28/04/2026
Turen i morgon 29/4-26 går som planlagt til Langhaug frå Bjørndalane. Det er delvis sti, noko av turen går i trassen til turskiløypa frå Vassenden til Fodnastøl, det er ein del myr så ein treng t***e sko fjellsko er å anbefala. Det er ein svært bratt, men kort oppstigning før ein kjem opp i løypa frå Vassenden. Frammøte ved Sentralen Gjenbruk kl.10:30, dei frå Herand møter ved Herand Kulturhus (Skulen) så kjem dei frå Jondal innom der før me køyrer til Bjørndalane. Det er kr. 80,- i bompengar, dei kan betalast via Vipps 514012. Det kan vera lurt å gjera dette før ein kjem opp til bommen då det ikkje er særleg god dekning der, så fyller me ut kvittering for betalt bomavgift. Vel møtt på tur.