Hamnedagane
- Hjem
- Norge
- Klokkarvik
- Hamnedagane
Kulturdag ved Kleppesjøen. Båtar, buer med sal av handverk og mat, aktivitetar for unge, god kystmusikk og glade folk. Konserten har 18 års aldersgrense.
Adresse
Kleppesjøen
Klokkarvik
5378
Telefon
Nettsted
Varslinger
Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hamnedagane legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.
Kontakt Organisasjonen
Send en melding til Hamnedagane:
Type
Om oss
Vi har nå 4 års erfaring med å Hamnedagar på Kleppe. Det vert fest over to dagar, 16.08 og 17.08. Vi satsar mykje på å få på plass eit program av kultur og lokale krefter. Hamnedagane er ein del av Kystsogevekene på vestlandet. Dagane våre skal gi folk eit tilbakeblikk på førre århundre med fiske, musikk, historiar, mat, leik, fysisk anstrenging og mykje anna. På fredag startar helga med Hamnemila—1852. Ei nautisk mil er 1852 meter som også er strekninga frå Hamna i Kleppesjøen til Kleppeaksla. Dette inviterer til konkurranse for dei spreke og for mosjonistane. Laurdag vert også ein festdag, der folk frå nært og fjernt fyller nausta rundt hamna i Kleppesjøen. Både dei eldre som ønskjer å fortelje frå sine ungdomsår, dei vaksne som ønskjer å lære eller dei unge som kjem for å leike og treffe vener, vil finne noko kjekt her. Hamnedagen 2016 vert fylt med musikk, kultur, leik, marknad, fiske, kafe, konkurransar, underhaldning og mykje meir. Minneprisen for Johannes Kleppevik skal delast ut på utescena på marknadsdagen. Vindeloftet vil innehalde ei utstilling av bilete og historiar frå dei tider då Hengjo var i bruk til fiske i bygda. Det er viktig for oss å få fram dei eldre til å fortelje korleis Henjo vart nytta og kva plass ho hadde i bygda. Der vil ligge eit utval av trebåter i hamna. Båter som kan fortelje og båter som kan ta deg med på ein fisketur. Elias, brann og politibåt vil også kome til glede for barn og vaksne. For dei som vil starte dagen tidleg, så er det mulig å få prøve seg som storfiskar i den årlige fiskekonkurransen. Der vil det bli konkurrert i fleire klassar om å få heim den største fisken. I indre hamn og området rundt Hengjo vil det stå ei rekkje marknadsbuer der det vert seld lokal mat og handverk. Der vil også lokale organisasjonar få marknadsført seg. Om det er nokon som vil prøve seg på lykkehjulet eller kaste hestesko så er det høve til det, men dei aller yngste har kanskje heller lyst på ein tur på hesten eller Eliasbåten. Hamnedagane er ein del av kystsogevekene 2018. Kystsogevekene ønskjer å skape arenaer for folk til å møtast og dele gode opplevingar—konsertar, båtturar, kultur og marknadar i og ved sjøen.