10/04/2025
Redningsvestane er no på plass for sesongen! 🦺🌊
No er vestskåpa fylt opp og klare til bruk igjen! Vi oppmodar alle som ferdast på vatnet om å nytte seg av dei – redningsvesten kan redde liv.
Som tidlegare har vi gode fadderar som held orden i skåpa, men vi håpar at alle brukarane også bidreg til å halde det ryddig og oversiktleg. Heng vestane fint tilbake etter bruk, og sei gjerne ifrå om noko manglar eller er øydelagt.
Vi ynskjer alle ein trygg og god sesong! ☀️🏊♂️🚣♀️