Hyllestad RØDE KORS

Hyllestad RØDE KORS Kontaktperson lokalstyre: Anne Merete Takle
Hjelpekorps: Lars Helge Akse
Omsorg: Ann-Lise Birkeland Har du lyst å bli med, er du hjarteleg velkommen.

Hyllestad Røde Kors (HRK) er ei side for gamle og nye medlemmer, og for dei som ønsker å følge med på våre aktivitetar. Hyllestad Røde Kors har tre aktive avdelingar: Hjelpekorps, omsorg og flyktningvenn. På nettsida vår kan du finne meir bilder og informasjon om dei ulike avdelingane:
https://www.rodekors.no/lokalforeninger/sogn-og-fjordane/hyllestad/

Vårt mandat:
Vi har eit mål om å forebygge o

g respondere for å redde liv, trygge lokalsamfunnet og gje tilbod om sosial kontakt og støtte til dei som treng det mest. Hyllestad Røde Kors er glade og takknemlige for dei som ønsker å vere med i laget, og bruke litt av fritida si til å hjelpe medmennesker og gjere ei forskjell i lokalsamfunnet vårt. Vi har ei god blanding av frivillige med lang og kort fartstid, men vi har eit stort behov for fleire. Spørsmål kan rettast til Hildegunn Hatlem (leiar for lokalforeininga), Linn Christin Fløholm (leiar hjelpekorps), Kjartan Solheim (operativ leiar hjelpekorps), Ann-Lise Birkeland (leiar omsorg), Jan Arvid Støyva (kontaktperson Flyktningvenn), eller Karine Hatlem Rønneseth (skrivar og medlem av hjelpekorpset).

https://www.youtube.com/watch?v=7JRqh1dBvWkRøde Kors tilbyr gratis digital leksehjelp. Tilbudet er for elevar på ungdoms...
15/03/2025

https://www.youtube.com/watch?v=7JRqh1dBvWk
Røde Kors tilbyr gratis digital leksehjelp. Tilbudet er for elevar på ungdomsskulen og på vidaregåande, og er åpent mandag-torsdag, kl. 17-21.

På Digital Leksehjelp kan vi det foreldre ikke kan. Og du skal kunne. Bevar familiefreden fremover, og bruk Digital Leksehjelp neste gang du trenger hjelp me...

I går hadde vi kake på styremøte for å ønske Anne Merete Takle velkommen som leiar for lokalforeningsstyret og Lars Helg...
11/03/2025

I går hadde vi kake på styremøte for å ønske Anne Merete Takle velkommen som leiar for lokalforeningsstyret og Lars Helge Akse som leiar for hjelpekorpset😊
Vi takkar Hildegunn Hatlem for den gode jobben ho har gjort som lokalforeningsleiar, og er glade for at ho er med vidare som nestleiar. Trude Hole fortsetter som administrativ leiar for hjelpekorpset og Karine Hatlem Rønneseth som skrivar😊

Bak kaka er plaketten vi fekk då vi vart kåra til Årets Hyllestading 2024. Vi har allereie mange planar for 2025,så har du lyst å vere med på laget blir vi glade om du tar kontakt 😊

Takk til alle som kom på årsmøtet til Hyllestad Røde Kors i går😊Valnemda overrekte ein blomst til Linn Christin Fløholm,...
03/02/2025

Takk til alle som kom på årsmøtet til Hyllestad Røde Kors i går😊
Valnemda overrekte ein blomst til Linn Christin Fløholm, og på vegne av alle i HRK vil vi takke for innsatsen ho har gjort som leiar for hjelpekorpset 👏😊 Så er vi glade for at Lars Helge Akse har sagt ja til å leie hjelpekorpset vidare. Velkommen på laget😊

Bilde av det nye lokalforeiningsstyret kjem neste gang vi har styremøte, så følg med😊😉

21/01/2025

Velkommen til årsmøte 2.februar.
Det blir pizza og sosialt samvær🍕😊.
Møte er ope for alle😊 Om du er aktivt medlem, støttemedlem, eller lurer på om du skal bli medlem😊

Det vart ei overraskande avslutning på 2024 for Hyllestad Røde Kors 😊🌟Tusen takk til alle som har stemt på oss!https://y...
02/01/2025

Det vart ei overraskande avslutning på 2024 for Hyllestad Røde Kors 😊🌟
Tusen takk til alle som har stemt på oss!

https://ytresogn.no/faar-veldig-mykje-tilbake-for-den-frivillige-innsatsen

Vi er klare for innsats i 2025, og håpar at det er fleire som kunne tenke seg å vere med som frivillig i lag med oss.

https://www.mittrodekors.no/?_gl=1*o8lv0s*_gcl_au*MTMxMDYzNTgwMC4xNzM1ODEwMzMw

Etter mange år med frivillig innsats for fleire grupper mennesker i Hyllestad kommune var det Røde Kors-gjengen som fekk flest stemmer i kåringa i Hyllestad i 2024.

Les om Hyllestad Røde Kors i Ytre Sogn 😊
20/12/2024

Les om Hyllestad Røde Kors i Ytre Sogn 😊

Gjennom året har Røde Kors i Hyllestad organisert demens- og seniorkor på Hyllestad Omsorgssenter Eikelund. Måndag var det duka for årets siste samling, og rekordmange frivillige, eldre, flyktningar og bebuarar møtte opp.

Juleavslutning på Eiklund i dag fra alle oss i Hyllestad Røde Kors omsorg🤶Me inviterte alle flyktningane til å bli med p...
16/12/2024

Juleavslutning på Eiklund i dag fra alle oss i Hyllestad Røde Kors omsorg🤶
Me inviterte alle flyktningane til å bli med på årets siste Demens og seniorkor, for èin flott gjeng, totalt 68 personar var med oss i dag🌲

Omsorgs gjengen hadde laga til ei lita julegave til alle bebuarane som er tilknytt Eiklund, for tida 38 personar, desse gavene vil bli utdelt på julafta.
Personalet fekk også ei helsing fra oss som takk for jobben dei gjer 24/7 De er fantastiske alle som èin. 🥰

Etterpå vart alle i omsorg, 11 stk i dag,
invitert til èin enkel julelunsj som takk for at dei gang etter gang stiller opp. 👏
Blomkålsuppe m.rundstykke, julekjeks, saft og kaffe.
Sjølvsagt bestilt fra kjøkkenet, alt heimelaga, heldige Hyllestad Kommune som har eige kjøkken på Eiklund.
Fortsett med da gode politikarar 💪🎄👏

Og jammen kom da julehelsing fra ordføreren også, han var invitert til kor og lunsj, men med mykje møter på planen strakk ikkje tida til.
Konfekten var god den🤗takk!

Med ynskje om ei God Jul.
Ta vare på kvarandre,
ta gjerne èin eller to telefonar til kjente og kjære i romjula,
5 minutt prat kan gjere èin stor skilnad for mange. 🥰

Me sjåast!
Mvh Ann-lise

Gratulerer så masse med Kvernsteinsprisen, Arne! 😃👏 Godt jobba, og vel unt 😊
12/12/2024

Gratulerer så masse med Kvernsteinsprisen, Arne! 😃👏 Godt jobba, og vel unt 😊

Kvernsteinsprisen 2024 er tildelt Arne Dale.

Kjekt å få vere med ungane som har deltatt på barneidrett på nissemarsj 🤶🎅🧑‍🎄 Fin avslutning for dei Hyllestad Idrettsla...
11/12/2024

Kjekt å få vere med ungane som har deltatt på barneidrett på nissemarsj 🤶🎅🧑‍🎄 Fin avslutning for dei Hyllestad Idrettslag 👍😊

Kjære medlem av Hyllestad Røde Kors!2024 har vore eit år med mykje ulik aktivitet for oss i Hyllestad Røde Kors. Her kje...
05/12/2024

Kjære medlem av Hyllestad Røde Kors!

2024 har vore eit år med mykje ulik aktivitet for oss i Hyllestad Røde Kors. Her kjem ei kort oppsummering frå dei tre avdelingane våre.

I 2024 tok Ann-Lise Birkeland på seg vervet som leiar for avdeling OMSORG. Omsorg har hatt ulike samlingar og utflukter for bebuarane på Hyllestad Omsorgssenter Eiklund. I tillegg har dei starta opp med Senior- og demenskor, noko som er blitt tatt varmt imot med godt oppmøte. Medlemmar frå omsorg deltar òg på språkkafè.

Medlemmar frå HJELPEKORPSET har i løpet av året deltatt på ulike øvingar og kurs, og er i beredsskap dersom det skulle skje noko, som f.eks ein leiteaksjon. Nytt i år er at dei har investert i ein ATV (6-hjuling) som er på plass på depoet.
Vår kjære leiar, Linn Christin, starta i ny jobb i distriktet til Sogn og Fjordane Røde Kors i september. Ho kan derfor ikkje fortsette som leiar for hjelpekorpset, så dette vervet er i skrivande stund ledig.

Hyllestad Røde Kors bidreg ofte på lokale arrangement. I sommar kunne du sjå medlemmar frå omsorg og hjelpekorpet på Sognefjordfestivalen, Sommargry og Lihestklyvet, og i mai deltok vi på familiedag på Birkeland Camping.

FLYKTNINGVENN har vore ei viktig satsing for Hyllestad Røde Kors sidan kommunen har tatt i mot mange flyktningar dei siste åra. Samarbeidet med flyktningetenesta i Hyllestad har vore bra, og vi håpar å kunne halde oppe aktiviteten her det komande året dersom det kjem fleire flyktningar til Hyllestad i 2025.
Røde Kors Benken vore ute i sola i Skifjorden, før den flytta vidare til inngangspartiet ved Eiklund på Sørbøvågen. Sett deg gjerne ned og slå av ein prat her.

Vi er svært takksame for alle bidrag til laget, anten det er som frivillig, støtte- eller givarmedlem, eller gjennom grasrotandel eller pantelotteri.
Tusen takk for at du støttar laget vårt! Vi håpar du vert med oss i 2025 òg.

Med beste helsing
Hyllestad Røde Kors
v/Hildegunn Hatlem, lokalforeningsleiar

Adresse

Hyllestad
6957

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hyllestad RØDE KORS legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Hyllestad RØDE KORS:

Del