10/06/2026
Utdanningsforbundet om lærarar: – Står i ein brutal spagat
Lærarar slit med å gi barn i barnehagar og skular det dei treng, seier leiaren i Utdanningsforbundet Agder. Ho er glad for at det no kjem meir pengar til barnehagar.
I revidert nasjonalbudsjett for 2026 er det sett av 350 millionar kroner ekstra til fleire tilsette i barnehagar, i tillegg til 800 millionar som alt var sette av.
Silje Gran Aanensen, leiar i Utdanningsforbundet i Agder, meiner dette er bra, men understrekar at lokale politikarar må følgje opp i kommunebudsjetta.
Ho peikar på at barnehagane legg grunnlaget for vidare skulegang, og at nok bemanning er viktig for at barn skal bli trygge og klare utdanningsløpet.
Aanensen meiner innsparing i kommunane har gått ut over både barnehagar og skular, særleg gjennom for låg bemanning og manglande vikarar ved sjukdom.
Ho seier at leiarar i barnehagar og skular ofte står i ein vanskeleg situasjon mellom krav om økonomisk kontroll og ansvaret for å gi barn og elevar eit godt tilbod.
Utdanningsforbundet ber politikarane lytte til lærarar og sørge for dei ressursane som trengst for at barn, elevar, studentar og tilsette skal ha gode rammer.
Les meir i lenka i kommentarfeltet
(Kilde NRK nyheter)