10/01/2026
Minneord for Ola Granheim
Han Ola har heilt i frå konfirmasjonsalderen vore svært interessert i skyting. Når han var i den alderen og høyrde det var skyting på skytebanen tok han sykkelen og sykla dit.
Fyrst begynte han å vera med på anvisning, for med det kunne han tene nokre kroner, då det vart betalt for anvisning den tida. Etter kvart meldte han seg inn i Ødegården Skyttarlag, og vart med i det som den gong heitte juniorklassen. Den gongen var det 16 års aldersgrense for å vera medlem, og Ola var med når dei eldre
skyttarane var rundt i dalen på pokalskytingar og samlagsstevner.
Etter ein del år kom han inn i styret til skyttarlaget, og tok etter nokre år over som leder. Dette vervet hadde han i mange år. Han ledet laget godt, og fekk auka interresa for skyting blant mange medlemmer.
Ola var flink til å vera med på dugnader, og var det noko som skulle ordnast på, var han blant den første i gjengen som møtte opp. Blant anna jegerprøvene her var han gjennom mange år av dei trufaste til å hjelpe til. Ola var òg med på innteksbringandedugnad med å skaffe reklame inntekter på skytebanen. Ungdomsarbeidet har han gjennom mange år vore ivirg på, og kom difor med i Ungdomsutvalget i Hallingdal Skyttersamlag, her var han med i fleire år.
Landskyttarstevnet reiste Ola på i mange år. Han tok turen om det var langt nord eller lengst sør. Han reiste enten med familien eller åleine. Ola vart valgt til leder i Hallingdal Skyttersamlag, dette vervet hadde han gjennom mange år, og gjorde mykje arbeid.
I Gol og Ødegården Skyttarlag har han vore revisor i mange år, og på siste årsmøte han var på la han fram forslag om at ein del av laget sine pengar skulle settast på sparekonto. Ein av lagets medlemmer besøkte han heime, no siste søndag før jul, og sjølv om sjukdommen prega han hardt, spurde han om dette var ordna. Då han fekk beskjed om at sparekonto var på plass lysna han opp i ansiktet og var glad for det.
I 2021 vart Ola æresmedlem i skyttarlaget for sitt arbeid gjennom mange år.
Det blir eit stort sakn etter Ola, no når han har gått bort. Han var ein person som var lett å prate med, og enkel å be om hjelp, om det var noko han kunne hjelpe til med.
Me lyser fred over ditt minne!
Gol og Ødegården Skyttarlag