Førde Kfuk-Kfum Speidarar

Førde Kfuk-Kfum Speidarar Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra Førde Kfuk-Kfum Speidarar, Kyrkjetunet, Førde.

17/07/2024

Nokon har laga ein kopi av kontoen min! Ikkje bli ven på Stig Jonny Fitje II
DEN ER IKKJE MIN!

Hei alle speidarar!Har du lyst å få med deg ei spennande teaterframsyning?Riksteatret kjem til Førde med framsyninga:«De...
19/02/2024

Hei alle speidarar!
Har du lyst å få med deg ei spennande teaterframsyning?
Riksteatret kjem til Førde med framsyninga:

«Det mørke fortet – et Minecraft-eventyr»
https://www.riksteatret.no/repertoar/det-morke-fortet-et-minecraft-eventyr/

Tid: laurdag 09. mars 2024 kl 17:00
Stad: Førdehuset

Dette er ei spennande teateroppleving for deg som likar å spele Minecraft og for alle som har lyst på ei actionspekka familieframsyning om vennskap, familie og det å stå på eigne bein.

Speidarane har fått eit godt tilbod til denne førestillinga!
Tilbudslenke: https://checkout.ebillett.no/153/events/105336/purchase?presale_id=!ihbx2dorb3

145kr + e-billett avgift per billett (ord 290)
Tilbodet varar til fredag 29. februar.
Håpar på å sjå dokke!

Jeg ønsker å motta relevant informasjon, anbefalinger og tilbud om forestillinger fra Førdehuset gjennom elektroniske kanaler (for eksempel SMS, nyhetsbrev, etc.).

05/12/2023

På speidarmøtet torsdag 7 desember blir det avslutning før jul. Vi skal vere på leirplassen, det blir bålkos med lussekattar og julesang! Ta med kopp. Oppmøte ved Kyrkjetunet kl 18.30. Velkomne!

27/11/2023

Torsdag 30 november er det speidarmøte igjen, vi kler oss godt og går til leirplassen. Der skal vi lage quesadillas på bålpanna! Oppmøte ved Kyrkjetunet kl 18.30. Ta med fat, kopp og lykt. Velkomne!

20/11/2023

Torsdag 23 november blir det ikkje speidarmøte. Neste torsdag, 30 november, planlegg vi møte og quesadillas på leirplassen.

13/11/2023

Torsdag 16 november blir speidermøtet inne på Kyrkjetunet. Vi skal spele spel, og vi skal lage kakao. Oppmøte kl 18.30. Velkomne!

06/11/2023

På speidarmøtet torsdag 9 november skal vi på tur! Vi møtast ved Slåtten skule, parkeringsplassen, kl 18.30, og går opp mot stølen Legjene. Vi skal kose oss med kjeks. Alle må hugse drikkeflaske og lykt. Velkomne!

30/10/2023

Speidarmøtet torsdag 2 nov blir som tidlegare nemnt på leirplassen, og vi skal lage toast på bålpanna. Oppmøte ved Kyrkjetunet kl 18.30. Hugs tallerken , kopp og lykt! Velkomne!

23/10/2023

Det blir ikkje speidarmøte kommande torsdag, 26 oktober. Neste torsdag, 2 november, skal vi vere på leirplassen og lage toast.

16/10/2023

Torsdag 19 oktober blir speidermøtet på leirplassen, og vi skal lage pinnebrød på bålpanna. Oppmøte ved Kyrkjetunet kl 1830. Ta med kniv og lykt. Velkomne!

09/10/2023

Det blir ikkje speidarmøte torsdag 12 oktober, sidan det er haustferie denne veka. God ferie til alle!

02/10/2023

Speidarmøtet torsdag 5 oktober blir på leirplassen, og vi skal lage rotgrønsakssuppe. Ta med kniv, skål/kopp og skei. Det kan også vere lurt å ha med hovudlykt no når det blir tidleg mørkt. Oppmøte på Kyrkjetunet kl 1830. Velkomne!

Adresse

Kyrkjetunet
Førde
6800

Telefon

+4790082650

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Førde Kfuk-Kfum Speidarar legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Førde Kfuk-Kfum Speidarar:

Del