Hustadvika husflidslag

Hustadvika husflidslag Hustadvika Husflidslag (tidligere Fræna husflidslag) ble stiftet 25.11.1980.

Laget arrangerer arbeidskvelder med tema som strikking, toving, nupereller, lappeteknikk mm.

Hustadvika husflidslag fekk TEFT-midlar frå Sparebanken Møre for å arrangere spikke- og hobbykveld for barn og unge 16. ...
06/06/2026

Hustadvika husflidslag fekk TEFT-midlar frå Sparebanken Møre for å arrangere spikke- og hobbykveld for barn og unge 16. september. Her inviterer me 4H-klubbar og speidargrupper, men kvelden er også open for alle interesserte. Arrangement på Facebook kjem seinare. Takk for støtta!

Bildet: Morten Skaar frå Sparebanken Møre og Margrete Småge Haukås frå husflidslaget.

Strikking, kakeeting, grilling og god prat i gapahuken i Bjølstadfjøra. Takk for vårsemesteret - neste arrangement er sy...
26/05/2026

Strikking, kakeeting, grilling og god prat i gapahuken i Bjølstadfjøra. Takk for vårsemesteret - neste arrangement er sykveld 27. august på Malmefjorden aktivitetssenter.

Jada, me sydde nåleputer av restestoff på torsdag! Sjå bilda, så ser du korleis dei er sydde.
22/05/2026

Jada, me sydde nåleputer av restestoff på torsdag! Sjå bilda, så ser du korleis dei er sydde.

Tjuefem strikkeglade damer var torsdag samla på Hustadvika bibliotek for å høyre på Helga Björk Gudmundsdottir fortelje ...
09/04/2026

Tjuefem strikkeglade damer var torsdag samla på Hustadvika bibliotek for å høyre på Helga Björk Gudmundsdottir fortelje om islandsk strikkegarn. Ho viste fram lekre ferdigstrikka plagg og selde garnpakkar. Inspirasjon!

Velkomen til strikkekveld på Hustadvika bibliotek 9. april klokka 19-21. Helga Björk Gudmundsdottir frå Eidsbygda vil or...
22/03/2026

Velkomen til strikkekveld på Hustadvika bibliotek 9. april klokka 19-21. Helga Björk Gudmundsdottir frå Eidsbygda vil orientere om islandsk garn og vise oss ferdige strikkaplagg i Lopigarn. Det blir høve til å kjøpe garn og garnpakker. Me serverer kaffi og litt å bite i. Det blir ei enkel utlodning.

Det er mykje fin husflid i kyrkjene våre! Gunnlaug Helseth vov messehakelen til Vågøy kyrkje i 1981 og den hadde 45-årsj...
21/03/2026

Det er mykje fin husflid i kyrkjene våre! Gunnlaug Helseth vov messehakelen til Vågøy kyrkje i 1981 og den hadde 45-årsjubileum søndag 15. mars. Vakker! Nydeleg husflidsarbeid!

Ivrige syarar deltok på veskekurs i kveld og resultatet vart flotte vesker! Hugs at husflidslaget sine møte og kurs er o...
19/02/2026

Ivrige syarar deltok på veskekurs i kveld og resultatet vart flotte vesker! Hugs at husflidslaget sine møte og kurs er opne for alle! Følg med på Facebook. Neste husflidskveld er 3. mars. Då skal me lage påskepynt av sauefell.

Kortkurs i grunnsaum i kveld. Etter ei lita stund fekk me dreisen på nåla og tråden… Denne saumen finn me blant anna på ...
12/02/2026

Kortkurs i grunnsaum i kveld. Etter ei lita stund fekk me dreisen på nåla og tråden… Denne saumen finn me blant anna på Bolsøybunaden.

12 glade damer var på handarbeidskveld! Temaet var hekling, men sjølvsagt med opning for eige medbrakt handarbeid. Me fe...
15/01/2026

12 glade damer var på handarbeidskveld! Temaet var hekling, men sjølvsagt med opning for eige medbrakt handarbeid. Me fekk blant testa ut corner-to-corner-teknikk og grytekluthekling. Elles vart det hekla vottar (pjoning, eigentleg), lappeteppe og veske. Kanskje blir det kortkurs i veskehekling seinare i vinter.

I kveld laga me fine nisser av skinnfell! Søte, kva?
04/12/2025

I kveld laga me fine nisser av skinnfell! Søte, kva?

Adresse

Hustad

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hustadvika husflidslag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Hustadvika husflidslag:

Snarveier

Del