21/07/2026
I dag hadde Simon og Paulina opplæring i bruk av råsegl. Her gjekk me gjennom knutar og oppsett av mast og segl, og korleis ein brukar vinden/seglet for å segle i den retninga ein ynskjer. I litt krevjande vindforhold reiste tre av våre medlemmar ut på ein segletur med sognafæringen. PS. Forbundet Kysten arrangerer råseglseminar den 10.-13. september, og det er fullt mogeleg å bli med på det for dei som er interessert.