus:

Snarveier

Del