14/06/2026
I dag, søndag 14. juni, byr Leikvoll på spennande ungdomsfotballkampar på rekke og rad!
Dei to eldste ungdomslaga i Finnøy IL, G16 og G15, spelar sine siste seriekampar før sommaren på Leikvoll.
G16 er først ut klokka 18.00 mot Madla 2. Dette blir den siste seriekampen laget spelar saman før mange av spelarane reiser vidare til vidaregåande skule. Med siger kan dei sikre førsteplassen i G16 3. divisjon.
Klokka 20.00 er det G15 sin tur. Dei kjempar også om førsteplassen i si pulje og møter Jarl i ein viktig kamp i G15 2. divisjon.
Alle er hjarteleg velkomne til å koma og heia fram Finnøy sine ungdomslag i desse to spennande kampane. Du kan sjølvsagt få med deg éin av kampane – eller begge! 😄
No på tampen av det som har vore ein veldig kjekk og innhaldsrik fotballvår for Finnøy IL, håpar vi på god støtte frå tribunen! ⚽💙🙂
Det blir open kiosk🤩