Hovdebygda Fotball

Hovdebygda Fotball Dette er Hovdebygda Fotball si offisielle side. Nettside: hil-fotball.no
Facebook: facebook.com/hilfotball

Audun Lillebø og Rikard Johannes Osnes er klar for HIL! 🔴⚪️Vi er strålande fornøgd med at Audun Lillebø og Rikard Johann...
02/06/2026

Audun Lillebø og Rikard Johannes Osnes er klar for HIL! 🔴⚪️

Vi er strålande fornøgd med at Audun Lillebø og Rikard Johannes Osnes vender tilbake og ikler seg dei raude fargane våre igjen ⚽️

Rikard melde overgong til Volda i vinter, men etter eit halvår og 6 kampar kjem han no tilbake til HIL. Rikard står med 81 seniorkampar for Hovdebygda frå tidligere.

Audun gjekk til Hareid på hausten i fjor, men kjem no tilbake til HIL. Han står med 50 seniorkampar og 32 mål frå forrige periode i klubben.

Vi ynskjer begge to hjertelig velkommen tilbake og gler oss til å sjå kva dei kan bidra med i gruppa ⚽️

Siste heimekamp for gulljentene J11 i blått og raudt mot eit godt Spjelkaviklag. Jentene kjempa sterkt og spelte god fot...
01/06/2026

Siste heimekamp for gulljentene J11 i blått og raudt mot eit godt Spjelkaviklag. Jentene kjempa sterkt og spelte god fotball. Ein skikkeleg slitekamp, med mykje å vere stolte av 💪🏼 No gjenstår berre ein bortekamp for jentene før sommaren. I år spelar dei på øvste nivå. Det blir ein spanande haustsesong.
Vi ser fram til å følge jentene og resten av våre aldersbestemte lag, både på turneringar og på seriekampar.
Takk til Spjelkavik for kampen.

HEIA HIL/MIL OG HEIA JENTEFOTBALLEN! ❤️💙

Hovdebygda rekrutt - Sande 2Sluttresultat: 10-3 (6-1) HISTORISK KAMP FOR REKRUTTLAGET! For ein kveld det vart på Hovdeby...
01/06/2026

Hovdebygda rekrutt - Sande 2
Sluttresultat: 10-3 (6-1)

HISTORISK KAMP FOR REKRUTTLAGET!

For ein kveld det vart på Hovdebygda Stadion for dei frammøtte i kveldens 6.divisjons-kamp. Eit rekruttlag som skaut ut av startblokkene og motstanderlaget skjønte ikkje kva som traff dei. Allerede når vi passerte 12 min hadde vi satt 4 mål bak keeperen til Sande, signert av Mathias Reindal, Elias Lothe og 2 mål av Bjørnar Holen. 26 min spelt sett Magnus Vadstein Viddal inn 5-0 og vi har veldig god kontroll på kamp, sjølv om Sande skaper nokre småsjansar og sett inn ei redusering til 5-1. Like før pause skal vi sett 6-1 også når Ilija klemmer til, treffer via ein Sande-speler og i mål, der det blir kreditert sjølvmål.

Målfesten fortsetter i 2.omgang der Ilija får kreditert målet sitt like etter pause til 7-1. Sande reduserte igjen til 7-2 like etter. Ila dei neste minutta sett vi inn både 8-2 med Sigurd Salvesson og 9-2 med Marius Saure Riise og fortsatt stod det kun 56 min på klokka. Etter 65 minutt skulle Mads Ryste også få vere med på moroa, og satt inn 10-2. Plutselig stod det tosifra på tavla, noko som er historisk for rekruttlaget. Vi gir dei ei redusering til på slutten til 10-3. Men alt i alt ein solid gjennomført kamp der vi har heile 8 ulike målscorarar til slutt og Jørgen Winjevoll får sin heimedebut for Hovdebygda.

Kjekk kveld på stadion og godt for målforskjellen i toppen av tabellen! Einaste skår i gleda er skaden til Tobias Nedreberg, som vi håper snart er tilbake på fotballbana!

Neste heimekamp for rekruttlaget er onsdag 17.juni kl 18.30 mot Vartdal!

Heia HIL 🔴⚪️⚽️

Kamptråd!Her er laget mot Sande 2 presentert av A. Våge as. Møt opp på Hovdebygda Stadion og støtt laget til seier! Kamp...
01/06/2026

Kamptråd!

Her er laget mot Sande 2 presentert av A. Våge as.

Møt opp på Hovdebygda Stadion og støtt laget til seier! Kampstart kl 18.30. Heia HIL 🔴⚪️

Allerede i morgon mandag 1.juni skal rekruttlaget vårt i 6.divisjon i aksjon igjen. Sande 2 står på motsatt halvdel heim...
31/05/2026

Allerede i morgon mandag 1.juni skal rekruttlaget vårt i 6.divisjon i aksjon igjen. Sande 2 står på motsatt halvdel heime på Hovdebygda Stadion ⚽️ Det er tett i toppen og kvart poeng trengs for å henge med. Difor treng vi støtte frå publikum! Kom på kamp og støtt laget. Kampstart kl 18.30, heia HIL 🔴⚪️

Hovdebygda – Sykkylven 0–4 (0–3)I kveld tok damelaget til Hovdebygda imot Sykkylven på heimebane. Trass i god innsats fr...
27/05/2026

Hovdebygda – Sykkylven 0–4 (0–3)

I kveld tok damelaget til Hovdebygda imot Sykkylven på heimebane. Trass i god innsats frå Hovdebygda, vart det tre poeng med heim til Sykkylven denne kvelden.

Takk for kampen.

Foto: Ann Katrin Hjorthaug

Ørsta 2 - Hovdebygda rekrutt Slutt: 4-2 (1-0) Lokaloppgjer i 6.divisjon i kveld når Ørsta 2 og Hovdebygda rekrutt møttas...
27/05/2026

Ørsta 2 - Hovdebygda rekrutt
Slutt: 4-2 (1-0)

Lokaloppgjer i 6.divisjon i kveld når Ørsta 2 og Hovdebygda rekrutt møttast til dyst. Vi startar brukbart første halvdelen av første omgang, og kjem til fleire avslutninger mot mål, men vi klarer ikkje å sette ballen i mål. Ørsta tek ledelsen etter 23 min og tek meir over kampen før pause. Det står kun 1-0 til pause.

I andre omgang har vi nokre muligheter i starten, men Ørsta kjem alt for enkelt til sjanser og sett inn både 2-0 og 3-0 før vi har passert 60 min. Vi gjer nokre bytter, blant anna Marius Riise kjem inn og minuttet etter bytte reduserer han til 3-1 med å vere på riktig plass til riktig tid foran mål. Vi slepp Ørsta enkelt til igjen og dei sett inn 4-1 nokre minutt seinere. 78 minutt spelt når Marius Riise leverer dagens finaste scoring, han ser keeper står langt ute og klinker til frå hjørnet av 16-meter i ei nydelig bue over keeper og I mål. Flott scoring av 2-målsscorer Marius, som gjer eit godkjent innhopp!

Elles er det verdt å gratulere Jørgen Winjevoll med debut for Hovdebygda, og samtidig ønske han velkomen til klubben. Ein nærare presentasjon vil kome på eit seinare tidspunkt!

No må vi opp på hesten igjen og slå tilbake når Sande 2 kjem på besøk til Hovdebygda Stadion mandag 1.juni kl 18.30! Håper på mykje folk til den kampen 🔴⚪️

KAMPDAG x2! 4.divisjon kvinner, Hovdebygda  - Sykkylven på Hovdebygda Stadion og Ørsta 2 - Hovdebygda rekrutt på Aurstad...
27/05/2026

KAMPDAG x2!

4.divisjon kvinner, Hovdebygda - Sykkylven på Hovdebygda Stadion og Ørsta 2 - Hovdebygda rekrutt på Aurstad Arena!

NB! Kampen til damelaget har kampstart kl 18.00 på Hovdebygda Stadion!

Møt opp og støtt laga våre til seier!

Heia HIL ⚽️

Her er oversikta over kamper for våre lag den komande veka. A-lag Herre har kampfri fram til 12.juniRekruttlaget er fort...
24/05/2026

Her er oversikta over kamper for våre lag den komande veka.

A-lag Herre har kampfri fram til 12.juni

Rekruttlaget er fortsatt ubeseira i 6.divisjon og no venter eit herlig lokaloppgjer mot Ørsta 2 på Aurstad Arena onsdag 27.mai kl 18.30. Kle deg i raude farger og støtt gutane til ny seier!

Vil du heller sjå kamp heime på Hovdebygda Stadion same kveld speler damelaget mot Sykkylven i 4.divisjon. Etter seieren mot Hasundgot sist er laget no på gang i serien! Ta turen på stadion og støtt dei til ny seier kl 18.30 onsdag 27.mai!

Heia HIL 🔴⚪️

4 av våre aldersbestemte lag speler også kamper denne veka, der 3 av laga skal til Ulsteinvik for å møte Hødd!

Heia HIL/MIL 🔴🔵

KOM PÅ KAMP!

Hovdebygda  - Spjelkavik 2 Resultat: 0-1 (0-0)Det vart ikkje heilt resultatet vi ønska når vi i kveld tok i mot Spjelkav...
22/05/2026

Hovdebygda - Spjelkavik 2
Resultat: 0-1 (0-0)

Det vart ikkje heilt resultatet vi ønska når vi i kveld tok i mot Spjelkavik 2 på heimebane. Vi snakka om å gjenskape dei forrige heimekampane vi har hatt til no i år, men i dag var vi ikkje der vi skal vere på heimebane.

Det tok lang tid før vi kom til store sjanser i første omgang, men til gjengjeld var dei brukbare når vi først fikk dei. Det samme gjelder andre veien, Spjelkavik 2 kom også til fleire store sjanser. Men ingen av laga klarte å sette ballen i mål i 1.omgang. Kampen fortsette i samme spor i andre omgang. Vi kjem til små tilløp utover i omgangen, men det er bortelaget som får kampens einaste mål med 0-1 etter 72 min. Vi starter en sluttspurt mot slutten, der Bjørnar kjem nærmast med et skudd som stryk stolpen. Dessverre ender det med 0-1 tap på heimebane.

Neste heimekamp, som også er neste seriekamp, er ikkje før fredag 12.juni mot Hareid kl 18.30.

Dagens beste Hovdebygda-spelar vart kåra til Olav Vadseth, han fekk med seg eit gåvekort på 250 kr frå dagens kampsponsor Coop Extra Furene.

Adresse

Langemyra 7
Hovdebygda
6160

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hovdebygda Fotball legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Hovdebygda Fotball:

Del