Rusettervernet i Sogn og Fjordane

Rusettervernet i Sogn og Fjordane Ein frivillig organisasjon som skal være til hjelp for menneske med alle typar rusproblematikk, samt for pårørande til rusavhengige. Du er ikkje åleine!
(1)

Rusettervernet i Sogn og Fjordane er ein organisasjon til hjelp for menneske med alle typar rusproblematikk, samt for pårørande til rusavhengige. Vi er her for deg!

Webinar om rustrendar frå KORUS Bergen, eit must for å sjå kva som rørar seg i verda og storbyen. Og til slutt landar me...
08/06/2026

Webinar om rustrendar frå KORUS Bergen, eit must for å sjå kva som rørar seg i verda og storbyen. Og til slutt landar mellom fjord og fjell her vest:
https://www.facebook.com/share/18vH5jULmv/

Rusmiddeltrender våren 2026 - invitasjon til webinar.
Den 11. juni mellom kl. 09.00 og 10.30 presenteres vårens rusmiddeltrender fra Trondheim og Bergen. Denne gangen vil vi ha et spesielt fokus på benzodiazepiner i tillegg til å presentere hovedfunnene fra de to byene. Meld deg på webinaret her: https://korus.no/kurs/foere-var-lansering-av-vaarens-rapport

Ettervernkonferansen i Oslo er i gang og vi er sjølvsagt tilstades! Dette er første gong denne konferansen går av stabel...
03/06/2026

Ettervernkonferansen i Oslo er i gang og vi er sjølvsagt tilstades! Dette er første gong denne konferansen går av stabelen og eit særs bra program og mykje deltakarar syner at tema ettervern er høgaktuellt!
Vi veit at førebygging, behandling og oppfølging er viktig på rusfeltet, og at hjelpa må nå dei som treng den. Men eit godt ettervern sikrar kontinuitet og resultat over tid. Det trengs meir fokus på tida etterpå også. For å sitere ein kjenning; det handlar ikkje om å ruse seg, men å få sleppe!
Er DU på konferansen også? Ta kontakt med oss i lilla og slå av ein prat 😊

Les meir om konferansen her:
Ettervernskonferansen 3.juni 2026 - nytenkning på rusfeltet https://share.google/x0rVklyXhLgOn0Fh9

Vårens samling i ALOR-nettverk på ærverdige Grand Hotel Terminus. Her samlast representanter frå ulike bransjer; kommuna...
27/05/2026

Vårens samling i ALOR-nettverk på ærverdige Grand Hotel Terminus. Her samlast representanter frå ulike bransjer; kommunar, fylkeskommune, stat og privat næringsliv, for å ha fokus på arbeidsliv og rus. KORUS Bergen arrangerar ALOR saman med Akan kompetansesenter og det kliniske miljøet i AFR.

Stor takk til arrangørar for å løfte eit vanskeleg tema; pårørande! Korleis møte ein kollega eller tilsett som står i utfordringar på heimebane, eller når medarbeidar blir pårørande til ein kollega som slit med avhengigheit til spel eller rusmidlar. Diskusjonar og innspel syna igjen at fokuset kjem fort over på den som har utfordringane, og det er vanskeleg å møte pårørande. Vi vil jo så gjerne hjelpe og gje råd, men har kanskje større utfordringar med å møte menneksa rundt. Vi veit jo at det er minst fire pårørande pr. rusmiddelavhengig, så tema er definitivt aktuellt, også i arbeidslivet.

Stas at det denne gongen ikkje var Rusettervernet åleine frå trivselsfylket: Honnør til Norsea Florø som stillte med to AKAN-representantar, dette syner ein aktiv og nyfiken profil!

21/05/2026
Vår kjære styreleiar Trine har forlatt Cubus etter 19 år og satt kursen framover mot ein heilt annleis arena! Vi ynskjer...
19/05/2026

Vår kjære styreleiar Trine har forlatt Cubus etter 19 år og satt kursen framover mot ein heilt annleis arena! Vi ynskjer lukke til og gratulerer så mykje!! 🥰
Og jadå, ho skal framleis være sjef i Rusettervernet 😉

BUA er ein gratis utlånssentral for sports- og fritidsutstyr. BUA Florø har no flytta inn i kjellaren på Havglytt og har opent kvar dag fra 10 til 15.

Ynskjer alle ei solfyllt 17 maifeiring, anten i tog og med is og basar. Eller under dyna i påvente av at dagen skal gå o...
17/05/2026

Ynskjer alle ei solfyllt 17 maifeiring, anten i tog og med is og basar. Eller under dyna i påvente av at dagen skal gå over. Uansett; vi bur i eit land med friheit til å feire som ein vil og vi slepp å måtte stille i millitærparade på nasjonaldagen.

Ta vare på deg sjøl så du kan ta vare på andre. Hipp hurra 🇳🇴😁🥰

Ein flott dag hjå Kinn utdannings- og ressurssenter KF og to foredrag om rus og rusavhengigheit. Første etappe var for u...
07/05/2026

Ein flott dag hjå Kinn utdannings- og ressurssenter KF og to foredrag om rus og rusavhengigheit. Første etappe var for ungdom og opp til 30 år, og neste bolk for dei over 30. Engasjert og undrande gjeng!

No har vi halde litt foredrag hjå både introduksjonsklassar og vaksenopplæring, men dette var første gong med tolk, både til ukrainsk og arabisk. Spanande og nytt, og det gjekk aldeles strålande 😊

Interessante perspektiv rundt rus og rusavhengigheit hjå ulike kulturar, og korleis ein tenkjer behandling av psykisk helse. Takk for at vi fekk komme og takk for nydeleg lunsj 🥰

Årets Gloppar-pris har i år gått til historiens mest barmhjertige trøndar busett i kommunen. Torbjørn har riktignok leng...
01/05/2026

Årets Gloppar-pris har i år gått til historiens mest barmhjertige trøndar busett i kommunen. Torbjørn har riktignok lenge gjort seg bemerka på musikkfronten, men hjå Rusettervernet vil han alltid være ein ildsjel for dei som gale nok blir omtala som "dei svakaste". Det er jammen vel undt at kommunen annerkjenner dette utrulege arbeidet han og andre legg ned i Gatelangs og ikkje minst "Midt i trynet". Vi bøyer oss i støvet og ynskjer deg alle dører opne no når både ordførar og næringssjef får være med på bilde 👍 Stå på!!!

I dag, 29. april, starta vi kommunestyremøtet med at ordførar Arnar Kvernevik delte ut prisen til Årets Gloppar. Torbjørn Gran får prisen Årets Gloppar fordi han gjer visjonen «Ein rikare kvardag, midt i verda» levande – der det verkeleg gjeld.

Årsmøte på gang i Rusfeltets Hovedorganisasjon. Viktigare enn nokon gong, er at alle organisasjonar innan feltet står sa...
30/04/2026

Årsmøte på gang i Rusfeltets Hovedorganisasjon.
Viktigare enn nokon gong, er at alle organisasjonar innan feltet står samla mot det som skjer på rusfeltet, både politisk og på samfunnsstrukturnivå.

Det er langt frå Sunnfjords perle til tigerstaden, men EDB'n sitt framskritt får verda heilt inn på kontoret lengst vest 👍

Hjå LPP Sogn og Fjordane i morgon 👍
11/02/2026

Hjå LPP Sogn og Fjordane i morgon 👍

Velkomen til Pårørandetreff
Trivselstunet, Fossetunet 1, Sogndal
torsdag 12. februar kl. 18.00 – 20.00

Vi får besøk av Synne Aafedt Liljedahl frå Frisklivssentralen Sogn som skal ha eit lite innlegg for oss.
Deretter blir det tid for
• spørsmål og samtale
• enkel servering
• fellesskap

Vel møtt til alle som er pårørande til nokon, og ønskjer å møte andre som også er det😊

Adresse

Dalvegen 4
Florø
6906

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Rusettervernet i Sogn og Fjordane legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Rusettervernet i Sogn og Fjordane:

Del