Stavanger Mållag

Stavanger Mållag Stavanger Mållag er lokallag av Noregs Mållag. Me arbeider for å fremja nynorsk og dialekt i Stavanger.

Målblomen 2025Torsdag 7/5 delte Stavanger Mållag ut Målblomen for 2025 til Tor Øyvind Skeiseid. Målblomen er ein pris so...
08/05/2026

Målblomen 2025
Torsdag 7/5 delte Stavanger Mållag ut Målblomen for 2025 til Tor Øyvind Skeiseid.

Målblomen er ein pris som vert gjeven til nokon som har gjort ein framifrå innsats for nynorsken i Stavanger kommune. Tor Øyvind Skeiseid får prisen på bakgrunn av den klare og presise, men samstundes leikne måten han nyttar nynorsken på.

Skeiseid har bakgrunn som journalist, og i 2003 var han med på å stifte Ryfylke Livsgnist der han i dag er det han sjølv omtalar som "kvardagsleg leiar". Mange eventar, spennande konsept og kulturhistoriske spel har vakse fram over åra, alt tydeleg kommunisert og promotert gjennom den klare og levande nynorsken til Skeiseid.

I tillegg har prisvinnaren eit brennande engasjement for frivillig arbeid. Og også gjennom det mangfaldige dugnadsarbeidet Tor Øyvind legg ned i Stavanger kommune, er den presise og levande nynorsken tydeleg tilstades i all kommunikasjon. Skeiseid er såleis eit språkleg førebilete for andre!

Stavanger Mållag gratulerer!

📷: Øydis Antun

Vil de nå ut til borna?Med stønad frå Noregs Mållag har Ulstein mållag laga eit kjekt hefte for born i 10–11-årsalderen....
04/10/2025

Vil de nå ut til borna?
Med stønad frå Noregs Mållag har Ulstein mållag laga eit kjekt hefte for born i 10–11-årsalderen.

Disney-teiknaren Trine Lise Normann har laga den flotte framsida på heftet, og inni finn de teikneseriar, aktivitetar, born som tipsar om gode nynorske bøker, og ikkje minst: Ei heilt nyskriven, nydeleg forteljing frå Maria Parr. Åshild Irgens, som har vore den faste illustratøren til Maria Parr i mange år, sit no og arbeider med illustrasjonar til forteljinga.

Målet med heftet er å gjera borna kjende med den gode, nynorske barnelitteraturen på ein inspirerande og kjekk måte – å invitera dei inn i litteraturen – og heftet har difor fått namnet Inn. Me veit at det å lesa mykje nynorsk er særs viktig for å gjera borna til stødige nynorskbrukarar som kjenner seg heime i nynorsken. Då er det her eit perfekt hefte å dela ut til 4.- og 5.-klassingane i kommunen dykkar.

Hefta vert etter planen ferdige til utsending i byrjinga av november. Prisen for hefta er berre 20 kroner per hefte, og dersom de tingar før 20. oktober, kan de få 100 hefte for berre 1500 kroner. Porto kjem i tillegg.

Send e-post til Arild T. Olsen ved Ulstein mållag for å tinga hefte: [email protected]
Hugs adresse og telefonnummer.

Det nærmar seg rådgjevande røysting om skulemålet på Sjernarøy. Denne veka kunne ein lese fleire gode innlegg i Øyposten...
30/08/2025

Det nærmar seg rådgjevande røysting om skulemålet på Sjernarøy. Denne veka kunne ein lese fleire gode innlegg i Øyposten for å halde på nynorsk ved oppvekstsenteret. Nokre er bak betalingsmur, men dette, signert styret i Stavanger Mållag, ligg ope for alle. Del gjerne vidare.

Øyposten er ei uavhengig lokalavis for Ryfylkeøyane.

Flott dag på Tomatfestivalen på Finnøy laurdag 16/8. Stavanger Mållag hadde stand, og me fekk snakka med, og verva, mang...
17/08/2025

Flott dag på Tomatfestivalen på Finnøy laurdag 16/8. Stavanger Mållag hadde stand, og me fekk snakka med, og verva, mange trivelege festivalgjester❤️

05/08/2025

Det er ikkje vannari kva målform elevane møter i skulen! Ja til nynorsk på Sjernarøy🤍💪🏻

På kulturkvelden på Sjernarøy måndag 28/4, vart "Skjerpingprisen" delt ut til Rune Nedrebø.Delar av grunngjevinga kan ei...
03/05/2025

På kulturkvelden på Sjernarøy måndag 28/4, vart "Skjerpingprisen" delt ut til Rune Nedrebø.
Delar av grunngjevinga kan ein lese her:

"Gjennom eit langt liv har pressemannen frå Sjernarøy vist kva pennen kan bidra med for å fremja både dei små og dei store sakene. Rune Nedrebø har ikkje stått fremst i språkkampen, men kvar dag vist at språket tel når bodskapen skal fram. Gjennom grunnmuren han bygde på Sjernarøy, har han gjennom eit stilsikkert språk skildra liva våra og debattane me er opptekne av, anten det var i Dagbladet Rogaland, Bondevennen, Stavanger Aftenblad eller Øyposten."

Stavanger Mållag gratulerer!

📷: Silje Klakegg/Øyposten

"Vannari - gjer det någe?"Velkommen til kulturkveld på Sjernarøy. Det er duka for spennande debatt og interessante gjest...
14/04/2025

"Vannari - gjer det någe?"
Velkommen til kulturkveld på Sjernarøy. Det er duka for spennande debatt og interessante gjester. I tillegg blir det utdeling av språkheider og bøker.
Kor: Veksthuset på Aubø
Når: Måndag 28/4 kl. 18.45
Arr.: Stavanger Mållag

Førre helg delte Stavanger Mållag ut Målblomen for 2025 til Anders S. Hana som driv folkemusikk-konsertserien "Gorrlaus"...
23/03/2025

Førre helg delte Stavanger Mållag ut Målblomen for 2025 til Anders S. Hana som driv folkemusikk-konsertserien "Gorrlaus".

Målblomen er ein pris som vert gjeven til nokon som har gjort ein framifrå innsats for nynorsken i Stavanger kommune. Anders S. Hana får prisen på bakgrunn av at han har starta og driv konsertserien ”Gorrlaus” på femte året

Hana nyttar nynorsk i alt skriftleg tilfang i konsertserien ”Gorrlaus” og på platene. Konsertane vert arrangerte på loftet i gamle Tou bryggeri, no Tou scene, som er ei av dei mest allsidige og spennande kultursentera på Sørvestlandet.

Hana har lukkast i å etablera norsk folkemusikk med særleg vekt på rogalandstradisjonen i dette spennande miljøet, både i opphavleg form og i moderne former. Den auka interessa for folkemusikk nasjonalt dei siste åra har ei hovudvekt i byar. Det er difor ikkje sjølvsagt at nynorsk skal halda på den sterke stillinga språket har hatt i folkemusikkmiljøet. At Hana har vald å nytta nynorsk i det moderne kulturmiljøet på Tou scene i Stavanger er difor svært viktig.

Stavanger Mållag gratulerer!

Foto: Ljerka Kukurin

Adresse

Judaberg
Finnøy
4160

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Stavanger Mållag legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Stavanger Mållag:

Del