OrstadHuset

OrstadHuset Orstadhuset er eit flerbrukshus for bygda og alle andre der vi driver med idrett, kultur og forskjellige aktiviteter.

Her kan du leie lokale til fester, bryllup, minnestunder, konformasjoner, messer, utstilling...

Vi har visst fått oss ein ny aktivitet:“kast stein på steintrappa” 🪨😅Men må bare si det som det er – dette er dessverre ...
23/04/2026

Vi har visst fått oss ein ny aktivitet:
“kast stein på steintrappa” 🪨😅
Men må bare si det som det er – dette er dessverre ein aktivitet vi ikkje har lyst å ha videre…
Steintrappa tek ikkje skadefri imot steinregn, og endå viktigare:
steinane kan fort treffa både bilar og folk 😬
Så kjære gode naboar og foreldre:
Om du ser nokre ivrige små “stein-atletar” i aksjon –
hjelp oss gjerne med ein vennleg stopp og eit lite:
👉 “den leken tek vi ein annan plass”
Me ønskjer at Orstadhuset skal vera ein kjekk og trygg plass for alle –
og trappa vil helst berre bli gått på, ikkje testa som blink 🎯
Tusen takk for at de hjelper oss å ta vare på området 💛
– Helsing oss som prøver å bevare trappen!

Fredag 6 mars vart det arrangert ei jill og uformell minnemarkering for Theodor Dahl (1886-1946) på heimegrunnen hans på...
08/03/2026

Fredag 6 mars vart det arrangert ei jill og uformell minnemarkering for Theodor Dahl (1886-1946) på heimegrunnen hans på Orstad – 80 år etter at Jærens og Orstads store forteljar gjekk bort. Rundt 60 lydhøyre kom, og det var ekstra kjekt at nokon hadde reist heilt frå Jørpeland for å vere med.
Blant dei frammøtte var det både etterkomarar av Theodor Dahl og mange andre som var litt interesserte i livet og forfattarskapen hans. På Orstadhuset var det sett opp ei lita utstilling med bøker, bilete og personlege eigendelar, som gav eit lite innblikk i livet hans. Takk til Ørjan Frøiland, oldebarn av Theodor Dahl som bidrog med originale bøker, bilete og hans legendariske stokk.
Høgdepunktet på kvelden var foredraget til Tom Hetland, kommentator og tidlegare sjefsredaktør i Stavanger Aftenblad. Han fortalde levande om Theodor Dahls liv, og delte både eigne historier og forteljingar frå boka «Melankoliker som likte å le» av Engwall Pahl-Iversen. Med både bilete og gode anekdotar fekk publikum eit nært og levande møte med mennesket bak forfattarskapen.
Tom Hetland fortalte at det finst i dag ingen opptak som kan gje oss den hørlege klangen av Theodor Dahls særs gode evne som forteljar og formidlar. Difor kviler mykje av minnet om han i dei skriftlege kjeldene – i bøkene hans. Styret i Orstadhuset tok initiativ til minnekvelden nettopp for å løfte fram denne arven, og for å markere at statuen av Theodor Dahl no endeleg har fått vende heim att til Orstad, der forfattaren hadde sine røter og sitt hjarte.
Midt ute i den opne lyngheia på Jæren, på Håbakken, fann Dahl sitt fristed. Her bygde han ei lita hytte, ikkje for pryd, men for kvile, ettertanke og arbeid. Han sat gjerne i døropninga, såg utover hei og hav, og «kikka og lye» slik berre han kunne. Under ham låg Frøylandsvatnet badande i måneskin, og langt inne på Jærens vidstrakte heiar skimta han dei stille skuggane av menn og kvinner frå gamal tid – dei som med slit, nøysamdom og ei urokkande tru rydda og dyrka denne biten av Vårherres jord. Det var ofte i slike stunder at eit dikt tok form. Naturen, historia og menneska kring han smelta saman til eit språk som berre Theodor Dahl kunne skape – varmt, jordnært og med ein eigen jærsk klangbotn. Det er difor ikkje rart at Håbakken etter kvart vart rekna som ein freda stad, og som Dahls aller kjæreaste tilhald.
Dei fremmøtte fekk sjå bilder av området der hytta lå, og såg at det ikkje er særleg opne lyngheiar i Håbakken lenger, lyngen er bytta ut med fine hager og hus.
Kvelden baud også på ein uhøgtideleg Theodor Dahl-quiz, og heile 6 lag/enkeltpersonar hadde 10 rette svar, og var med i trekningen av 5 Theodor Dahl bøker. Alle som kom fekk med seg et hefte om Theodor Dahl som Klepp Kommune så raust gav oss.
Ei stor takk til alle som bidrog til å gjere dette til ein kjekk fredagskveld – til dei som gjekk dugnad, til alle som tok turen innom, og ikkje minst til Tom Hetland for eit levande og inspirerande innblikk i livet til Theodor Dahl. Flotte blomar frå Grude Gartneri kunne dei frammøtte òg nyta synet av i løpet av denne jille kvelden. Takk til dei på Grude Gartneri. På vegne av styret i Orstadhuset – Maria Tjaum.

Ligger i lobby på Orstadhuset.
25/02/2026

Ligger i lobby på Orstadhuset.

Adresse

Orstadbakken 50
Klepp Stasjon
4353

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når OrstadHuset legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til OrstadHuset:

Snarveier

Del