Gol Historielag

Gol Historielag Gol historielag ynskjer alle velkomne til å ta opp ting vi bør arbeide med eller legge inn bilete og Vi ynskjer å medverke til at kulturminne blir teke vare på.

Vi arbeider for å samle Gol si historie frå vår tid og attover. Samt formidle den lange og fantastiske historia me har. Ellers er det naturleg å være eit knutepunkt for samarbeidet med andre områder og organisasjoner for gjennom slikt arbeid auke kunnskapen til våre medlemmer og kjennskapen til oss ellers i verda. Me er støttespelar til bl a vere støttespelar for Gol bygdearkiv.

Kanskje me kan hjelpe? Denne eposten kom nyleg:"Jobber for tiden med et bokprosjekt om den tyske krigskirkegården på Alf...
22/04/2026

Kanskje me kan hjelpe? Denne eposten kom nyleg:
"Jobber for tiden med et bokprosjekt om den tyske krigskirkegården på Alfaset i Oslo. I den sammenheng er vi på utkikk etter informasjon om en tysk soldat som døde på Gol den 9. august 1945. Har dere kjennskap til denne hendelsen?

Navnet var Karl Gette, født 21. september 1913. Han ble gravlagt på en kirkegård i Hallingdal før graven ble flyttet til Alfaset krigskirkegård høsten 1953."

Av dokumentasjon tyder det på at han vart gravlgd i Herad kapellet. Kom gjerne med informasjon om bakgrunnen til han, dødsfallet og oppgraving og forsendelse til Oslo?

Banda til USA blir enno svakare no då denne festivalen blir lagt ned...toll, visum, usikkerhet elles gjer at færre reise...
30/03/2026

Banda til USA blir enno svakare no då denne festivalen blir lagt ned...toll, visum, usikkerhet elles gjer at færre reiser...Vi får håpe det rettar seg på sikt.

Experience the magic of Scandinavian culture at Norsk Høstfest in Minot, North Dakota — authentic food, music, crafts, and unforgettable family fun!

Årsmøte for medlemmene i Gol Historielag blir onsdag 25. mars kl 1900 på Helselagstugu.Innkalling og årsmøtesaker blir s...
28/02/2026

Årsmøte for medlemmene i Gol Historielag blir onsdag 25. mars kl 1900 på Helselagstugu.

Innkalling og årsmøtesaker blir sendt minst 1 veke før, men sett av tid no. Innhald: Årsmøtesaker, kaffe og kaker og foredrag/kåseri.

Kåseriet blir helde av Einar Hanserud om utviklinga i Hallingdal og Nesbyen spesielt. Einar brenn for lokalhistoria og har gjeve ut fleire bøker; om byggestil og byggeskikk i Nesbyen, «Glimt av Nes-historie» i tekst og bilete og no sist ei samling med artiklar som han har skrive dei siste 20-åra. Han er verdt å høyre på! Knappt nokon har same innsikt og forteljarevne som Einar. Så alle saman nytt høvet og møt opp! Møtet er opent også for ikkje medlemmar frå omlag kl 2000.

Invitasjon til foredragDen fyrste misjonæren frå Gol, Mari Ruspergard (Rustberggard) hadde eit utruleg liv. Virke og liv...
28/02/2026

Invitasjon til foredrag

Den fyrste misjonæren frå Gol, Mari Ruspergard (Rustberggard) hadde eit utruleg liv. Virke og liv blir levandegjort av Ludvig Munkejord som fortel historia hennar på sjølvaste kvinnedagen - sundag den 8. mars kl 1800 på Gol Bedhus.

Ho reiste til Kina i 1915 og kom heim til Noreg for godt i 1947. Over 30 år i ei svært omveltande tid for Kina.

Dette er ei forteljing om strevsame reiser, om arbeid i medgang og motgang i ein framand kultur, om konstant krig, uro, flukt og bittelitt fred innimellom. Dette blir spennande!☺️

Medlemmar i Gol Historielag er velkomne. Det er Ludvik Munkejord og Normisjonen som er ansvarleg - sjå plakaten under.

Kaffe og kaker. Med eventuelt bidrag til kjøkkenet.

Gol SentrumGol Historielag har i sitt siste styremøte vedtatt og arbeide fram ei bok med ein presentasjon for utviklinga...
11/02/2026

Gol Sentrum
Gol Historielag har i sitt siste styremøte vedtatt og arbeide fram ei bok med ein presentasjon for utviklinga frå dei eldste tidene fram til notid.

Det er nedsett ei arbeidsgruppe for dette, men vi vil gjerne ha fleire med på arbeidet i den. Vil du vere med på dette?

Elles ynskjer med innspel til oss som vi kan arbeide med. Spesielt er hendingar, folkelege historier om fastbuande og turistar etc

Meir informasjon kjem på årsmøtet i slutten av mars. Foreløpig kan de sende henvendelsen til vår Messenger adresse. Eller til Gudmund Brekko, leiar i Gol Historielag.

DETTE BLIR BRA!?

Vi har mange med slekt til Canada og USA. Tida er kanskje rett for å vedlikehalde banda dit? I alle fall er vi særs glad...
09/01/2026

Vi har mange med slekt til Canada og USA. Tida er kanskje rett for å vedlikehalde banda dit? I alle fall er vi særs glade for bidrag me får frå medlemma vår for å fylle hola våre i felles utvandringshistorie. Her er eit lite klipp frå ei interessant historie. På bryllaupsbiletet frå 1905 er Ola E. Lie og Ragna Søreli. Dei kalla seg Lee derover. Ole reiste over som 21 åring med broren Sander på 19 år i1894. Etterkvart kom heile familien etter kring (1900). Far, mor og 5 andre syskjin.

På bilete 2 er det bilete frå "reunionen" på garden Lee i 2001.

Fleire historier er me glade for å ta imot og deler i eit medlemsmøte - truleg på hausten.

Gol historielag har eit lite restlager atte av historisk  - så kalender 2026 til fortsatt for sal. Eit samleobjekt og sa...
17/12/2025

Gol historielag har eit lite restlager atte av historisk - så kalender 2026 til fortsatt for sal. Eit samleobjekt og samtidig fin på veggen.

Stikk innom Gol Bygdearkiv, Gol Verktøy og Sport eller Norli Bokhandel (Gol) m fl har kalendarar tilgjengjeleg. Mange flotte bilete iår også.

Kjøper du direkte hjå oss og er medlem så er prisen kr 100, mens ellers hjå forhandlarar er prisen kr 150.

PS: Bygdearkivet er ope frå kl 1000 - 1400 mandag og torsdag.

Gløymde du å kjøpe boka ifjor? Då er det på tide med å kjøpe denne boka no! Få bøker no. Boka passar i heimen, på hytta ...
15/12/2025

Gløymde du å kjøpe boka ifjor? Då er det på tide med å kjøpe denne boka no! Få bøker no.

Boka passar i heimen, på hytta eller i bedriften. Ei flott gåve eller for eiga bruk. Medlemmar får kjøpe boka for kr 300,00. Er du ikke medlem så kostar boka kr 399,00. Men du kan bli medlem og bestille bok ved å bruke VIPPS #947957 og velge produkt :-). Så avtalar vi utlevering på omforeint stad på Gol. Også dei som ikke er medlemmar og ikkje ynsker å bli det kan velge oppgitt VIPPS nummer. Om forsendelse via Post så må mottakar betale denne ekstrakostnaden.

Elles kan du kjøpe boka til full pris på stadane som er nemnd i annonsa under - kr 399,00.

God Jul - og kos deg med boka!

26/11/2025

Påminning om møte ikveld kl 1900 på Helselagstugu.

Alle kan møte - om du ikkje er medlem så kan du bli det :-).

Velkommen til medlemsmøte 26.11. Adventskos med Gol HistorielagDenne gongen vil me få høyre om Rotneims-Knut. Den dramat...
27/10/2025

Velkommen til medlemsmøte 26.11.

Adventskos med Gol Historielag
Denne gongen vil me få høyre om Rotneims-Knut. Den dramatiske livshistoria til Rotneims-Knut ( 1810-1851 ) frå Rotneim i Gol. Han var ein kjend stordansar, og låten med same navn er framleis viden kjend. Han var og kjend for å vere ei slosskjempe og ein kranglefant. Foredrag av Anne-Kari Eriksen.

Elles så brukar vi tida på arbeidet med Utvandring slik vi har lagt opp til. Vi ynskjer gjerne medvirkning og innspill.

Litt å bite i bi`re tid til også. Og kaffe eller te vert servert attåt.

Velkommen til Helselagstugu den 26.11.kl 1900

31/08/2025

DET BLIR EIN FIN-FIN DAG PÅ HAMAR. ME GLER USS! GOD TEMPRATUR, SOLA TITTAR FRAM OG IKKJE REGN...

Oppdatering:Bussen står klar ved Gol Skysstasjon frå omlag kl 0830. Avgangen er planlagt kl 0900.Vi stoppar undervegs ca...
24/08/2025

Oppdatering:
Bussen står klar ved Gol Skysstasjon frå omlag kl 0830. Avgangen er planlagt kl 0900.

Vi stoppar undervegs ca kl 1045 på Kafe Bjørnen, Odnes - https://www.gjovikregionen.no/bo-leve-og-oppleve/artikler/koselige-bjornen-ved-odnes.
Max 20 minuttar. Men de rekk ein kaffi?

Deretter blir me møtt av guide utanfor Domkyrkjeodden.
Det er lagt begrensningar på å gå inn under glastaket, men det er mykje å oppleve og vise fram likevel -.

Etter omvisningen så blir det stopp i Hamar sentrum, ca kl1400, kor ein individuelt kan bestille mat - nærare opplysningar om kvar blir gjeve på bussen. Ellers trur eg det er mogleg å nytte nistepakke der me har pause, det er ok, men dei set pris på at vi kjøper drikke til maten der... ved (men det kan vere utrygt for regn..).

Dei har sendt meg menyen dei har - den ligg inne som bilete under. Dei meiner sjølv å ha Hamrs beste fyrstekake...

Så ca 1450 reiser vi til Utvandrarmuseet og møter ny guide der som viser oss rundt.

Truleg retur ca 1615 og på Gol atte omlag kl 1930.
---------------------------------------

Det blir altså tur til Hamar, Domkyrkjeodden og Utvandrarmuseet, den 31. august! Det blir stor buss og god plass for oss all! Vi har nokre få plassar at så om du har høve så meld deg på snarast :-)

Adresse

Briskevegen 18
Gol
3550

Telefon

+4793259380

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Gol Historielag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Gol Historielag:

Del