22/09/2026
🏠 Frå og med i dag (21. september) kan privatpersonar søkje om pengar til å gjere eigen bustad meir aldersvenleg.
🎯 Målet er at fleire skal få moglegheita til å bu trygt heime lengre.
– Tryggleik for helsa handlar om at fleire skal kunne leve godt i eigen heim og vere sjef i eige liv. Fellesskapen stiller opp med støtte, slik at fleire eldre får moglegheita til å oppgradere eigen bustad. Ein kan få inntil 75 000 kroner i tilskot, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.
Tilskotet er ei heilt ny satsing og inngår i regjeringa sitt Eldreløfte.
🫶🏽 Det er sett av 89 millionar kroner til ordninga i 2026.
🔗 Les meir via lenka i kommentarfeltet.
📸 Colourbox