Nord-Aurdal Mållag

Nord-Aurdal Mållag Nord-Aurdal Mållag arbeider for å spreie kunnskap om dialekt og nynorsk, og er eit lokallag i Noregs Ved utgangen av 2021 hadde laget 113 betalande medlemmer.

Styret i Nord-Aurdal Mållag ser slik ut for perioden 2022-2023:

Leiar: Aud Søyland
Nestleiar og skrivar: Egil Heggen
Økonomiansvarleg: Bjørn Karsrud
Styremedlem: Torodd Lybeck
Styremedlem: Kirsten Onstad
Styremedlem: Liv Ulsaker
Varamedlem: Cecilie Solar
Varamedlem: Hildegunn Spjøtvoll
Varamedlem: Jenny Hole

Nord-Aurdal Mållag har lagskontor og lager i Gulbygningen på Leira. For spørsmål, kontakt:
Aud Søyland
990 37 584 / [email protected]
Sylvsmedvegen 44, 2920 Leira i Valdres

Me hadde ein flott kveld med Ingvild Bryn i Trykkeriet kulturarena/klynge 16. april, med over 100 tilhøyrarar som sette ...
28/04/2026

Me hadde ein flott kveld med Ingvild Bryn i Trykkeriet kulturarena/klynge 16. april, med over 100 tilhøyrarar som sette stor pris på foredraget og pianospelet hennar. Langsveien.no laga fin reportasje frå arrangementet.

ullt hus på Trykkeriet på Fagernes då Ingvild Bryn delte tankar om nynorsk, stoltheit og kefir – utan manus, med piano og allsong.Deloverskrifter til artikkelen:Ein rimeleg starstruck bladfyk– Er det betre med dårleg nynorsk enn ingen nynorsk?Nynorsk som person – og kva drikk hen eigentleg...

Ingvild Bryn kjem til Trykkeriet på Fagernes (Skrautvålsvegen 15) i kveld! Desse karane riggar stolar i salen, slik at f...
16/04/2026

Ingvild Bryn kjem til Trykkeriet på Fagernes (Skrautvålsvegen 15) i kveld! Desse karane riggar stolar i salen, slik at folk skal kunna setja frå seg kaffien og kaka dei får servert av bygdekvinnene i Ranheimsbygde, Ulnes og Åbjør. Alle er velkomne, dørene opnar kl. 18.30.

Kvitvella Forlag har runda tjue år, og jammen har det vorte tre nye bøker på lista vår i år. Kanskje ei aktuell julegåve...
30/11/2025

Kvitvella Forlag har runda tjue år, og jammen har det vorte tre nye bøker på lista vår i år. Kanskje ei aktuell julegåve for nettopp deg?

Bøkene får du kjøpt hjå Norli Fagernes, Norli Dokka og Valdres Folkemuseum. Du kan også bestille bøker på kvitvella.no eller ved å ringe Aud på tlf. 99 03 75 84.

60 å for nynorske bøkerHeilt sidan laget vart starta i 1964 har Nord-Aurdal Mållag arrangert bokkveldar og marknadsført ...
18/11/2025

60 å for nynorske bøker
Heilt sidan laget vart starta i 1964 har Nord-Aurdal Mållag arrangert bokkveldar og marknadsført nynorske bøker. Måndag 17. november var det ny bokkveld i regi av mållaget med Norli Fagernes og Nord-Aurdal folkebibliotek. 50 bokinteresserte publikummarar fylte plassane i biblioteket på Fagernes. Hovudforfattar var Jørgen Norheim, som presenterte og las frå den ferske romanen Olga Bjoners plass, utgitt på Det Norske Samlaget. Ei lesbar og interessant bok frå forfattaren som i 2002 vart nominert til Nordisk Råds litteraturpris.
Inger Marie Vingdal presenterte boka Budeiene – døtrer av naturen. Ei innhaldsmessig svært gjennomarbeidd, nydeleg illustrert og interessant bok om budeielivet frå 1850 og fram til i dag. Vingdal er kjend som dosent i kroppsøving. Ho har tidlegare gitt ut bøker om idrett og kroppsøving på bokmål, men årets bok er på nynorsk.
Torodd Lybeck viste bilete og presenterte den nyskrivne boka Brøtningsdammane – kulturhistoriske monument i Drammensvassdraget. Dette er den andre boka til Lybeck, utgitt på Kvitvella Forlag, forlaget til Nord-Aurdal Mållag. Boka har vorte teken imot med stor interesse i skogsområda i Oppland og Buskerud, og Torodd har vorte invitert til ei rekke bokkveldar og arrangement for å fortelja og brøtning og tømmerfløyting.
I tillegg til desse var fleire lokale forfattarar frampå. Etnedølen Ingeborg Solbrekken presenterte boka Landssvik og profitt, Nils Rogn fortalde om Årbok for Valdres med utvandringa til Amerika som tema, og Solbjørg Urnes Johnson kom frå Sogn og presenterte artikkelsamlinga Men over oss er himmelen, skriven av hennar avdøde mann, Georg Espolin Johnson. Johnson var son til tidlegare Hamar-biskop Alex Johnson og prost i Valdres frå 1988–2009.
Aud Søyland presenterte to av dei tre bøkene utgitt på Kvitvella Forlag i år, Det var bøkene På Halling, der ho har vore redaktør, og vitseboka Kva er vitsen av Ingar Ranheim, som gjekk bort i fjor haust. Ho fortalde også om ei svært spesiell bok om samane, som ho har omsett frå gammal dansk til moderne norsk. Boka var skriven av presten Knut Leem i 1767 og har tittelen Knud Leems beskrivelse over Finnmarkens lapper og handlar om samane sitt liv, tru, talemål og levemåte på den tida. No er boka gitt ut på nytt av Alta historielag.
Bokkvelden i Nord-Aurdal er ein gammal tradisjon som starta då laget vart starta for vel 60 år sidan. Den gongen var tilskipingane i samarbeid med Leira bokhandel. Rundt år 2000 vart det innleidd samarbeid med biblioteket på Fagernes og Norli Fagernes, og frå 2011 vart det heile ført vidare under namnet «Bok i Valdres».

Velkomen på bokkvelden 17. november!
09/11/2025

Velkomen på bokkvelden 17. november!

Flott lansering av boka om hallingmålet, På halling, i Ål kulturhus i går! Olav Randen og Aud Søyland presenterte boka, ...
24/10/2025

Flott lansering av boka om hallingmålet, På halling, i Ål kulturhus i går! Olav Randen og Aud Søyland presenterte boka, og nemnda som står bak boka, fekk rose og rosande ord av dei som har bestilt denne utgjevinga på Kvitvella Forlag: Ål og Hol Mållag, Gol Mållag og Hemsedal Mållag. Kvedargruppa til Gunnlaug Lien Myhr gav oss ei flott stund med vakker song, og deltakarar på dialektleiren til Hemsedal Mållag fortalde kvifor dei dreg på dialektleir år etter år. På toppen av alt delte Ål og Hol Mållag ut målprisen - til Hallingdølen. Der har dei halde nynorsk- og dialektfana høgt i alle år, så det var eit god val.

I oktober kjem Kvitvella Forlag med to nye bøker, i tillegg til boka om brøtningsdammane i Drammensvassdraget, som kom i...
08/10/2025

I oktober kjem Kvitvella Forlag med to nye bøker, i tillegg til boka om brøtningsdammane i Drammensvassdraget, som kom i juni.

Nytt no er boka om hallingmålet, På halling, som blir lansert i Ål kulturhus 23. oktober. Boka byggjer på Dialekt av hjartans lyst. Ei bok om valdresmålet, som kom på Kvitvella Forlag i 2023. På halling er laga i samarbeid med ei nemnd som er nedsett av mållaga i Hallingdal. Boka gir ei innføring i hallingmålet og i dialektbruk generelt, og ho inneheld ei ordliste på ca. 450 ord.

28. oktober blir det ny boklansering, på Valdres Folkemuseum. Denne gongen er det ei samling med vitsar og gode historier som blir presentert under tittelen Kva er vitsen?. Ingar Ranheim samla desse historiene og skreiv dei ned med god hjelp av dottera Ragnild. Bjørn Strand kåserer om læremeisteren sin, og me får høyre historier frå boka og musikalske innslag.

Tid for tømmer og brøtningsdammarSist veke var det bokslepp for Torodd Lybecks bok «Brøtningsdammane – kulturhistoriske ...
19/06/2025

Tid for tømmer og brøtningsdammar
Sist veke var det bokslepp for Torodd Lybecks bok «Brøtningsdammane – kulturhistoriske monument i Drammensvassdraget» på Valdres Folkemuseum. Lybeck viste foto av brøtningsdammane og signerte bøker til dei 40 som hadde møtt fram på lanseringa i regi av Kvitvella Forlag. Laurdag 21. juni kan du møte forfattaren og få sjansen til å kjøpe signerte bøker under kulturfestivalen Tid for tømmer på Hov i Søndre Land.
Kvitvella Forlag og forlagseigaren Nord-Aurdal Mållag takkar fleire instansar som har gitt pengestøtte til boka og bidrege til realisering av bokprosjektet: Sparebankstiftelsen Hallingdal, Foreningen til Bægnavassdragets Regulering, Valdres Energi, Olav Kirkevolls minnefond, Professor Mikjel Sørlie og fru Aslaug Sørlies legar til gransking av gamal Valdres-kultur, Nordre Land skogeierlag og Sigdal og Eggedal skogeierlag.
Boka er å få kjøpt gjennom alle bokhandlane i landet. Dei butikkane som førebels har boka på lager, er: Norli Fagernes, Valdres Folkemuseum, Norli Dokka, Lands Museum, Norli Gran på Smietorget, Norli CC Gjøvik, Norli Kuben på Hønefoss, Kistefos Museum, Norli Gol og Norli Ål.

Adresse

Sylvsmedvegen 44
Leira
2920

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Nord-Aurdal Mållag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Nord-Aurdal Mållag:

Del