Sunde Grendalag

Sunde Grendalag Miljø og trafikksikkerhet er noe av det vi jobber for

09/10/2025

HUSK:

MEDLEMSMØTE
Onsdag 15.10.25 kl. 1800
Sted: Gamleskulen. (Sundsvegen 236)
Agenda:
1. Litt info om «gjenopptakelsen» for laget.
2. Økonomisk status i laget.
3. Status og vegen vidare for «gamleskulen»
4. Vegen vidare… Planlagte aktiviteter.

I forbindelse med møtet, så vil huset være ope frå kl.1700, for ein drøs og befaring, både inne og av uteområdet.
Det vil bli servert kaffi og noko å bita i.

Mvh
Styret i Sunde Grendalag
V/ Erna Mikkelsen, May G**o Sjursen Vimme, Heidi Sjursen Vimme, Bente Elisabeth Kaldestad, Hans Stensletten, Odin Høivik-Skogseth og Gjermund Skogseth

28/09/2025

Invitasjon til DUGNAD, tirsdag 30.09.25 kl.1700 på gamleskulen.
Me planlegg rydding og vasking inne, spyling av inngangsparti, og div. ute/hagearbeid.
Ta gjerne med vaskeutstyr, som bøtte og kluter/ filler, samt hageredskap som krafse/spade.
Vel møtt.
Styret.

PARTY-TELT -til leige. (5 x 10 m)Utleigepris: 750,- pr. døgnViss ønskelig: Montering og demonteringsarbeid: 1500,-Det me...
10/09/2025

PARTY-TELT -til leige. (5 x 10 m)
Utleigepris: 750,- pr. døgn
Viss ønskelig: Montering og demonteringsarbeid: 1500,-
Det medfølger også sidevegger og 1 stk endevegg.

Henvendelser til:
Gjermund Skogseth
tlf.: 45 48 65 03

🧥♻️ KLESMARKNAD PÅ SUNDE! ♻️👗Hei fine folk!Det nærmar seg klesmarknad – og me gler oss masse!📍 Stad: Solbakken 14, i Ber...
16/07/2025

🧥♻️ KLESMARKNAD PÅ SUNDE! ♻️👗
Hei fine folk!
Det nærmar seg klesmarknad – og me gler oss masse!
📍 Stad: Solbakken 14, i Bergslagen på Sunde
📅 Dato: 3. august
🕒 Tid: 1300-1700
Om du vil kan du kjøpe eit utstillingsbord til 50kr og ta med klede du ikkje brukar lenger. Kanskje finn du nye bærekraftige favorittar?! Alt frå klede, sko, vesker, sportsutstyr og smykker er velkome.👠👕👖
Blir også sal av kaker og kaffi, for dei som berre ynskjar å kikke!
Send meg gjerne ein melding om du vil delta med bord eller lurer på noko 💬🙌
Del gjerne med vener – jo fleire, jo betre!
Håpar me sjåast 💚

16/07/2025

STATUS - INFO Sunde 16.07.25
Me var nok litt for optimistiske, då me såg for oss å få gjennomført ordinært årsmøte innan april/mai. Statusarbeidet rundt «gamleskulen», har vært meir tid- og ressurskrevjande enn me først såg for oss. Dårleg tilstand på bygget med tilhøyrande månadlege driftskostnader, kombinert med skral økonomi i laget, er ei utfordring. Det er ingen tvil om at dette bygget vil krevje store ressursar i lang tid framover. MEN, huset har også eit potensiale. Til både festlokale og andre aktivitetar. Byggets nærheit til skog og turområde, har også eit potensiale.
Framtida og behovet for dette bygget, blir ei viktig sak å få avklart.
Det som er gledeleg, er at me no har fått med oss fleire engasjerte personar, som vil væra med i det «midlertidige» styret og bidra for bygda Sunde.
Styret har vært i kontakt med Sunde båtlag og Sunde Kyst og Litteratursenter, og lodda stemninga om tettare samarbeid. Eks. lån av lokale og felles/egne arrangement, samt felles utfordringar om det same bygda folket og da frivillige arbeidet, som krevst for å drifte dei forskjellige organisasjonane i bygda.
Alle er positive og har stor tru på at eit felles samarbeid vil væra positivt for Sunde og for organisasjonane.
Vidare planar:
1. Arrangere «Dans» med levande musikk- 06.09.25 i Sunde båthavn. Her trengs frivillige som kan være med å hjelpa til med arrangementet.
2. Avklare framtida for «gamleskulen» Styret ser for seg å kalla inn til medlemsmøte, for å avklare dette.
3. Jobbe vidare med å nødvendig forberedelsar og kandidatar som trengs ifm ordinært årsmøte og gjeldande vedtekter for laget. (Me treng 3 stk varamedlemmer og 3 stk i valkomité) Skal avhaldas innan mars-2026.
4. Div. arrangementer/prosjekt og trivselstiltak for bygda.
Da er fortsatt muligheter å bli medlem i laget. No med redusert pris, for 2025
Familie / husstand: 150,-
Enkeltmedlem: 100,-
Betalast til konto nr. 3460.07.51680 eller VIPPS nr: 111803

Mvh
Styret i Sunde Grendalag
V/ Erna Mikkelsen, May G**o Sjursen Vimme, Heidi Sjursen Vimme, Bente Elisabeth Kaldstad, Hans Stensletten, Odin Høivik-Skogseth og Gjermund Skogseth

Adresse

Kvinnherad
5450

Telefon

+4795744144

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sunde Grendalag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Sunde Grendalag:

Del