17/03/2025
Kjære publikum, vener og sambygdingar!
For ei helg dette har vore! Fire fulle hus, eit fantastisk publikum og ei stemning som varmar heilt inn i hjerterota. Revygruppa i ungdomslaget Heimhug vil rette ei stor og hjarteleg takk til dykk som kom og såg Heim til oss på Hjelmås. Utan dykk hadde ikkje denne opplevinga vore den same!
Ein revy blir ikkje til av seg sjølv. Bak sceneteppet står eit heilt lag av eldsjeler som bidreg på ulikt vis. Scenefolket som klekkjer ut dei løgnaste ideane og skriv absurde tekstar før dei speler dei ut på scena. Familie, vener og sambygdingar som stiller opp på dugnad – som vakter, hjelper til med innkjøp, rigging, servering og alt anna som må ordnast. Me er djupt takksame for innsatsen dykkar!
Ein stor takk går òg til vår dyktige instruktør Lars Voss Sørhus som gjer oss mot og tryggleik til å by på oss sjølve. Takk for at du vil leika med oss år etter år! Og til vår musikalske tryggleik Daniel Hauge– han som fiksar og fakser og bidreg musikals seint og tidleg, slik at alt klaffar når teppet går opp.🎶🎭
Me vil òg rette ein stor takk til begge lokalavisene våre, Avisa Nordhordland og STRILEN, for å ta seg tid til å dekke revyen. De har skildra arbeidet vårt med varme og engasjement, og det betyr utruleg mykje for oss!
Til slutt – eit rungande TAKK til publikum! De møtte opp, lo, klappa og heia oss fram. Det gir oss både pågangsmot og inspirasjon til å halde fram. Me gler oss allereie til neste gong!
Tusen takk!