25/02/2026
LES VÅR KRONIKK I FIRDAPOSTEN: 🌱 "Statsforvaltaren si rolle er ikkje å «meine» noko om utviklinga i Kinn, men å passe på at regelverket Stortinget har vedteke faktisk blir følgt, og at spelereglane gjeld nokolunde likt for alle kommunar"
Når kommuneplanen sin arealdel blir behandla, handlar det ikkje om kart og fargar. Det handlar om kvardagen vår: kvar vi kan byggje, kvar det blir veg, kvar vi skal setje grensa, og kva natur som forsvinn for godt.