Opsangervågen Kystlag

Opsangervågen Kystlag Ble stiftet i 2006, og er registrert i einings/frivilligregisteret i Brønnøysund. I 2012 ble laget omdanna til Kystlag, og er tilknytt Forbundet KYSTEN.

FOR MERE INFO GÅ INN PÅ : http://opsangervaagen.wordpress.com/ Laget er opptatt med å få ta vare på gamle båter, aller helst med lokal tilknytning. Så lagets båter er enten bygd eller nytta i Hordaland fylke. Fra den siste kolfyrte dampsnurparen i Norge : D/S Utrøst, har laget fått hånd om 3 dorryar og loddebåten.

Dette er gavlabåten Sund til Opsangervågen Kystlag. Sund er bygd som seglgavel i Bjørkedalen i 1936, men har seinare fåt...
24/08/2025

Dette er gavlabåten Sund til Opsangervågen Kystlag. Sund er bygd som seglgavel i Bjørkedalen i 1936, men har seinare fått innsett motor. No står han ved Birkeland Slipp for utbetring av diverse råteskadar. Denne godversveka har ein nytta til å skrapa rein skutesidene og med å sausa dei inn med ei blanding av rå linolje og milebrend tjøre, vått i vått der det trengst.

Tidlegare denne veka var "Sjøleik" på besøk på Sunde. Her er Siv og Karl på kaffibesøk på "buloftet" til Opsangervågen K...
29/06/2025

Tidlegare denne veka var "Sjøleik" på besøk på Sunde. Her er Siv og Karl på kaffibesøk på "buloftet" til Opsangervågen Kystlag. "Sjøleik" stikk som regel innom her når dei er på desse trakter. Det set vi stor pris på!

08/06/2025
I dag kom denne konteineren på plass hos Opsangervågen Kystlag. Inni ligg det tre leddportar som skal monterast i sjøsid...
15/05/2025

I dag kom denne konteineren på plass hos Opsangervågen Kystlag. Inni ligg det tre leddportar som skal monterast i sjøsida på lagsbygget. Når det er gjort, skal konteineren fyllast opp med gamle båtmotorar.

Opsangervågen Kystlag har hausten 2024 og vinteren 2025 fått tildelt gilde gåver frå Kvinnheradstiftinga. Hausten 2024 k...
01/05/2025

Opsangervågen Kystlag har hausten 2024 og vinteren 2025 fått tildelt gilde gåver frå Kvinnheradstiftinga. Hausten 2024 kr. 95.000,- til sanitærrom i lagshuset og vinteren 2025 kr. 18.000,- til tilknyting til straumnett lagshus. Desse gåvene sette laget i stand til å utføra desse tiltaka. Stor takk til Kvinnheradstiftinga!

Adresse

Sundsvegen 10
Kvinnherad
5450

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Opsangervågen Kystlag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del