Miljøpartiet dei grøne Stord

Miljøpartiet dei grøne Stord Den offisielle sida til Miljøpartiet dei grøne Stord

Sidan eg (John Tonnessen) forlet Facebook, og eg er hovudadministrator av denne sida så sletter eg den.Då eg først fekk ...
23/01/2025

Sidan eg (John Tonnessen) forlet Facebook, og eg er hovudadministrator av denne sida så sletter eg den.
Då eg først fekk Facebook var det ein kul måte å kople seg opp til vener og kjente. Etter kvart blei det ein måte å nå folk med eit politisk bodskap. No har det i staden blitt ein plass for spreiing av løgn, av propaganda, feilinformasjon og reklame. Me veit at Meta har manipulert oss, me veit at dei styrer kva folk får i feeden sin, og me veit at dei ikkje ønskjer oss vel.
Eg har lenge unngått dette mediet, men utsatt å kvitte meg heilt med det fordi eg då vil miste messenger som eg nyttar dagleg til å halda kontakt med folk. Men prisen er blitt for høg, Meta har blitt for ondsinna, og dei har no gått i fascismens teneste. Om du trur dette er konspirasjonsteoriar så er du fri til å tru det, men eg har studert historie heile mitt liv, og eg har aldri sett tydlegare parallellar.

Og til deg som tvilar, det er fascistanes største ønske at dei ikkje blir teke seriøst, før dei har makt til å gjennomføre sin ondskap. Eit døme er det som var øverst i feeden til mdg Stord då eg logga inn for å skriva dette innlegget. Facebook er eit verktøy for å kontrollere folks tanker.

Kva nytta gjer Facebook i livet ditt i dag?

Adresse

Leirvik
5411

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Miljøpartiet dei grøne Stord legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Miljøpartiet dei grøne Stord:

Del