19/06/2026
Onsdag ettermiddag var det avduking av det nye informasjonsskiltet på Askrova.
Skiltet står lett tilgjengeleg på kaia på Askrova og viser kjende automatisk freda kulturminne på Askrova, Tansøy og Æsøy. Skiltet er utarbeidd i eit samarbeid mellom Askrova Bygdelag, Flora Historielag og Vestland fylkeskommune.
Seniorrådgivar ved Kulturarvseksjonen i Vestland fylkeskommune, Birgit Tansøy, ønska velkommen og informerte om bakgrunnen for skiltet, og om tidlegare utgravingar på Askrova og Tansøy.
Ideen om skiltet oppstod tilbake til 2019, og blei konkretisert i eit møte mellom representantar frå Flora Historielag, Askrova Bygdelag og Birgit Tansøy i 2023.
I tida etter har det vore synfaring av kulturminna, og Vestland fylkeskommune har stått for utarbeidinga av teksten på skiltet. Historielaget har bidratt til utforminga av skiltet og bygdelaget har ordna med å få det på plass.
Skiltet viser ei oversikt over fleire gravfelt langs sjøen og andre forhistoriske funn på Askrova og Tansøy. Bilde av runesteinen som blei funnen på Hærneset av Leonard Sunde i 1944 har fått ein god plass på skiltet. Runesteinen blei flytta til museet i Bergen av arkeolog Johannes Bøe i 1945, men no kan du altså sjå den i full storleik på skiltet.
På skiltet finn du også små snuttar med historier frå tidlegare utgravingar og funn av førhistoriske gjenstandar på Askrova og Tansøy.
Det har vore fleire kjende arkeologar som har besøkt Askrova på 18- og 1900-talet. Nicolay Nicolaysen fann eit gravfelt i 1861, der rutebåtkaia ligg i dag. Han er mest kjent for utgravinga av Gokstadskipet. Også på Tansøy er det tidlegare gravfelt som no er vekke.
I 1946 og 1947 grov Wenche Slomann ut fleire av gravrøysane på Hærneset. Ho var den første kvinnelege arkeologen som fekk fast konservatorstilling, og har gitt verdifull kunnskap om desse gravrøysene.
Frå 1950-talet til 1970-talet gjennomførte Per Fett ei registrering og kartfesting av førhistoriske minne på Vestlandet, mellom anna i Kinn. Desse registreringane finn vi i dag igjen det nasjonale fornminneregisteret, Askeladden (og publikumsversjonen kulturminnesøk), som forvaltninga brukar i dag.
Avdukinga av skiltet blei gjort av Jan Arne Holm og Terje Svardahl frå bygdelaget, Egil Russøy frå historielaget og Malene Dybaa (Det var far hennar som fann runesteinen på Hærneset).
Etter avdukinga bydde Askrova Bygdelag på kake og kaffi til dei kring 30 frammøtte.
Foto: Øyvind Kleiven/Egil Russøy