Mental Helse Ungdom Kvinnherad

Mental Helse Ungdom Kvinnherad Mental Helse Ungdom Kvinnherad - Fredagsklubben er open fredagar (sjølvsagt) fra 17:00-19:00💙

I går hadde Fredagsklubben sommaravslutning 🌸☀️Vi kosa oss med pizza, brettspel og kino 🎥🍿 – ein skikkeleg fin kveld sam...
30/05/2026

I går hadde Fredagsklubben sommaravslutning 🌸☀️

Vi kosa oss med pizza, brettspel og kino 🎥🍿 – ein skikkeleg fin kveld saman!

Vi vil nytta anledninga til å takka alle som kjem på Fredagsklubben og gjer dette til ein så kjekk, inkluderande og trygg møteplass 🫶🏻❤️ De betyr meir enn de kanskje trur!

Ei stor takk går òg til alle som heiar på oss og støttar det vi held på med. Det set vi utruleg stor pris på. Tusen, tusen takk! 🥰

Og du? Vi har sjølvsagt plass til fleire! Om du er nysgjerrig på kva vi driv med, eller kjenner nokon du trur dette kunne passa for, er det berre å ta kontakt. Vi jobbar for at alle som kjem til Fredagsklubben skal kjenna seg trygge og velkomne. Vi veit at første gong kan kjennast litt skummel, og derfor er vi flinke til å finna løysingar som gjer det litt enklare og mindre skummelt å bli med ☀️❤️

No ønskjer vi alle ein riktig fin sommar! ☀️🌸

Helsing frå oss i styret 🌼

28/05/2026

SOMMERAVSLUTTNING☀️🤩🍕😍

Så kjekt å sjå at folk vil ver med oss på sommeravslutningo vår! Her kjem litt praktisk informasjon til påmeldte🤩

Vi møtes ved Gry Helges kl.17.00. Der har vi reservert bord og det blir servert et utvalg av pizza😍🍕

Kl.20.00 blir det kino for å sjå "blackrooms"🫣😱

MHU Kvinnherad spandere pizza, ei drikka per pers. og kinobilletter😍 Dersom man ønsker nåke anna, og diverse snacks til kinoen må man kjøpe dette sjøl.

Vi gleder oss til en kjekk fredagskveld med dåke🤩

23/05/2026

Sommaravslutning med Fredagsklubben! 🥳

Heisann alle saman! ☀️
Fredag 29. mai skal fredagsklubben ha sommaravslutning! 🥰

Vi møtes kl. 17:00 ved Gry Helges bar og restaurant, for ein felles middag, og så går turen vidare til Husnes kino for å sjå "Backrooms" kl 20.00. 🤩

Du kan velga om du vil vere med på både middag og kino, eller bare ein av delene.
Det viktigaste er at du gjer oss beskjed om du kjem og ka du blir med på. Send inn påmeldinga di så fort som mulig, så vi får planlagt alt 🤩
Send mail til [email protected] eller kontakt oss på sosiale medier.

Fredagsklubben tar ein sommarpause etter dette, men vi er tilbake med meir sprell og moro ila august. Meir info om oppstart igjen, kjem då. ☀️

Takk for all støtten og takk til alle som tar turen innom på fredagar! 🥰🥰

22/05/2026

Fredagsklubben er åpen i kveld fra 17-19, kom og bli med på ein hyggeleg kveld 🥰 Vi håpar å sjå så mange som mulig! 🫶🏼

I dag har vi hatt spelekveld på fredagsklubben 🤩Det var god stemning og masse latter 🥰🥳Tusen takk til alle som tok turen...
15/05/2026

I dag har vi hatt spelekveld på fredagsklubben 🤩
Det var god stemning og masse latter 🥰🥳
Tusen takk til alle som tok turen innom 🫶🏼

Vi gleder oss sikkelig til tur i sommar☀️Kvinnheringen var innom å snakka med noken av oss i styre ang turen! 🌸☀️Vi har ...
09/05/2026

Vi gleder oss sikkelig til tur i sommar☀️

Kvinnheringen var innom å snakka med noken av oss i styre ang turen! 🌸☀️

Vi har forsatt ledige plassar, så det er fortsatt mulighet til å melde seg på sommaren høgdepunkt 🤩🌸☀️

Gjengen i Mental Helse Ungdom Kvinnherad skipar til ny fellestur for unge vaksne, og utvidar med ein ekstra dag ❤️👏🏼(Lenke i kommentarfelt)

I kveld har vi spilt Kvinnheradmeisteren og holdt litt på med tegning på Fredagsklubben. Kjekk gjeng å ver samla i lag m...
08/05/2026

I kveld har vi spilt Kvinnheradmeisteren og holdt litt på med tegning på Fredagsklubben. Kjekk gjeng å ver samla i lag med!🥰

Vi har fortsatt ledige plasser for turen vår, og vil gjerne ha med oss fleire på tur!🥳 Spre order med venner! Om du har ...
05/05/2026

Vi har fortsatt ledige plasser for turen vår, og vil gjerne ha med oss fleire på tur!🥳 Spre order med venner!

Om du har spørsmål eller noke er uklart så ta gjerne kontakt med oss! Vi kan også ta ein prat og fortelle litt om turen og tiltaket før ein bestemmer seg om ein har lyst å væra med 🌸🎊

Vi gleder oss veldig til tur🫶🏻

Sommartur til Stavanger 1.–5. juli 🌞

Som i fjor inviterer Mental Helse Ungdom Kvinnherad til ei sosial og opplevingsrik langhelg i Stavanger! Turen er for deg mellom 18 og 36 år, og passar for alle – du treng ikkje kjenne nokon frå før.

Vi bur samla på folkehøgskule der vi har vår eigen etasje. Alle får eigne rom, og bad blir delt med 2–3 andre. Det er også fellesareal der ein kan vere sosial, men det er sjølvsagt heilt greitt å trekke seg tilbake om ein treng pause.

Dagane vil bestå av både organiserte aktivitetar og fritid. På programmet står blant anna tur til Kongeparken, escaperoom, bowling og moglegheit for RIB-tur i Lysefjorden. Aktivitetane er ikkje obligatoriske – du vel sjølv kva du vil vere med på.

Turen inkluderer transport, overnatting og fleire måltid. Vi i styret legg stor vekt på å skape ein trygg og inkluderande tur, og det vil alltid vere ansvarlege leiarar til stades. Dette er ei fin moglegheit for unge vaksne som ikkje har reist så mykje på eiga hand, til å få oppleve ein ferie i trygge rammer.

Pris:
Gratis for medlemmar
500 kr for ikkje-medlemmar

Er du usikker på om dette er noko for deg?
Du kan ta kontakt med oss i styret for ein uforpliktande prat. Vi svarer gjerne på spørsmål og fortel meir om korleis turen vil vere – slik at det skal kjennast trygt å bli med.
Påmelding og spørsmål:
[Renate Olderkjær Kolaas] – [901 89 773]
Begrensa plassar – meld deg på!

Adresse

Lonavegen 3
Husnes
5460

Åpningstider

17:00 - 21:00

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Mental Helse Ungdom Kvinnherad legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del