08/12/2025
I dag opnar vi luke 7 🎁 Innimellom hus og bygg på Frekhaug renn det ei elv som spelar ei viktig rolle for ein utryddingstrua art: Elvemuslingen. Heile 40 % av den europeiske bestanden finst i Noreg – og ein del av den lever her hos oss, i Mjåtveitelva i Nordhordland 🌿
Vi har fått laga ein filmserie 🎥 med naturtypar i Nordhordland som tema, og du har kanskje gjetta det:I dag viser vi filmen om Elvemuslingen i Mjåtveitelva!
Elvemuslingen er ein del av eit økosystem som nesten verkar magisk ✨: Når han gyt, sender han ut larvar som festar seg på gjellene til fisken sjøaure 🐟, der dei bur ei stund før dei er store nok til å sleppe seg ned på elvebotnen. Der lever dei nedgraven i sand og grus – i opptil 200 år ⏳
Og medan han lever, gjer elvemuslingen ein viktig jobb: Han reinsar vatn 💧. Éin musling kan filtrere 50 liter vatn per døgn – ganske imponerande ➡️💧
Men for å overleve treng elvemuslingen rein sand og grus. Utbygging og graving i nærleiken av elva kan føre til utslepp av fine jord- og leirepartiklar som legg seg på elvebotnen – då får ikkje muslingen puste og kan døy ⚠️🌫️
Heldigvis har vi engasjerte folk i lokalmiljøet vårt som jobbar for å ta vare på Mjåtveitelva og artane som lever der 💚🙌🌿
Nordhordland er eit UNESCO biosfæreområde med stort mangfald av naturtypar – frå fjord til fjell 🏞️. Oppdag dei fantastiske samanhengane i naturen – og kvifor vi må ta vare på han på ein god måte 🌍💧🌱
🎥 Filmproduksjon: Ruben A. Soltvedt