Indre Sunnfjord Turlag

Ring Nettsted Kontakt organisasjonen

Indre Sunnfjord Turlag Facebookside for Indre Sunnfjord Turlag der alle kan delta. Påminning om aktivitetar, omtalar av turar, turtips, nyheiter og turinformasjon.

På dagens tysdagstur fekk vi testa ut turvegar på Vassenden. Fin tur rundt golfbana, opp til nedre parkeringsplass i ski...
27/10/2026

På dagens tysdagstur fekk vi testa ut turvegar på Vassenden. Fin tur rundt golfbana, opp til nedre parkeringsplass i skianlegget, over grusbana, opp skiløypa/grusvegen til utsiktspunktet. Så bar det nedatt i bygda, rundt Vassende skule, forbi gamle Heimyrkeskulen og til gapahuken ved skiløypa/turvegen. Her smakte det godt med niste. Så avslutta vi turen med å gå tilbake rundt golfbana og til bilane. Ein fin tur nesten uten regn 😉 Og så vert det ny tur neste veke også!
Foto: Sisell Seljestokken

Det vert tysdagstur sjølv om det er meldt godt med regn! Ta på regnkleda og bli med på ein liten rundtur på gode turvega...
25/10/2026

Det vert tysdagstur sjølv om det er meldt godt med regn! Ta på regnkleda og bli med på ein liten rundtur på gode turvegar! Avreise frå Laksen kl 10 som vanleg.

Det er meldt regn denne tysdagen, men vi tek oss uansett ein tur! Vi køyrer til Vassenden og går på gode turvegar i området. Vi tek av frå E39 ved Jølstraholmen, kryssar Jølstra og parkerer ved golfbana. Vi går på god turveg rundt golfbana, så opp til den nederste parkeringsplassen til Jø...

Hels på hyttetilsynet ved Nipebu! 👋Dette er Anita, som saman med mannen sin Dag Tore har vore hyttetilsyn på Nipebu gjen...
21/10/2026

Hels på hyttetilsynet ved Nipebu! 👋

Dette er Anita, som saman med mannen sin Dag Tore har vore hyttetilsyn på Nipebu gjennom ei årrekkje.

I utgangspunktet skal eit hyttetilsyn sjå til hytta kvartalsvis, men desse to tek turen opp om lag åtte gonger i året. Då ber dei med seg proviant, gjer reint, sjekkar at alt fungerer som det skal og sørgjer for at hytta er klar for nye gjester.

I helga var dei på Nipebu for å klargjere hytta for vinteren. Vasslangen er teken inn, båt og kanoar er vaska og lagde i naustet, og lista over det som må fyllast på ved neste tilsyn er skriven.

Trass i mykje regnvêr denne sesongen har vi opplevd besøksauke på Nipebu. Det er takka vere frivillige som Anita og Dag Tore at vi kan halde hyttene våre opne, trivelege og velfungerande for alle som ferdast i fjellet ❤️

Vi set stor pris på innsatsen dei legg ned gjennom året. Når DU besøker hytta, håpar vi du tek vare på henne som om ho var di eiga. Det er framleis mogleg å få med seg ein nydeleg hausttur til Nipebu! 🍂🥾🏔️

Tysdagstur med seniorgruppa i Turlaget i strålande haustsol.☀️Vi parkerte øvst i Grovene og gjekk den gamle stølsvegen t...
20/10/2026

Tysdagstur med seniorgruppa i Turlaget i strålande haustsol.☀️Vi parkerte øvst i Grovene og gjekk den gamle stølsvegen til Skeistølen 1,5 km for so å følgje stien nordaustover opp til Flatestølen. Stølen ligg høgt og fritt 300 høgdemeter under Førdsnipa. 7 frå gruppa fortsatt opp til Nipa. Flatestølen vart sett opp rett etter krigen, i 1947/48, og er den yngste stølen som nokon kjenner til, i Førde. Stølinga tok slutt i 1958. År 2001 kjøpte fjellmannen Bjørn Høyvik stølen, reiv det gamle og sette opp ei ny fin hytte der. 25 turgåarar i dag.😀Foto: Ann E. Opland/Sisell Seljestokken

Seniorgruppa i Turlaget tok ein lett tysdagstur i dag, vi gjekk flat tur frå Plantasjen til Soleide, over hengebrua og l...
13/10/2026

Seniorgruppa i Turlaget tok ein lett tysdagstur i dag, vi gjekk flat tur frå Plantasjen til Soleide, over hengebrua og langsmed elva. 14 gr og opphalds kallar vi godver!😀yr meldte ein del regn men det merka no ikkje vi noko til. 16 på tur og kjekt å kome seg ut og gå.😀Foto: Ann E. Opland

Nok ein gong set vermeldingane (regn og sterke vindkast) kjeppar i hjula for planlagt tur. I tillegg er det vegstenging ...
12/10/2026

Nok ein gong set vermeldingane (regn og sterke vindkast) kjeppar i hjula for planlagt tur. I tillegg er det vegstenging på Holsen!! Men tur vert det! Vi går frå parkeringsplassen ved Plantasjen/Spar-Kjøp og ei runde derifrå; Kronborg (Spar Kjøp)-Vie-Soleide-hengebrua-Sandbrekka (langs elva)-Bruland/E39-Kronborg, totalt ca 7 km. Kom og bli med på tur - regnet skal ikkje stoppe oss!!

Avreise frå Laksen kl 10.00 som vanleg. Atle Holsen og Svein Ove Osland er turleiarar denne dagen.

Nok ein gong set vermeldingane (regn og sterke vindkast) kjeppar i hjula for planlagt tur. I tillegg er det vegstenging på Holsen!! Men tur vert det! Vi går frå parkeringsplassen ved Plantasjen/Spar-Kjøp og ei runde derifrå; Kronborg (Spar Kjøp)-Vie-Soleide-hengebrua-Sandbrekka (langs elva)-Br...

Tysdagsturen til Seniorgruppa i Turlaget vart Den trondhjemske postveg frå Reset til gapahuken på Langeland. Denne postv...
06/10/2026

Tysdagsturen til Seniorgruppa i Turlaget vart Den trondhjemske postveg frå Reset til gapahuken på Langeland. Denne postvegen mellom Bergen og Trondheim var i bruk frå 1785 til 1867, og vart sett i stand og opna som turveg i 1997. Høgste punktet på ruta vår er Hafstadstølen på 373 moh. Etter å ha passert Hafstadstølen går vi langsmed Langelandsvatnet med støler der og, Espestølen og Furnesstølen. 14 på tur i dag i skiftande ver, både regn og blå himmel og regnboge fekk vi.😀 Foto: Ann E. Opland

Det vert tysdagstur også 6.oktober, men grunna det våte veret, vert det tur i låglandet; frå Reset til skisenteret på La...
05/10/2026

Det vert tysdagstur også 6.oktober, men grunna det våte veret, vert det tur i låglandet; frå Reset til skisenteret på Langeland og tilbake, fortel turleiarane Svein Ove og Karen. Kle på deg og kom og bli med!

Grunna veret og nedbøren vert det tysdagstur frå Reset til Langeland og tilbake tysdag 6.okt. Turleiarar er Svein Ove Osland og Karen Hornnes.Så får vi sjå om det vert ver til å gå på Dysjelandsheia ved eit seinare høve (om veret skulle betre seg :-)................................…

🍂 Oktober er den siste månaden med TiTur!Mange har kanskje allereie fullført årets ti turar, men har du ikkje kome heilt...
02/10/2026

🍂 Oktober er den siste månaden med TiTur!

Mange har kanskje allereie fullført årets ti turar, men har du ikkje kome heilt i mål enno, er det framleis tid:

🥾 TiTur Dalsfjorden varer til 11. oktober
🥾 TiTur Sunnfjord varer til 31. oktober

Så knyt turskoa på og kom deg ut på tur! 😄

Alle som fullfører, er med i trekninga av gåvekort. I tillegg kan det vanke ei flott deltakarpremie! 🎁

📸 Har du eit flott TiTur-bilete? Del det gjerne i kommentarfeltet til inspirasjon for andre turglade! 🍁🥾

Adresse

Førde

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Indre Sunnfjord Turlag legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Indre Sunnfjord Turlag:

Snarveier

Del