04/06/2026
20 år sidan COW PARADE i Kviteseid. 🐄🐃🐂
Cow Parade vart arrangert i Kviteseid midt i juni 2006.
Etter å ha vandra verda rundt, skulle prosjektet med veldedige kunst-kyr innta Noreg.
Cow Parade er ein internasjonal veldedig organisasjon med base i New York og Zürich. Fargesprakande kyr gjestar byar verda over, og etter endt teneste i bybildet blir dei seld på auksjon til inntekt for veldedige formål.
30 norske kunstnarar vart invitert til å sende inn forslag til dekorasjon av glassfiberkyrne som skulle visast i Noreg. Også 30 bedriftsleiarar vart involvert på sponsorsida.
Dei ferdig dekorerte kyrne stod utstilt i Kviteseidbyen frå midten av juni og vart så stilt ut ulike stadar i Telemark ut sommaren. Auksjonen var på Dyrskun i september, og samla inn heile 1,2 mill. kroner, der 75 % av inntekta gjekk til Utviklingsfondet sitt hjelpearbeid til fattige bønder i Malawi.
Cow Parade Telemark 2006 deltok saman med Buenos Aires, Wisconsin, Boston, Edinburgh, Denver, Lisboa og Mexico City!!
Ideen til glassfiberkyri og Cow Parade-konseptet kom frå den sveitsiske kunstnaren Walter Knapps, og det var sonen hans, Pascal Knapp, som utforma prototypen til kyrne.
Telemarkskyri feira 150 år som eigen rase dette året. Telemarkskyri som står i bryggeparken vart avduka i 2006 til minne om dette. Den er laga av Trygve Barstad.
Kviteseid sitt andre Cow Parade bidrag vart måla av Ruth Kvålo Dalen. Den fyrste, Teleros, vart diverre øydelagt ved hærverk av Oslo militante grafittikunstnere.