Sunnmørsjekta "Anna Olava"

Sunnmørsjekta "Anna Olava" Anna Olava er ein rekonstruksjon av ei Sunnmørsjekt frå 1700-1800-talet. Velkomen til Sunnmørsjekta si Facebook-side. Her får du nyttig informasjon. JA TAKK!

Denne Facebook-sida er drifta av Sunnmørsjekta. PERSONVERN
Du styrer sjølv kva du deler og kven du besøker på Facebook. Derfor er din eigen policy like viktig som kommunen sin. Når du følgjer, liker eller kommenterer noko på Facebook-sidene våre, får Facebook tilgang og vil bruke opplysningane og spora du legg igjen etter deg. Deler du noko med status «offentleg» gir du alle tilgang og tillating t

il å nytte informasjonen og knyte den til deg. I Facebook sine retningslinjer står det at «at offentlig informasjon er tilgjengelig for alle i eller utenfor tenestene våre, og kan sees eller fås tilgang til gjennom søkemotorer på Internett, API’er eller media mv.» Det vil seie at spørsmåla du stiller og det du kommenterer på våre Facebook-sider, kan lesast og brukast av andre. SPØRSMÅL ELLER KOMMENTARAR? Vi set pris på at du engasjerer deg i innhaldet vårt. Vi er på Facebook som ein service for innbyggarane våre og svarer gjerne på spørsmål og tek imot innspel. Innspel som er arkivverdige, blir lagra i arkivsystemet vårt og vil kome i postlistene våre, som er offentlege. Oversikt over vakttelefonar finn du på nettsida: www.heroy.kommune.no Vi kan ikkje sakshandsame her på Facebook. Slike meldingar må du sende til [email protected] eller den enkelte sakshandsamar. Kontaktinfo til dei tilsette finn du på heimesidene våre. BLEI INNLEGGET DITT SLETTA? Det er sjølvsagt heilt OK å vere ueinig med oss. Vi tar også imot sakleg og konstruktiv kritikk. God debatt og diskusjon er bra for demokratiet. Facebook slettar innlegg som inneheld enkelte upassande ord og uttrykk. Vi slettar også innlegg med upassande språk, som angrip person i staden for sak eller som kan opplevast som krenkande. Vi kan også velje å slette feilinformasjon som blir spreidd, som eit bidrag i kampen styresmakter og medium står i for å stanse villeiande, falsk og skadeleg informasjon. Vi slettar også innlegg eller kommentarar der vi meiner forfattar utleverer seg sjølv eller andre og som bryt med personvern eller teieplikt. Kommentarar som ikkje har med saka å gjere eller som inneheld reklame for kommersielle produkt og tenester, blir også fjerna. HAR DU SPØRSMÅL TIL DENNE POLICYEN? Har du spørsmål til denne policyen? Send oss ein e-post på [email protected] eller direkte her på Facebook.

Påske på Herøy 2026!I år vert det arrangert Påske på Herøy palmesøndag, og vi vil gjerne stille ut heimelaga modellbåtar...
09/03/2026

Påske på Herøy 2026!

I år vert det arrangert Påske på Herøy palmesøndag, og vi vil gjerne stille ut heimelaga modellbåtar for å vise fram ein historisk skatt, og kanskje inspirere nokon til å plukke opp att tradisjonen.

Alt startar ein plass, og fleire av dei som seinare starta reiarlag og la grunnlaget for fiskerinæringa i Herøy, byrja med leik i fjøra der dei tok etter det dei vaksne gjorde og sa.

Bileta av modellskutene de ser i denne posten er av båtar det vart leika med i Sævikane på Remøya. Dersom du som les dette har ei skute og lyst til å vise henne fram på Herøy gard palmesøndag, er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt med underteikna, eller sende ei melding her på jektesida.

På biletet med tre båtar, som er frå eit intervju Sunnmørsposten hadde med modellbåtreiarane, ser vi frå venstre: Sjøgull, Grasøy og Urholm. Biletet er frå 1948, og båtane høyrde til Olav Sævik, Mass Sævik og Harald Sævik.

Fargebiletet syner Sjøgull slik han ser ut i dag, og denne vert utstilt under påske på Herøy. For at vi skal få til dette, treng vi 8–10 båtar å stille ut, så om du veit om nokon som har ein, eller har ein sjølv, så nøl ikkje med å ta kontakt!

Helsing Arve Voldsund

Kor heldige vi er, mandag den 2 mars fekk vi besøk av Herøy videregående skule, dei 17 spreke elevane frå naturbruk linj...
03/03/2026

Kor heldige vi er, mandag den 2 mars fekk vi besøk av Herøy videregående skule, dei 17 spreke elevane frå naturbruk linja fekk være med å smøre hampetau. Det var både den ståande og løpande riggen på Jekta som skulle smørast. Berit Klepp kom å laga Helledrivara til oss, det blei og formidla lokalhistorie.
Tusen takk til elevar og lærarar for god hjelp.

Takk også til Arve Voldsund og Hans Lennart Sævik for tilrettelegging. Takk til Berit Klepp for baking og servering av tradisjons mat.

I eit byrjande vårvêr låg Kystmuseet i Herøy bada i vårsola☀️Dugnadsfolket på jekta var samla for å rydde båtskotet og k...
21/02/2026

I eit byrjande vårvêr låg Kystmuseet i Herøy bada i vårsola☀️

Dugnadsfolket på jekta var samla for å rydde båtskotet og klargjere for smøring av riggen.

Jekta ligg no i vinteropplag på Kjeldsund, der mast og rigg er tekne ned for vedlikehald.

Dei første dagane i mars kjem elevar frå Herøy vidaregåande skule for å vere med på smørjing av tradisjonstau – hampetau som skal smørjast med ei blanding av lyse og tjøre. Ekte kysthandverk som held tradisjonane levande.

Takk til
Arve Voldsund
Hans Lennart Sævik
Frank Roy Moltu
Hallstein Frøystadvåg

for vel utført arbeid 👏

Jekta har fått på presenning i dag. Det sparer oss for mykje arbeid til våren.Takk til gode hjelpere:Geir Einar LeinebøH...
15/11/2025

Jekta har fått på presenning i dag. Det sparer oss for mykje arbeid til våren.
Takk til gode hjelpere:
Geir Einar Leinebø
Hallstein Frøystadvåg
Hans Lennart Sævik

12/10/2025

I nydeleg haustver fikk vi i samarbeid med Moldskred kran og transport tatt ned mast og rigg på jekta. Begge deler treng vedlikehald og stell før neste sesong. Ein stor takk til unge og erfarne krefter for jobben! 😃

Uttrykket «til vanns, på land og i luften» refererer til en sentral oppgave i det norske folkeeventyret Askeladden og de...
15/09/2025

Uttrykket «til vanns, på land og i luften» refererer til en sentral oppgave i det norske folkeeventyret Askeladden og de gode hjelperne. Kongen i eventyret krever et skip som kan ferdes like godt til vanns, på land og i luften, og den som klarer å bygge dette skipet, skal få kongsdatteren og halve kongeriket 😊 Kongsdatteren har vi sett lite av, men vi har fått god hjelp fra Ulstein Marina.
Nå er Jekta komt i heimehavn igjen ved Herøy. Takk til Ulstein Marina for veldig god service og hjelpsomhet ♥️👍

Sunnmørsjekta «Anna Olava» har hatt seg nokre dagar på land ved Ulstein Marina. Skifte av zink, grunning og tyri på skro...
14/09/2025

Sunnmørsjekta «Anna Olava» har hatt seg nokre dagar på land ved Ulstein Marina. Skifte av zink, grunning og tyri på skroget fra Møretyri. Bunnsmurning frå Mal Prof (Jotun). Og kansje det viktigaste, måltaking til eiga vogn i det nye Jektenaustet. Naust er påbegynt i heime hamna. Dette ser vi fram til😍.

I år gjekk Rotaryturen til Varholmen. Varholmen er ei av øyanen på Flåvær. Takk til Idar Warholm som tok i mot oss og gu...
09/09/2025

I år gjekk Rotaryturen til Varholmen. Varholmen er ei av øyanen på Flåvær. Takk til Idar Warholm som tok i mot oss og guidet oss med historier frå Flåvær og familien som budde på Varholmen.

Eit flott maritimt møte på morgonkvisten i Herøyfjorden! To herøybåtar på veg til spennande destinasjonar, den eine med ...
06/06/2025

Eit flott maritimt møte på morgonkvisten i Herøyfjorden! To herøybåtar på veg til spennande destinasjonar, den eine med passasjerar frå Bergen til Kirkenes, og den andre med barnehageborn i eige nærmiljø.

Kjekke dager, ut på tur med rosarussen.
03/06/2025

Kjekke dager, ut på tur med rosarussen.

15. juni er sunnmørsjekta "Anna Olava" atter ein gong stjerna i framsyninga om Terje Vigen! Velkomen til ei fantastisk f...
31/05/2025

15. juni er sunnmørsjekta "Anna Olava" atter ein gong stjerna i framsyninga om Terje Vigen! Velkomen til ei fantastisk framsyning med naturen som kulissar på Herøy Kystmuseum du også!

- ei rå, rørande og ramsalt oppleving!

Søndag 15. juni gjer vi det igjen! Saman med Fosnavåg konserthus riggar kystmuseet til førestilling om "Terje Vigen", kl. 14 og kl. 17. Mellom framsyningane vert det grautsal og formidling på tunet.

«Der bode en underlig gråsprængt en på den yderste, nøgne ø...» er den første linja av Henrik Ibsen sitt velkjende dikt, og denne dagen får du høve til å høyre heile diktet. Bjørn Holum er forteljar, medan Vegard Kvamme Holum fyller fjorden med vakkert tonefylgje, i ein kombinasjon av elektronikk og trompet. I år blir også Torstein Kvamme Holum med i musikken. Teknisk ansvarleg Torgrim Skjerdal skal legge lyden slik at den når godt fram til publikum på land!

Lenke til sal av billettar: https://www.fosnavagkonserthus.no/terje-vigen-lj7d5j/

28/05/2025

Idag har vi fått ombord redningsutstyret for passasjer befordring, takk til Fosnot for veldig god service.
Neste veke skal Jekta på tur med alle Rosarussane i Herøy. Vi gler oss masse til dette.

Adresse

Rådhusgata 5
Fosnavåg
6090

Telefon

+4795456945

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sunnmørsjekta "Anna Olava" legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Sunnmørsjekta "Anna Olava":

Del