NAF Avd Fjordane og Ytre Sogn

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt organisasjonen

NAF Avd Fjordane og Ytre Sogn NAF Avd. Fjordane og Ytre Sogn er ei lokalavdeling under NAF for 9 kommunar i Sunnfjord og Ytre Sogn.

25/08/2026
I samband med skulestart oppmodar vi om at når Politiet har kontroll ved skulane, bør dei også sjekke elsparkesyklar. De...
16/08/2026

I samband med skulestart oppmodar vi om at når Politiet har kontroll ved skulane, bør dei også sjekke elsparkesyklar. Dette skriv Firdaposten om i denne artikkelen (tilgjengeleg med aID).

Når skulane er i gang att neste veke, har politiet kontrollar i nærleiken av ei rekke skular. - Vi oppmodar politiet om å kontrollere elsparkesyklar som vert brukt til skulen, seier Bente Liabø Thorsen, styreleiar i NAF avdeling Fjordane og Ytre Sogn.

14/08/2026

Vi har satt ei grense på 150 cm høgde for barn som ynskjer å prøve veltepetteren vår. Det får vi ofte reaksjonar på, men det er ein klar grunn til dette: Barn under 150 cm skal sitte på godkjente seter tilpassa høgde, vekt og alder. Av tryggleiksomsyn kan vi ikkje nytte slikt utstyr når vi snurrar rundt med veltepetteren. Denne grensa praktiserer vi difor strengt i vår lokalavdeling.

12/08/2026

Få med deg sendinga frå Arendalsuka i dag kl 15:30 til 16:15. Lenke til livesending finn du nedanfor.

Sjekk alltid vilkåra i forsikringen.
10/07/2026

Sjekk alltid vilkåra i forsikringen.

Kasko, delkasko, superforsikring - hva dekker egentlig de forskjellige typene bilforsikring? Og hva trenger du til din bil? Her er en oversikt over de vanligste typene bilforsikring og hva de inneholder.

Med ynskje om ein trygg og fin ferie til alle våre følgjarar! 🦁☀️
10/07/2026

Med ynskje om ein trygg og fin ferie til alle våre følgjarar! 🦁☀️

Hva skiller hverdagsreiser fra feriereiser? Mye bagasje? Varm sol gjennom vindu? Her er våre 10 tips for en trafikksikker bilferie.

Elsparkesyklane er ute på vegane att, og med det ser vi mange farlege situasjonar. Her kjem ei sterk oppmoding! 🦁🛴🛴🛴
17/06/2026

Elsparkesyklane er ute på vegane att, og med det ser vi mange farlege situasjonar. Her kjem ei sterk oppmoding! 🦁🛴🛴🛴

Råd til foreldre og foresatte.

I helga har vi delteke på Høyangerdagane med stand og veltepetter. Veldig spanande å sjå korleis det fungerer med transp...
31/05/2026

I helga har vi delteke på Høyangerdagane med stand og veltepetter. Veldig spanande å sjå korleis det fungerer med transport når vi no har gått vekk frå vanleg bilhengar og over på krokhengar. Heldigvis ser vi at det er enkelt å få veltepetteren opp og ned frå lasteplanet, og den nye garasjen vår har enkel tilkomst for transportørane. Takk til Øren transport som frakta veltepetteren for oss denne helga.

Vi har seks eldre syklar med ramme 13’’, 16’’ og 18’’ som vi vurderer å selge, då dei ikkje er i bruk. Syklane har stått...
27/05/2026

Vi har seks eldre syklar med ramme 13’’, 16’’ og 18’’ som vi vurderer å selge, då dei ikkje er i bruk. Syklane har stått inne, og det er ikkje rust på dei, men dei vil trenge nye slangar og dekk, og strømper til bremser og gear samt kjede vil trenge litt olje.
Er dei av interesse samla eller kvar for seg kan de kontakte Bente Liabø Thorsen på mobil 913 11 107.

For ein flott kveld vi hadde i Kråkenesmarka i går med 130 elevar frå skular i Sunnfjord og ytre Sogn! Frå Svelgen i nor...
17/05/2026

For ein flott kveld vi hadde i Kråkenesmarka i går med 130 elevar frå skular i Sunnfjord og ytre Sogn! Frå Svelgen i nord til Høyanger i aust og Hyllestad, Askvoll og Eikefjord i vest. Elevane fekk prøve seg på gokart, bogeskyting, førstehjelp, veltepetter og bråstopp, brannsløkking og paintball. Vêret var heilt upåklageleg, og vaflene fekk skikkeleg bein å gå på. Over 50 store pizzaer forsvann også fort når elevane var ferdige med aktivitetane ute. Takk til våre samarbeidspartar Førde Bueskyttarklubb, Førde skyttarlag, NMK Sunnfjord, Lammetun Ferie og Fritid, Peppes Pizza Førde, Fjaler Røde Kors Hjelpekorps og Øivind Helle for den flotte innsatsen!

Adresse

Fjærevegen 2
Fords
6800

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når NAF Avd Fjordane og Ytre Sogn legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til NAF Avd Fjordane og Ytre Sogn:

Snarveier

Del