Lavik skulemusikk

Lavik skulemusikk Lavik skulemusikk vart stifta i 1966. Korpset ved Sognefjorden har brassband-besetning. I jubileumsåret 2026, har korpset 32 medlemmer!

Vi takkar for varm velkomst i bygdene våre på nasjonaldagen!🇧🇻🎶🌞🌧Vi begynte i strålande vêr i begge grendene på Lavikdal...
20/05/2026

Vi takkar for varm velkomst i bygdene våre på nasjonaldagen!🇧🇻🎶🌞🌧

Vi begynte i strålande vêr i begge grendene på Lavikdalen, og endte opp litt våte ved fjorden. -Ingen sure miner av den grunn!🤩

Veldig kjekt å marsjere saman med Fjordbrass under felles fane som ei god oppsummering av feiringa! Då er vi om lag 40 musikantar i front av folketoget i Lavik!🎶💚🇧🇻

Vi sjåast att neste år!

Lavikdal Ungdomslag
Lavikdal grendalag
Fjordbrass Lavik

Første oppdrag i dag, starta strålande på alle måtar med tog frå Bjørkhaug til Lavikdal ungdomshus🇧🇻🌸🌞
17/05/2026

Første oppdrag i dag, starta strålande på alle måtar med tog frå Bjørkhaug til Lavikdal ungdomshus🇧🇻🌸🌞

14/05/2026
Ida-Emilie, Bo, Lydia, Aisha, Jenny-Kristina og Ingrid har hatt ei super NUBB-helg i Førde, og avslutta med ein feiande ...
03/05/2026

Ida-Emilie, Bo, Lydia, Aisha, Jenny-Kristina og Ingrid har hatt ei super NUBB-helg i Førde, og avslutta med ein feiande flott konsert saman med Jølster Musikklag!🎶👏👏👏

Takk til Førde skulemusikkorps for godt vertskap!🎶👏

Norges Musikkorps Forbund Nordvest

Lavik skulemusikk feirar 60 år i år! Støtt oss gjerne ved å kjøpe digitale påskelodd – inntektene går til å gi musikanta...
04/04/2026

Lavik skulemusikk feirar 60 år i år! Støtt oss gjerne ved å kjøpe digitale påskelodd – inntektene går til å gi musikantane flotte opplevingar i jubileumsåret, som korpstur, samling i Solund, Halloweenfest og jubileumskonsert 21. november blant anna. Takk for at de er med og held korpsgleda i Lavik levande!

Pengane vi samlar inn går til gode aktivitetar for musikantane våre i jubileumsåret. Det blir 17. mai-feiring, sommartur til Italia, korpssamling i Solund i september, Halloweenfest i oktober og – det beste av alt – jubileumskonsert 21. november!

Lavik skulemusikk feirar 60 år i år! Støtt oss gjerne ved å kjøpe digitale påskelodd – inntektene går til å gi musikanta...
30/03/2026

Lavik skulemusikk feirar 60 år i år! Støtt oss gjerne ved å kjøpe digitale påskelodd – inntektene går til å gi musikantane flotte opplevingar i jubileumsåret, som korpstur, samling i Solund, Halloweenfest og jubileumskonsert 21. november blant anna. Takk for at de er med og held korpsgleda i Lavik levande!

Pengane vi samlar inn går til gode aktivitetar for musikantane våre i jubileumsåret. Det blir 17. mai-feiring, sommartur til Italia, korpssamling i Solund i september, Halloweenfest i oktober og – det beste av alt – jubileumskonsert 21. november!

Vi ønsker alle ei god påske med bilete frå påskeegg-jakt på siste øving før ferie!🥚💛I morgon, fredag, spelar mange av mu...
26/03/2026

Vi ønsker alle ei god påske med bilete frå påskeegg-jakt på siste øving før ferie!🥚💛
I morgon, fredag, spelar mange av musikantane våre med Fjordbrass i Lavik kyrkje på årets vårkonsert! Alle er velkomne!🎶

🐣🎶God påske til alle!🎶🐣

Nordvesten 2026 i Operahuset på Nordfjordeid vel gjennomført!Takk til dirigenten vår William Sowerby Anthun💐Takk til Eid...
15/03/2026

Nordvesten 2026 i Operahuset på Nordfjordeid vel gjennomført!
Takk til dirigenten vår William Sowerby Anthun💐
Takk til Eid musikklag og Norges Musikkorps Forbund Nordvest!🎶❤️🤩👏👏👏

Ungdommane våre har det veldig bra på NUBB-samling hos Solund Skulemusikk ! Dei spelar konsert i dag!🎶🥰❤️
15/02/2026

Ungdommane våre har det veldig bra på NUBB-samling hos Solund Skulemusikk ! Dei spelar konsert i dag!🎶🥰❤️

Adresse

Kvamsvegen
Lavik
6947

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Lavik skulemusikk legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del