07/05/2026
I dag er det siste klubbklatring inne før sommaren! 🌞
⏲️17.30 barn og ungdom
⏲️19.00 Vaksne
Det er instruktør til stades som kan rettleia.
Har vi tid og kapasitet vil vi invitere til sporadiske klubbklatringer ute, så følg med her på facebook for informasjon.
I mellom slagene har vi begynt å pusse fram nokre ruter på det gamle klatrefeltet Reachen ved Skaga. Reachen kan by på spennande og vertikal klatring på 7-tallet. Reachen er beskevet i Hemsedalsføren. Send gjerne ei melding om det er noko spørsmål til feltet.
Ellers så har vår egen Lars Storheim lagt ned ein solid innsats for å utvikle feltet "Høgahaug" ved gården hans på Espeset. Høgahaug kan by variert klatring fra 5 - 7 tallet som kan måtte kreve litt kreative fotplasseringer (Kjem også eit knallhardt prosjekt etterkvart😁). Meir informasjon på The Topo: https://thetopo.com/crags/hogahaug
"Climb ON"💪