Hub for Ocean

Hub for Ocean Vestlandet sin koblingsentral for kunnskap og kompetanse - ein yngleplass for den blå næringa.

Kva har vi eigentleg lært om hydrogen dei siste 10 åra og kva skjer no?Dei siste 10 åra har The Maritime Hydrogen Confer...
08/04/2026

Kva har vi eigentleg lært om hydrogen dei siste 10 åra og kva skjer no?

Dei siste 10 åra har The Maritime Hydrogen Conference vore ein sentral møteplass for den maritime energiomstillinga. Her har næringsliv, offentlege aktørar og forskingsmiljø kome saman for å dele kunnskap, byggje relasjonar og løyse felles utfordringar.

Sjå programmet og sikre deg billett – vi lovar god stemning og ein flott båttur ut 👉

Let's take a deep dive into the maritime hydrogen value chain – and celebrate our 10-year anniversary – 22–23 April 2026 at Knutholmen, Kalvåg!

Vi håper de har hatt ei avslappande og fin påske! Her kjem ei gladmelding for å starte veka🎉✨Over 100 ferske fagarbeidar...
07/04/2026

Vi håper de har hatt ei avslappande og fin påske! Her kjem ei gladmelding for å starte veka🎉✨

Over 100 ferske fagarbeidarar gjekk nyleg opp på scena i Førde for å ta imot fagbrevet sitt🎓 Bak kvart fagbrev ligg det innsats, motivasjon og ei kompetanse som arbeidslivet vårt er heilt avhengig av 💪

PRO Vestland opplæringskontor er eitt av dei sju opplæringskontora i HUB yrkesfag - eit samarbeid som samlar fagmiljøa i regionen for å styrkje rekruttering, kvalitet og gjennomføring i yrkesfaga. Saman stod dei bak markeringa som samla fagarbeidarar frå 17 ulike fag, både unge lærlingar og vaksne som har tatt fagbrev seinare i livet.

📣 Når prognosane peikar på stor mangel på fagfolk fram mot 2030, vart denne kvelden ei tydeleg påminning om kor avgjerande fagkompetanse er for Noreg.

Under markeringa gjekk fylkesordførar Jon Askeland på scena med si helsing, Åsmund Berthelsen delte ut fagbreva, og Wenny Irene Hansen ønskte dei nye fagarbeidarane velkomne inn i yrkeslivet.

Mens vi feirar dei nye fagarbeidarane, viser vi også til at Hub for Ocean samarbeider med fleire bedrifter som treng lærlingar. Ta gjerne ein tur innom nettsida vår og sjå medlemmane våre, kanskje nokon av dei nye fagarbeidarane finn sin plass i kystperla Florø? 🌊

👉 Les meir her:

20. mars gjekk ei av dei viktigaste feiringane for yrkesfaga i Vestland av stabelen.

⚡𝗞𝗹𝗮𝗿 𝗳𝗼𝗿 𝗺𝗲𝗶𝗿 𝗵𝘂𝗿𝘁𝗶𝗴𝗹𝗮𝗱𝗶𝗻𝗴 𝗶 𝗩𝗲𝘀𝘁𝗹𝗮𝗻𝗱? 𝗡𝗼 𝗸𝗷𝗲𝗺 𝗻𝘆𝗲 𝗺𝗶𝗱𝗹𝗮𝗿!Vestland fylkeskommune har fått nye midlar til å styrkje utby...
01/04/2026

⚡𝗞𝗹𝗮𝗿 𝗳𝗼𝗿 𝗺𝗲𝗶𝗿 𝗵𝘂𝗿𝘁𝗶𝗴𝗹𝗮𝗱𝗶𝗻𝗴 𝗶 𝗩𝗲𝘀𝘁𝗹𝗮𝗻𝗱? 𝗡𝗼 𝗸𝗷𝗲𝗺 𝗻𝘆𝗲 𝗺𝗶𝗱𝗹𝗮𝗿!

Vestland fylkeskommune har fått nye midlar til å styrkje utbygginga av hurtiglade‑infrastruktur i 2026. No blir kommunar, næringsliv og andre aktørar inviterte til å melde inn kvar behovet for nye eller oppgraderte ladepunkt er størst.

Behovet aukar raskt, både for personbilar og tunge køyretøy, og strategien for ladeinfrastruktur i Vestland viser at fleire strategiske ladepunkt må på plass for å sikre eit framtidsretta og rettvist ladenett i heile fylket.

Innspela frå dykk som les dette blir viktige når politikarane skal bestemme korleis ordninga skal innrettast før utlysinga med frist 24. juni.

🔗 Les meir her:

Vestland fylkeskommune har fått nye midlar til å støtte etablering av hurtiglade-infrastruktur i 2026.

🚀 Ny støtteordning skal løfte forskingsbasert innovasjon i Vestland!Vestland fylkeskommune lanserer no 𝗙𝗼𝗿𝘀𝗸𝗶𝗻𝗴𝘀𝗳𝗶𝗻𝗮𝗻𝘀𝗶𝗲...
30/03/2026

🚀 Ny støtteordning skal løfte forskingsbasert innovasjon i Vestland!

Vestland fylkeskommune lanserer no 𝗙𝗼𝗿𝘀𝗸𝗶𝗻𝗴𝘀𝗳𝗶𝗻𝗮𝗻𝘀𝗶𝗲𝗿𝗶𝗻𝗴 𝗩𝗲𝘀𝘁𝗹𝗮𝗻𝗱 - ei unik moglegheit for bedrifter som vil utvikle nye løysingar i samarbeid med forskingsmiljø. Ordninga støttar forprosjekt med 𝗶𝗻𝗻𝘁𝗶𝗹 𝟱𝟬𝟬 𝟬𝟬𝟬 𝗸𝗿, og søknader innan 15. mai 2026 får svar før sommaren.

Dette er ei gyllen sjanse for verksemder som vil kombinere forsking og omstilling for å skape berekraftig verdiskaping i regionen.

I tillegg inviterer fylkeskommunen til digital prosjektverkstad 14. april, med praktiske råd for å utvikle sterke prosjektidéar💡

🔗 Les meir her:

Vestland fylkeskommune lanserer no Forskingsfinansiering Vestland , ei ny støtteordning som skal gi næringslivet i fylket eit kraftig løft innan forskingsbasert innovasjon. Utlysinga er open, og bedrifter som sender inn søknad innan 15. mai 2026 , vil få svar før sommaren.

Gode samtalar gir gode strategiar 💡Styret og delar av dei tilsette i Hub for Ocean har vore samla til strategisamling i ...
26/03/2026

Gode samtalar gir gode strategiar 💡

Styret og delar av dei tilsette i Hub for Ocean har vore samla til strategisamling i Ålesund og Ørsta, med erfaringsdeling som viktig tema.

Eit av høgdepunkta var besøket hos ÅKP, der vi hadde gode diskusjonar saman med direktør Kirsti Lovise Slotsvik. Vi fekk nyttig innsikt i korleis dei jobbar med strategiutvikling i eigen organisasjon.

Når slike miljø møtest, oppstår det ofte verdifulle refleksjonar og nye idear.

Med dette som utgangspunkt har vi jobba vidare med strategiarbeidet for Hub for Ocean, og ser fram til det vidare arbeidet.

Takk for fine dagar og ein stor takk til Tussa for godt vertskap! ✨
Stein Kvalsundn Kvalsund | Beate Therese Solheim Gronnevik | Martin Hennum | Ingeborg Skrefsrud | Cecilie Koch Hatlebrekke | Linda M. Midtbø | Anders Haugen | Steinar Hauge | Arlen Solheim | Stig Ove Auflem

13/03/2026

🚢 𝗦𝘁𝗼𝗿 𝗻𝘆𝗵𝗲𝗶𝘁 𝗳𝗼𝗿 𝗸𝘆𝘀𝘁𝗲𝗻!
Kystverket, med Norconsult som rådgivar, startar bygginga av ny fiskerihamn i Kalvåg i august!

Kalvåg blir den einaste fiskerihamna sør for Stad som er prioritert i Nasjonal transportplan - ei historisk satsing for kystfiskeflåten i regionen.

Den nye hamna vil gi fleire og tryggare liggeplassar, betre innsegling, nye næringsareal og meir aktivitet for fiskerinæringa. Prosjektet omfattar utdjuping, nye moloar, utfylling og etablering av industriområde, og vil pågå i 1-2 år.

Dette er ei viktig investering for heile regionen og eit stort steg for å sikre framtida til kystfisket i Vestland 🌊🐟

Les meir her:

🌊 𝗛𝘂𝗯𝗯𝗲𝗻 𝗵𝗲𝗶𝗮𝗿 𝗽𝗮 Nyborg As 𝗵𝗲𝗶𝗹𝗲 𝘃𝗲𝗴𝗲𝗻 𝘁𝗶𝗹 𝗟𝗼𝗲𝗻!Vi blir alltid glade når medlemsbedriftene våre tek plass, deler kunnsk...
06/03/2026

🌊 𝗛𝘂𝗯𝗯𝗲𝗻 𝗵𝗲𝗶𝗮𝗿 𝗽𝗮 Nyborg As 𝗵𝗲𝗶𝗹𝗲 𝘃𝗲𝗴𝗲𝗻 𝘁𝗶𝗹 𝗟𝗼𝗲𝗻!

Vi blir alltid glade når medlemsbedriftene våre tek plass, deler kunnskap og viser engasjement. No er det Nyborg AS som gjer seg klare til VVS‑dagane for Nord‑Vestland på Hotel Alexandra i Loen 6.–8. mars.

🛠️VVS‑dagane er ei av dei viktigaste møteplassane for rørleggarar, leverandørar og fagfolk i regionen - ein arena der bransjen møtest for å lære, diskutere og sjå framover.

Nyborg stiller med eigen stand, og Stig Ove Auflem står klar til å ta imot alle som vil innom for ein prat, få faglege innspel eller utforske nye moglegheiter saman🔧💡

Fagseminaret byr på spennande tema som fagskuleutdanning, ferske Enova‑tiltak og inspirerande innsikt frå innovasjonsprosjekt i VVS‑bransjen.

Vi heiar høgt på Nyborg AS - og gler oss til å følgje dei i Loen!👏

Tusen takk for eit svært godt samarbeid til alle som deltok på gårsdagens kurs og miniworkshop om onboarding - og ein sæ...
13/02/2026

Tusen takk for eit svært godt samarbeid til alle som deltok på gårsdagens kurs og miniworkshop om onboarding - og ein særleg takk til Aksello som vår medarrangør!✨

Det kom mange nyttige og treffsikre innspel frå både Malin Steinset (Bue Salmon), Magnus Aftret (Flora U40) og Ninja Tolo Ness & Anna Helena Sundt (Westcon Yards). Miniworkshopen skapte òg gode samtalar og konkrete forbetringar i onboarding‑manualane.

For oss i Hub for Ocean handlar næringsutvikling òg om å ta vare på folk - å behalde dyktige medarbeidarar, redusere turnover og skape gode arbeidsmiljø. Onboarding er ein viktig del av dette, og det var inspirerande å sjå engasjementet i rommet.

Takk for innsatsen, nysgjerrigheita og viljen til å dele🤝

Både vi og Aksello er klare for morgondagen - og vi gler oss til å ha dykk med!💡🤝Mange er allereie påmelde, og det er fr...
11/02/2026

Både vi og Aksello er klare for morgondagen - og vi gler oss til å ha dykk med!💡🤝

Mange er allereie påmelde, og det er framleis plass til fleire som vil få inspirasjon, konkrete tips og ei miniworkshop om god onboarding.

Dette blir ei lett, lærerik og sosial økt der vi deler erfaringar, historier og praktiske grep som gir nye tilsette ein betre start.

🚀Vi sjåast på Hamnehuset kl. 13.00!
👉 Vil du vere med? Meld deg på her: https://www.hubforocean.no/arrangement/hub-for-ocean-og-aksello-inviterer-til-kurs-og-miniworkshop-i-onboarding

Flora U40 Bue Salmon Westcon Yards

🎒 𝗩𝗲𝗹𝗸𝗼𝗺𝗲𝗻 – 𝗱𝗲𝘁𝘁𝗲 𝗲𝗿 𝗱𝗶 𝗼𝗻𝗯𝗼𝗮𝗿𝗱𝗶𝗻𝗴Før vi møtast til gratis kurs og miniworkshop i onboarding torsdag 12. februar kl. 13...
05/02/2026

🎒 𝗩𝗲𝗹𝗸𝗼𝗺𝗲𝗻 – 𝗱𝗲𝘁𝘁𝗲 𝗲𝗿 𝗱𝗶 𝗼𝗻𝗯𝗼𝗮𝗿𝗱𝗶𝗻𝗴
Før vi møtast til gratis kurs og miniworkshop i onboarding torsdag 12. februar kl. 13.00-15.30 på Hamnehuset, vil vi gjerne onboarde deg litt først. For god onboarding handlar trass alt om menneske - ikkje berre prosessar, sjekklister og system.

𝗛𝗲𝗿 𝗲𝗿 𝗳𝗼𝗹𝗸𝗮 𝗼𝗴 𝘁𝗲𝗺𝗮𝗮 𝗱𝘂 𝗸𝗷𝗲𝗺 𝘁𝗶𝗹 𝗮 𝗺ø𝘁𝗲 👇

🎤 𝗩𝗲𝗹𝗸𝗼𝗺𝗲𝗻
Andrea Bjørkaas er prosjektleiar i Aksello og presenterer seg sjølv som ein jobb-«potet» - nærare bestemt ein søtpotet. Ho kan litt av alt, er fleksibel der det trengst, og møter folk med varme. Trass i at mange oppfattar henne som ekstrovert, er ho eigentleg introvert av natur. Når Andrea ladar batteria, gjer ho det med heavy metal - og ja, ho har også erfaring frå band. I Aksello jobbar Andrea tett på både menneske og prosjekt, i eit miljø med tung kompetanse og eit stort nettverk i økosystemet.

Andrea deler scena med Beate Grønnevik frå Hub for Ocean. Beate omtalar seg sjølv som ein «pilot i kaos» som manøvrerer mellom struktur og spontanitet. Ho jobbar med økonomisk oppfølging og prosjekt, og trivst best når orden møter engasjement og eit snev av kreativ galskap. Beate har budd i Chennai i India i eit halvt år, har vore saman med same kjæreste sidan vidaregåande - og kan også skilte med å ha vunne Cosmopolitan Beauty Awards for ein Schwarzkopf-lansering tidleg i karrieren.

Med Andrea og Beate på scena kan du vente deg trygg leiing, god flyt og ei avslappa ramme.

🗣️ 𝗕𝗲𝘀𝘁𝗲 𝗼𝗴 𝘃𝗲𝗿𝘀𝘁𝗲 𝗼𝗻𝗯𝗼𝗮𝗿𝗱𝗶𝗻𝗴-𝗵𝗶𝘀𝘁𝗼𝗿𝗶𝗲𝗿
Magnus Aftret er trønder, kommunikasjonsansvarleg i Aksello og engasjert i Flora U40. Han er god på å hugse namn og folk – men litt mindre god på datoar og årstal - og deler både dei beste og verste onboarding-historiene frå unge folk i Florø. Når han ikkje jobbar, finn du han gjerne på sykkel, ski eller djupt konsentrert framfor gamle NRK-seriar. Gjennom Aksello jobbar Magnus i eit miljø som hjelper alt frå ferske gründarar til veletablerte verksemder vidare - med rådgiving, kurs, program og møteplassar.

🐟 𝗞𝗼𝗿𝗹𝗲𝗶𝘀 𝘀𝗶𝗸𝗿𝗲 𝗮𝘁 𝗱𝗲𝗻 𝘁𝗶𝗹𝘀𝗲𝘁𝘁𝗲 𝗸𝗷𝗲𝗻𝗻𝗲𝗿 𝘀𝗲𝗴 𝘃𝗲𝗹𝗸𝗼𝗺𝗲𝗻 𝗳ø𝗿 𝗼𝗴 𝘂𝗻𝗱𝗲𝗿 𝗼𝗻𝗯𝗼𝗮𝗿𝗱𝗶𝗻𝗴
Malin Steinset frå Bue Salmon snakkar om korleis ein kan sikre at nye tilsette kjenner seg velkomne - både før og under onboarding. På funfact-fronten kan vi nemne at ho hadde kråke som kjæledyr i barndommen, har ete middag med ein president, og elskar å underhalde - trass i solid sceneskrekk. Hos Bue Salmon har både menneske og fisk adresse på land. Dei byggjer no Noregs største landbaserte oppdrettsanlegg på Lutelandet, tilsvarande om lag 35 fotballbaner, og skal dei neste åra meir enn doble talet på tilsette.

⚙️ 𝗢𝗻𝗯𝗼𝗮𝗿𝗱𝗶𝗻𝗴 – 𝗸𝘃𝗮 𝗼𝗴 𝗻å𝗿: 𝘀𝗷𝗲𝗸𝗸𝗹𝗶𝘀𝘁𝗲
Frå Westcon Yards Florø møter du Anna Helena Sundt HR-trainee via Framtidsfylket. Ho er østlending som snart har tilbrakt åtte år på Vestlandet, og får bryna seg på litt av kvart i HR-rolla. Anna elskar å prøve ny mat - og har mellom anna ete både insekt, larver og griseøre. Ho er også ein ekte badenymfe som gjerne tek ein dukkert året rundt, og har besøkt alle verdsdelar utanom Antarktis.

Ninja Tolo Næss er HR-ansvarleg i Westcon. Ho har framleis ikkje heilt funne ut kven ho er, men har jamlege filosofiske runder med seg sjølv på dette store spørsmålet. I jobben er ho ein pragmatisk HR-«potet» som blandar seg i det meste WYF held på med. Ninja skulle eigentleg bli journalist eller lærar, men livets tilfeldigheiter førte henne inn i HR. Ho elskar språk og er alltid ambisiøs på kva ho skal lære - og har vore innom kurs i russisk, italiensk, spansk og chichewa (språket i Malawi), sjølv om det stort sett blir med «hei» og «god dag». Livsfilosofien hennar er enkel: det meste ordnar seg, og lite er verdt å stresse over.

👉 Dette er ramma for eit kurs med miniworkshop i onboarding - med ekte erfaringar, rom for refleksjon og låg terskel for å dele.

𝗩𝗶 𝗴𝗹𝗲𝗿 𝗼𝘀𝘀 𝘁𝗶𝗹 𝗮 𝗺ø𝘁𝗲 𝗱𝗲𝗴! Meld deg på her: https://forms.office.com/Pages/ResponsePage.aspx?id=r5lb1a9J4kyjtc3djx29AhKkBZgdmH5DpwsbaZie3VJUNldCSUdNSzk0N1hFRzVMN1VJRUhCTk1NSy4u

𝗛𝘂𝗯 𝗳𝗼𝗿 𝗢𝗰𝗲𝗮𝗻 𝗺ø𝘁𝗲𝗿 𝗳𝗿𝗮𝗺𝘁𝗶𝗱𝗮𝘀 𝗼𝗰𝗲𝗮𝗻‐𝗰𝗿𝗲𝘄🌊✨COO Beate og Trainee Dimana tok turen til Karrieredagen 2026 i Flora VGS i går...
30/01/2026

𝗛𝘂𝗯 𝗳𝗼𝗿 𝗢𝗰𝗲𝗮𝗻 𝗺ø𝘁𝗲𝗿 𝗳𝗿𝗮𝗺𝘁𝗶𝗱𝗮𝘀 𝗼𝗰𝗲𝗮𝗻‐𝗰𝗿𝗲𝘄🌊✨

COO Beate og Trainee Dimana tok turen til Karrieredagen 2026 i Flora VGS i går! Dei stod på stand, møtte nysgjerrige elevar og delte glimt av dei mange spennande moglegheitene som ventar dei i havnæringane.

Ekstra stas å treffe fleire av medlemmane våre! Vi fekk skrytt dykk godt opp i skyene medan vi stod der!🙌 I pausane mellom elevstraumane fekk vi sagt hei til standene rundt - og Dimana vart raskt dagens modell og fekk knipsa eit morosamt bilete🐟

Tusen takk for invitasjonen, Vestland fylkeskommune!

Vil du at vi skal jobbe i same bygg fremover?🐟 Hamnehuset har eit 22 kvm stort lokale som berre ventar på ein ny leigeta...
26/01/2026

Vil du at vi skal jobbe i same bygg fremover?🐟
Hamnehuset har eit 22 kvm stort lokale som berre ventar på ein ny leigetaker. Lyst, praktisk og midt i smørauget!

Interessert i meir info eller vising? Sjå meir her: https://florohamn.no/nyhende/ledig-lokale-til-leige-pa-hamnehuset/

Florø hamn KF

Lokalet er 22 kvm, i tillegg får du tilgang til fellesareal med garderobar og toalett, samt ubemanna kantine i 2. etasje.Ta kontakt med Florø hamn for meir informasjon og vising.

Adresse

Fugleskjærgata 16
Florø
6900

Åpningstider

Mandag 08:00 - 16:00
Tirsdag 08:00 - 16:00
Onsdag 08:00 - 16:00
Torsdag 08:00 - 16:00
Fredag 08:00 - 16:00

Telefon

+4797698785

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Hub for Ocean legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Hub for Ocean:

Del