21/03/2026
80 startande på klubbmeisterskapet på Raubergstulen i dag🇧🇻
Tusen takk til alle som kom og alle som hjelpte til! Ein triveleg dag på Raubergstulen og ei fin avrunding av langrennssesongen 2026, med pokalutdeling etter rennet.
Takk til Coop Prix Bøverdalen, SpareBank 1 Lom og Skjåk, Ottadalen Mølle SA, Fossberg Hotell, Skogstad Lom og Europris Lom for fine premiar til loddtrekninga. Takk til TINE Meieriet Lom og Skjåk som sponsa fersk raudost til alle som gjekk skirenn i dag😊
Takk til Raubergstulen som nok ei gong stilte med lokale både under klubbmeisterskapet og dei siste ordinære skirenna!
Dei som ikkje fekk høve til å vere med på utdeling av pokal for sesongen 2026 i dag kan kontakte Ragnhild Sjurgard for henting i Grov: [email protected]
Gjengen i skigruppa vil til slutt rette ein STOR takk til alle friviljuge, løypekøyrarar og sponsorar som har vore med oss gjennom sesongen🤩