Kvinnherad mållag

Kvinnherad mållag Kvinnherad mållag er eit lokallag i Noregs mållag, som arbeider for nynorsk på alle samfunnsområde. Laget vart skipa 24.

Frå lovene til laget:

§ 1
Laget sitt namn er Kvinnherad mållag. april 2014, då gamle Kvinnherad mållag, skipa tidleg på 1900 talet og skipa på nytt 1955, og Husnes mållag skipa 31.12.1933 vart slegne saman. Gamle Kvinnherad mållag hadde også med medlemer frå tidlegare og nedlagde Halsnøy mållag. Alle, som er samde i føremålet, kan vera medlem i Kvinnherad mållag.
§2
Kvinnherad mållag har til før

emål:
a) Å samla målfolk i Kvinnherad til aktivt arbeid for nynorsk på alle samfunnsområde
b) Å auka kunnskapen om og vyrdnaden for nynorsk og dialektane
c) Å styrkja grunnlaget for levande bygder og den folkelege bygdekulturen
----
Om skipinga av eit nytt Kvinnherad mållag:
Fram til 2014 eksisterte det to mållag i kommunen: Kvinnherad mållag (som grovt sett femna om indre luten og Halsnøy), og Husnes mållag (som grovt sett femna om ytre luten). Dette var basert på at det var fleire små mållag før i tida, og så var dei vidareført pga. gamle målpolitiske motsetnader - ikkje som del av nokon "indre/ytre luten-motsetnad". I 2014 vart desse mållaga slått saman til nye Kvinnherad mållag.

Då er me inne i sjølvaste nynorskveka. Denne veka går frå 6. mai, då Stortinget vedtok den nynorske versjonen av grunnlo...
07/05/2026

Då er me inne i sjølvaste nynorskveka. Denne veka går frå 6. mai, då Stortinget vedtok den nynorske versjonen av grunnlova (2014) til 12. mai, då Stortinget jamstilte nynorsk med bokmål (1885). På biletet finn du nokre tips til å markera nynorskveka. Lukke til!

Noregs mållag hadde landsmøte i helga, og Øystein Skjæveland var utsending frå Kvinnherad og Hordaland mållag. Det er et...
30/04/2026

Noregs mållag hadde landsmøte i helga, og Øystein Skjæveland var utsending frå Kvinnherad og Hordaland mållag. Det er etter kvart ein tradisjon at han les eit eige dikt under festmiddagen laurdagskvelden på landsmøtet. I år tok diktet for seg årsmeldinga til Noregs mållag og dei såkalla "nærskylde tiltak" - det vil seia alle dei sjølvstendige tiltak som står målrørsla nær, som avisa Dag og Tid, Det norske teatret, Norsk barneblad og mange andre. Øystein hadde i teksten sin framlegg til ymse andre nærskylde tiltak også.

Øystein Skjæveland er Kvinnherad mållag sin utsending på landsmøte i Noregs mållag. I morgon vil han vera aktiv i sak om...
25/04/2026

Øystein Skjæveland er Kvinnherad mållag sin utsending på landsmøte i Noregs mållag. I morgon vil han vera aktiv i sak om Nynorsk i vaksenopplæringa. Ei sak mållaget i Kvinnherad fremja tidleg og fekk fleirtal for. Lukka til Øystein. I kveld på festmiddagen plar han lesa dikt.

23/04/2026

Takk for all den fine nynorsklitteraturen, kjære nynorskforfattarar! ❤️

I dag ynskjer me til lukke med verdas bokdag! Hugs å lesa nynorsk 🤓

Like fint i dag!
15/04/2026

Like fint i dag!

I dag er det årets fyrste sumardag ifølgje gammal norsk primstavtradisjon!🌞

Dagens ros til entreprenøren Byggservice i Kvinnherad. 16 siders jubileumsbrosjyre på nynorsk. Ikkje så vanleg frå den b...
03/04/2026

Dagens ros til entreprenøren Byggservice i Kvinnherad. 16 siders jubileumsbrosjyre på nynorsk. Ikkje så vanleg frå den bransjen. Framifrå. Eit føredøme for andre I næringslivet.

Diktlesing med to lokale forfattarar i går måndag 30. mars, i samarbeid mellom Kvinnherad mållag og Isrosa-bua.
31/03/2026

Diktlesing med to lokale forfattarar i går måndag 30. mars, i samarbeid mellom Kvinnherad mållag og Isrosa-bua.

Lokale forfattarar les frå bøkene sine måndag i påskeveka. Skålagato 51, Rosendal. Velkomen!
29/03/2026

Lokale forfattarar les frå bøkene sine måndag i påskeveka. Skålagato 51, Rosendal. Velkomen!

Diktkveld måndag i påskeveka med to forfattarar med sterk tilknytning til Kvinnherad. På Isrosa-bua i Rosendal, klokka 1...
21/03/2026

Diktkveld måndag i påskeveka med to forfattarar med sterk tilknytning til Kvinnherad. På Isrosa-bua i Rosendal, klokka 19 den 30. mars. Velkomen!

Mållaget saman med Uskedal sokneråd inviterte til Salmekveld I Helgheim. Tema var Nynorsk salmebok 100 år. Styreleiar Ma...
16/03/2026

Mållaget saman med Uskedal sokneråd inviterte til Salmekveld I Helgheim. Tema var Nynorsk salmebok 100 år. Styreleiar Mari Mehl hadde innlegg om salmar, målbruk og identitet.

Adresse

Kvinnherad

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kvinnherad mållag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del