01/05/2026
Og i denne vår er alt arbeid leik
Bloddråpe-trall på 1. mai.
Til lukke med dagen! Vi feirar dagen med eit dikt av vår eigen store arbeidardiktar, Kristofer Uppdal frå Beitstad. Denne trallen lever sitt eige liv, og ting skjer. Akkurat som livet sjølv!
Bloddråpe-trall
Det er vår
ein gong i eit år
ein einaste stutt, men festleg vår.
Sidan blir det sumar
og ein større rikdom
i den breie mognad,
men med grå latskap over fargar, og med ein tørbrend hite
etter vårens våtvarme ølar.
Ein vår driv
berre ein gong over eit mannaliv,
- ein gong våren over mannalivet driv.
Og i denne vår er alt arbeid leik,
- er augo som opnar seg og stirer,
og som blir fulle av sol,
- er skjelvande varm hud,
med opne borur dei syg til seg
av ljosbylgja frå sola
til ljoset renn inn i blodet
- og tider det
og lagar ein bloddrope-trall,
han spelar gjenom alle rørslur,
frå hjarta til den solbrende lugg,
til fingrar som kjæler,
til fot-blad som trampar takten.
Denne bloddrope-trall,
han taktar seg gjenom alt,
- rytmar seg gjenom gras
der levande leikar,
i mold som skruvar seg ut,
æsande av liv!
Bloddrope-trallen dansar
gjenom alle hjartedulpar,
gjenom alle andedrag
og der sol og regn når,
der eld og vatn møtest,
- i lauvknuppar, dei brest
med ørsmå smellar,
liksom kyssar mot vårlufta.
Ja som kyssar mot vårlufta
går bloddrope-trallen,
frå ungt blod, frå alt blod.
For når det er vår
og sol rår
blir alt blod ungt og stilla i bloddrope-trall.
ー Eg har kjend denne bloddrope-trall
i min vår
som eg aldri attende får.
Soleis har eg kjend han,
bloddrope-trallen:
- Augo som opnar seg,
fyller seg med ljos,
tider seg.
- Varm hud med opne borur,
dei syg i seg sol,
tider seg.
- Dans i alle rørslur,
frå hjarta, til solbrend lugg.
- Kjøt: senar og segar i rytme,
frå bleikraude fingertuppar, til oklane, dei rundar seg
ned mot helen.
- Taktar og rytmar.
Dans. Trall.
- Nakne ungar, dei laugar seg i elvar,
i elvane i ditt kjøt. - Skrattande kåte kvin frå eit dansegolv, frå eit låvegolv
i di sjel, ei natt i cin vår,
din vàr.
- Føter som bårar i taktar!
- Bogedrag over felestrenger.
ー Soleis er bloddrope-trallen or den einaste vår,
som står hjå deg ei stund,
ikkje lenger enn ein smil,
- ein bloddropetrallande smil.