23/08/2025
Teodor samlagsmester kl. rekrutt!! 🥳
I dag var det duka for samlagsstevne hjå Fana skyttarlag
Lindås stilte med 9 håpefulle, jevnt fordelt mellom 100 og 200 meteren.
Det var dei yngste som gjorde best, og Frida, Hedda og Teodor kvalifiserte seg alle til finalen.
Frida hadde 249 på innledande skyting og skaut ein god finaleomgang, men dessverre var den litt skeiv og ho enda da på 95, og 344 totalt.
I rekruttfinalen hadde Hedda skive 2 og Teodor skive 3 etter hhv. 240 og 238 på innledande skyting.
I varierande vind er det aldri lett å skyta med .22, men begge to håndterte forholda bra.
Når anvisninga for alle var ferdig viste den at Teodor og Hedda med hhv. 97 og 95 gjekk heilt til topps med sine 335 poeng, men med fleire inner i finalen vart det Teodor som gjekk av med seieren, og kan kalla seg samlagsmester i kl. R!🥇
På 200m var det ”kun” Idar som kvalifiserte seg til finalen, med 241 innledande.
Han gjorde ingen feil i finalen og leverte 100 solide poeng.
Klatra nokon plassar på listene, men totalen var ikkje nok til å gå heilt til topps.
Lindås stilte også med lag på lagskytingen, og der også var dei yngste best.
Uten juniorskyttar stilte både Frida og Teodor sporty opp og skaut juniorprogrammet (6 skudd kne og 4 ligg), som gjorde at Lindås kunne stille med to lag på lagskyting 100m, noko som er mange år sidan sist var mulig
I eit skyteprogram ho normal ikkje skyt, klinte Frida til med 100 med 7 inner, og var dermed best av alle som skaut junioretappen på lagskytingen!
Alle resultat her:
https://res.megalink.no/event/fana-skl/StartFrame.htm