Granvin Ungdomslag

Granvin Ungdomslag Granvin Ungdomslag er eit frilynt lag som skal arbeida for samhald, samarbeid og livsglede mellom bygdefolket (Granvin Ungdomslag, skipa 1893)

På Granvinsdagen, laurdag 29.august, kjem Ausekarane til Trudvang. Tør du gå glipp av denne kvelden?Billettar ligg ute p...
11/08/2026

På Granvinsdagen, laurdag 29.august, kjem Ausekarane til Trudvang. Tør du gå glipp av denne kvelden?
Billettar ligg ute på ticketco 💥

18/05/2026

Rundt 17. mai vert utallige dugnadstimar lagt ned i Trudvang. Berre utkøyring av Treskoposten tek ei lita arbeidsveke om ein person skulle gjort jobben åleine. Årets høgdepunkt er over, og me ynskjer å takka alle som har bidrege med stort og smått før, under og etter 17. mai!

Planlegging, innkjøp, koking, matservering, oppvask, rydding og vasking, vakthald, billettsal, organisering av barnedans, vaksendans, lyd og lys. Utallige stolar og bord som skal riggast opp og ned, utallige bilar og køyretøy som har frakta Treskoposten rundt i bygda. Alle musikarar som har gjeve av musikken sin, og menneske som har gjeve av tida si!

Ein kan verta litt mållaus av å tenke på summen av dei gode kreftene i sving, både i Trudvang og i resten av grenda vår på slike dagar. Me elskar å å sjå så mykje godt samarbeid, og livsglede i Granvin!

Vel overstått nasjonaldag frå oss i Granvin Ungdomslag.

17. mai nærmar seg med stormskritt, og det gjer også årets utgåve av Treskoposten. Spenninga stig, lufta dirrar. Her fin...
15/05/2026

17. mai nærmar seg med stormskritt, og det gjer også årets utgåve av Treskoposten. Spenninga stig, lufta dirrar. Her finn du meir informasjon om kjøp/sal av den 68. årgangen av Treskoposten!

Linjene stenger i morgon, 15. mai kl. 15.00. Har du noko på hjarta? Kom med det! Via alle moglege kanalar.Helsing redaks...
14/05/2026

Linjene stenger i morgon, 15. mai kl. 15.00.
Har du noko på hjarta? Kom med det! Via alle moglege kanalar.
Helsing redaksjonen

13/05/2026
Minnar om at det er på tide å finne fram penn og papir!Fristen for å levere inn bidrag til årets Treskoposten er fredag ...
11/05/2026

Minnar om at det er på tide å finne fram penn og papir!
Fristen for å levere inn bidrag til årets Treskoposten er fredag 15. mai kl. 15.00.

Du kan levere dine bidrag i postkassa på Trudvang, heilt anonymt, til alle døgnets tider. Du kan også sende oss ditt bidrag på epost til [email protected] (me har teieplikt). Om du har ein etablert veg inn til redaksjonen via-via-via, kan du halde fram og levere dine bidrag på akkurat samme måte som du har gjort før.

Me i GUL gler oss til å sjå gamle, etablerte, hemmelege nettverk verta tekne i bruk i dagane som kjem!

Takk til alle som brukte laurdagen sin på dugnad, både til denne fine gjengen som møtte i Trudvang og til alle andre som...
25/04/2026

Takk til alle som brukte laurdagen sin på dugnad, både til denne fine gjengen som møtte i Trudvang og til alle andre som har vore på dugnad i andre levande krokar av bygda!👏

Trudvang har tradisjonen tru fått vårvasken sin, og me har i tillegg sett igang eit arbeid med scenen og stolrommet vårt. Nye gardiner er komne opp på kjøkenet, me har malt, rydda, pussa koparkjelane til 17.mai og kost oss saman med mykje god mat. Lenge leve dugnadsånda!

Adresse

Hardangervegen 2507
Granvin
5736

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Granvin Ungdomslag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Granvin Ungdomslag:

Snarveier

Del