18/10/2026
Nok ei inspirerande Kveik-helg er over ❤️🔥
Vi ser tilbake på ei helg fylt med læring, nye perspektiv og gode møte mellom frivillige!
Denne helga stod ei rekkje kurs på programmet, med høve til å fordjupe seg, lære nytt og dele erfaringar på tvers av lag og aktivitetar.
Vi retta vi blikket mot beredskap i ei verd prega av uro og raske endringar. Jette Christensen snakka om demokratiet under press, medan Sven Mollekleiv og Gudmund Waaler gav oss perspektiv på internasjonale humanitære utfordringar og korleis vi møter menneske i krevjande situasjonar. Gjennom samtalar og ei felles beredskapsøving utforska vi òg korleis vi kan førebu oss og samarbeide når noko uventa skjer lokalt.
Eit bodskap frå Sven Mollekleiv som vi tek med oss vidare, er at «ingen kan bry seg om alle, men alle kan bry seg om nokon». Det minner oss om kor viktig det er å sjå menneska rundt oss, byggje tillit og stille opp når det trengst. ❤️
Takk til alle som var med og skapte ei minnerik Kveik-helg! De er med på å gjere oss betre rusta til å møte utfordringane vi står overfor, saman. 🤝