Hjelmeland Samfunnshus

Hjelmeland Samfunnshus Hjelmeland Samfunnshus opna i 1983, og er storstova i Hjelmeland kommune.

Samfunnshuset blir drive av Nye Hjelmeland Samfunnshus AS, som er eigd av Hjelmeland Teater, Kulturprodusentane, Hjelmeland E-sport og Lions Club Hjelmeland.

Dersom du nå går på Samfunnshuset, (og det bør du av og til) og tar en kikk oppunder taket, vil du sjå at her har det sk...
20/04/2026

Dersom du nå går på Samfunnshuset, (og det bør du av og til) og tar en kikk oppunder taket, vil du sjå at her har det skjedd noko.
Nei, vi har ikkje tenkt å begynne med sirkus. Derimot har vi fått installert ein splitter ny rigg for scenelys.
Inntil no har heile rigge bestått av to-tre 2toms jernrøyr. Teknikarane våre har med liv og helse som innsats justert lampene med å klatre opp i stige sett opp mot eit dinglande røyr. Nestenulykker har me sett fleire gonger igjønå dei siste 40 åra.
Fra no av, vil vi heise ned heile riggen og justere lysa trygt ståande på parkettgolvet.
Riggen er levert av Hove West. Her er store krav til tryggleik. Riggen skal sertifiserast av Krankontrollen. For å vere heilt sikker på at publikum kan sitje trygt under hengande lamper, har vi ikkje spart på noko når det gjeld tryggleik. Investeringa blei på godt over den halve millionen.
Gode støttespelrar har gjort at vi fekk fullfinansiert riggen. Takk til Ryfylkefondet, Rogaland Sparebank sitt gavefond, og Sparebankstiftelsen SR-Bank, for rause gave. Tusen takk!

Dette er frå overrekkelsen av tildelt gave fra Sparebankstiftelsen SR-Bank nyleg.  Med dette beløpet, saman med penger f...
27/11/2025

Dette er frå overrekkelsen av tildelt gave fra Sparebankstiftelsen SR-Bank nyleg. Med dette beløpet, saman med penger fra Ryfylkefondet og fra Rogaland Sparebank, har me fått fullfinansiert ny lysrigg på Hjelmeland Samfunnshus. Då gler med oss til å realisere prosjektet.
Takk til bidragsyterne!

Kunne din bedrift tenke seg å være sponsor for Hjelmeland Samfunnshus?Me har nå sikra drifta for dei neste 5 åra.  For o...
19/11/2025

Kunne din bedrift tenke seg å være sponsor for Hjelmeland Samfunnshus?
Me har nå sikra drifta for dei neste 5 åra. For opprusting og modernisering av huset, treng vi penger. Kontakt oss anten på telefon 906 62 985, for å finne ut korleis din bedrift kan dere med å støtte, eller send ein PM, så kontaktar vi deg.
Det skjer noko på huset nesten kvar dag, så det er ein god plass for profilering.

Korfor ikkje ta seg en søndagstur på kino?👍
11/10/2025

Korfor ikkje ta seg en søndagstur på kino?👍

Neste kinodag er sundag 12.10

Et par raffe solbriller funne i amfiet her om dagen.  Er de dine? Gi oss et hint, gjerne til post@hjelmeland-samfunnshus...
08/10/2025

Et par raffe solbriller funne i amfiet her om dagen. Er de dine? Gi oss et hint, gjerne til [email protected]

Kommunestyre-representantane frå Senterpartiet, Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti sikra i dag fleirtal for ei...
03/04/2025

Kommunestyre-representantane frå Senterpartiet, Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti sikra i dag fleirtal for ein langsiktig og forutsigbar avtale om årleg tilskot til drift av Samfunnshuset.

Tusen takk til Sp, Ap og SV, for at dokker har trua på oss! Dette gjev oss ny giv til å satsa!

Det betyr ufatteleg mykje å ha Hjelmeland kommune i ryggen, nå når me skal til med store oppgraderingar og omorganiseringar for å driva Samfunnshuset vidare.

Og til alle gjestene på Samfunnshuset: Hugs at alt starta med at Sp, Ap og SV valde å satsa på oss!

Anders Smith begynte denne veka i stillinga som dagleg leiar i Hjelmeland Samfunnshus. Styret ynskjer han varmt velkomme...
04/03/2025

Anders Smith begynte denne veka i stillinga som dagleg leiar i Hjelmeland Samfunnshus. Styret ynskjer han varmt velkommen, og ser fram til godt samarbeid.

Adresse

Askvikbakken 1
Hjelmeland
4130

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hjelmeland Samfunnshus legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del