19/04/2026
📣 Medlemskap i Solund Idrettslag og årets medlemskontingent 😊
⚽️🤾♀️🏃♀️🏒 🤸♀️For å vere med på aktivitetane til Solund Idrettslag (fotball, handball, 4x4, innebandy etc.) må du vere medlem.
⛰️🏃♀️ Ein må også vere medlem for å vere med på den årlege fjelltrimkonkurransen.
Nokon ynskjer også å vere medlem sjølv om ein ikkje er med på aktivitetane til Solund Idrettslag, dette det vi STOR pris på! 🥰
I desse dagar vert årets medlemskontingent sendt ut. Du eller ein i familien din vil få e-post frå Solund Il., sjekk gjerne søppelpost om du ikkje finn den. Det er viktig at fakturaen vert betalt til det kontonr. som står på fakturaen, og det er riktig at betalinga går til Buypass AS.
Har du fått faktura på medlemskontingent men ynskjer ikkje å vere medlem lengre. Send e-post til oss så krediterer vi fakturaen.
Dersom du ynskjer å bli medlem i Solund Idrettslag må du registrere dette sjølv her: https://www.minidrett.no/medlemskap/25612
Har du spm. om medlemskap eller kontingent kan du ta kontakt på e-post: [email protected] eller ta kontakt med kasserar Irene Sanden, tlf. 970 40 924.
Hugs at Solund Karateklubb er ein eigen klubb og ikkje ein del av Solund Idrettslag. For å gå på bading treng du heller ikkje vere medlem.
Meir info om medlemskap finn du her: https://www.solundil.no/bli-medlem/