Lom friviljugsentral

Lom friviljugsentral Facebooksida for Lom friviljugsentral

13/10/2025
🎨 Ny runde med tegnekurs for ungdom! ✏️Vi er klare for en ny og kreativ sesong med tegnekurs for ungdom sammen med Arna ...
08/10/2025

🎨 Ny runde med tegnekurs for ungdom! ✏️

Vi er klare for en ny og kreativ sesong med tegnekurs for ungdom sammen med Arna Renann!
Her får du utforske tegneteknikker, prøve nye uttrykk og utvikle ditt eget kunstneriske blikk – uansett om du er nybegynner eller har tegnet lenge.

🗓 Oppstart: Mandag 13. oktober kl. 15.00
📍 Sted: Lom friviljugsentral
👩‍🎨 Instruktør: Arna Renann

Ta med godt humør, nysgjerrighet og lysten til å skape – dette blir gøy! 💫

👉 Meld deg på nå, og bli med i et inspirerende fellesskap for unge tegnere.
Vi gleder oss til å se deg!

Fredag 26. september samla vi oss til eit triveleg fredagstreff på frivilligsentralen. Stemninga var på topp då Terje Lu...
26/09/2025

Fredag 26. september samla vi oss til eit triveleg fredagstreff på frivilligsentralen. Stemninga var på topp då Terje Lunna og Mads Erik Odde spela opp på toradar – med ekte spelglede og energi.

Musikken sette fart i føtene, og jammen vart det eit par som tok seg ein dans midt i kaffikoppen. Slike augeblikk gjer dagen ekstra festleg!

Vi kosa oss òg med god mat, kaffi og ikkje minst hyggeleg prat rundt borda. Tusen takk til alle som møtte opp og var med på å skape ein varm og livleg dag på sentralen. 💛

🌸 Veke 37 på Lom frivilligsentral 🌸Måndag 08.09🧶 11.00: Bundingen strikkegruppe – Ta med deg bundingen og bli med på tri...
08/09/2025

🌸 Veke 37 på Lom frivilligsentral 🌸

Måndag 08.09
🧶 11.00: Bundingen strikkegruppe – Ta med deg bundingen og bli med på triveleg lag. Kaffe og biteti har vi òg!

Tysdag 09.09
👶 11.00: Småbarnskafé – Ta med deg dei unge lovande på treff!
☕ 11.00: Kaffebesøk på Lom helseheim
🌍 13.30: Språkkafé med ungdomar

Torsdag 11.09
💪 11.00: Aktiv saman, Lom! Sosial treff, sirkeltrening med fysioterapeut, lunsj og kaffe. Oppmøte i Presthaugen.

✨ Me treng fleire frivillige som kan vere med på kaffebesøk på Lom helseheim tysdagar. Dette er ei koseleg stund der ein får møte både bebuarar og tilsette – og du kan gjere ein stor forskjell berre med å stille opp med eit smil og ein kaffikopp.

Har du lyst til å bli med? Ta kontakt med oss på Lom frivilligsentral 💚

Fyrste fredagstreff etter sommarferien på Lom frivilligsentral!Fredag 29. august hadde vi eit flott og stemningsfullt fr...
29/08/2025

Fyrste fredagstreff etter sommarferien på Lom frivilligsentral!

Fredag 29. august hadde vi eit flott og stemningsfullt fredagstreff på Lom frivilligsentral. To dyktige jenter frå Lom og Skjåk kulturskule, Elise Fyrun og Ingrid Turtum Vang, spelte seks fine leiker på fele som alle sette stor pris på. 🎻

Bjørn Ola Aukrust leste eit sjølvskrive dikt som rørte mange av oss med sine sterke og vakre ord. 📖

Som vanleg hadde vi også åresalg med mange flotte gevinster, og stemninga var på topp! 🎉

Tusen takk til alle som kom og gjorde dagen så triveleg – vi gleder oss allereie til neste fredagstreff!

Sjå bileta frå dagen under – her er det mykje glede og engasjement! 📸✨

🎉 Ny veke hjå Lom frivilligsentral – veke 35 🎉Velkomen til ei koseleg og innhaldsrik veke med noko for ein kvar smak! He...
24/08/2025

🎉 Ny veke hjå Lom frivilligsentral – veke 35 🎉
Velkomen til ei koseleg og innhaldsrik veke med noko for ein kvar smak! Her er kva som skjer:

🧶 MÅNDAG 25.08 kl. 11.00
Strikkegruppe – Ta med deg strikketøyet og bli med på hyggeleg samvær med kaffe og noko godt attåt!

👶 TYSDAG 26.08 kl. 11.00
Småbarnskafé – Kom innom med dei små og treff andre småbarnsfamiliar! Kaffe og biteti.

💪 TORSDAG 28.08 kl. 11.00
Aktiv saman, Lom! – Sirkeltrening med fysioterapeut, sosialt samvær og lunsj.
📍 Oppmøte i Presthaugen!

🎭 FREDAG 29.08 kl. 11.00
Fredagstreff med underhaldning frå Lom og Skjåk kulturskule, åresal og sjølvsagt: kaffe, te og biteti!

💚 Del gjerne og ta med ein venn – alle er hjarteleg velkomne!

17/08/2025

Opning av Jotunheimen privatistskule ❤

Eg, som dagleg leiar ved frivilligsentralen – men fyrst og fremst mor til ein 1.–klassing – har den store glede å delta ved opninga av Jotunheimen privatistskule i morgon, den 18. august 2025. Dette er eit historisk augeblikk, fødd av eit sterkt engasjement frå bygdefolket.😍

Kampen for å behalde skule i Lom har vore intens. Lokalsamfunnet mobiliserte, og ein samla inn heile 60 millionar kroner for å sikre drift av skulen i minst tre år – eit klart signal på kva skulen betyr for oss . Dette handlar ikkje berre om tal; det handlar om å trø for barna våre kan bu heime, lære nær sine vener, og kjenne tryggleik i kvardagen.

For foreldra – og særleg dem som såg moglegheita for lokalt skuletilbod for våre ungdommar– er dette ei letting utan like. Ingen skal måtte sende barnet sitt på lang reise eller over natta til ein annan stad. Å vite at barnet vårt kan gå på skulen i Lom, med kjære vener og trygge vaksne, betyr alt.

Som dagleg leiar ved frivilligsentralen vil eg nemne at Lom frivilligsentral har bundingen strikkegruppe denne dagen, så dørene våre er sjølvsagt opne. Samstundes veit eg at mange vil vare en del av folkefesten i Utgard i samband med skuleopninga. Då er det heilt greitt å la strikkepinnane liggje for ein dag – det viktigaste er at vi møtest og feirar saman.🧶

Denne skulen er meir enn murar og undervisning – ho er eit symbol på kva som skjer når eit lokalsamfunn står saman. At eg, som mor, kan sjå framtida tryggare for barnet sitt, og at ein samstundes får skule, vener og heim i same nærmiljø – det vert eit hjarteleg teikn på at samfunnet lever og blomstrar.💐

Eg ser fram til morgondagen med stoltheit og lettelse, forventing og glede – og eg gler meg til å dele denne store dagen med alle dere. 💖

Adresse

Bergomsvegen 31
Lom
2686

Åpningstider

Mandag 09:00 - 15:00
Tirsdag 09:00 - 15:00
Onsdag 09:00 - 15:00
Torsdag 09:00 - 15:00
Fredag 09:00 - 15:00

Telefon

+4790182957

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Lom friviljugsentral legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Lom friviljugsentral:

Del