Vi har ope kvar mandag, onsdag og torsdag for elevar på ungdomsskulen. Vi leiger ut Løa til rusfrie arr i helgene.
(12)
Adresse
Kyrkjevegen 22
Førde
6809
Åpningstider
| Mandag | 14:30 - 20:00 |
| Tirsdag | 15:00 - 20:00 |
| Onsdag | 14:30 - 20:00 |
| Torsdag | 14:30 - 20:00 |
Telefon
Nettsted
Varslinger
Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når LØA - Skrivarløa ungdomshus legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.
Kontakt Organisasjonen
Send en melding til LØA - Skrivarløa ungdomshus:
Snarveier
Type
Our Story
Opningstider: Mandag 14.30 - 20.00
Tysdag 15.00 -20.00 ( VGS) Onsdag 14.30 - 20.00 Torsdag 14.30 - 20.00 Skrivarløa er opa kvar mandag, onsdag og torsdag i skuleåret. Du kan kjøpe deg middag til 30 kroner frå kl 15.00 til kl 18.00 dei dagane vi har ope. Tre fredagar i halvåret arrangerar vi Løafredag mellom 19.00 og 23.00. Sjå på kommande arrangement, for å datoane vi har Løafredag dette halvåret. Om bygget er ledig i helger og på tysdagar kan ein leige Skrivarløa for eigne rusfrie arrangement. ( Vi følgjer skuleåret, så i feriar kan vi diverre ikkje leige ut Skrivarløa). Ta kontakt ved å sende ein mail til [email protected], for spørsmål knytt til utleige og ledige datoar Skrivarløa er drifta ved hjelp av: - Frivillige ungdommar, som er med på å byggje opp eit stabilt, trygt og aktivt ungdomsmiljø. - Dei tilsette, som har hovudansvar for dei frivillige m.m. - Støtteordningar, som fond og midlar, privat personar og lokalt næringsliv. Skrivarløa har i dag fire tilsette: - Eli Britt Danielsen ( ungdomsleiar i Førde Kommune). - Karin Fedje Bøyum ( miljøkoordinator på Skrivarløa) - Birgitte Flaten Steinhovden ( miljøarbeidar på Skrivarløa) - Ann Kristin Sønnervik ( miljøarbeidar på Skrivarløa) Vi fire har saman hovudansvaret for at ungdommane er i tryggje omgjevnadar. Vi hjelper og til slik at ulike aktivitetar blir gjennomførte. Elles jobbar vi med å rekruttere frivillige ungdommar, marknadsføre aktivitetane på Skrivarløa, søkje på midlar til vidare drift, ulike møteverksemder og opplæring av ung til ung formidling. Ung til ung formidlinga, er utvikla ifrå ein teori om at ungdom sjølve har større påverknadskraft på jamnaldrande enn kva vaksne har. På denne måten aukar sjansen for at ungdommane sine eigne interesser vert ivaretekne, sidan deira meiningar og interesser kjem fram og blir høyrte. Dette er med på å styrke ungdomsidentiteten og kan legge til rette for gode relasjonar og betre samarbeid på tvers av generasjonar. Dans uten grenser, som har brukt Skrivarløa som øvingslokaler sidan 2003, har god erfaring med denne formidlinga og beviser at dette er eit viktig satsingsområde. For at ungdommane skal få styre og medverke mest mogeleg i aktivitetar som blir gjennomførte på Skrivarløa, vil ein bruke ein del tid på å lære opp ungdommar innanfor for eksempel kafèdrift, slik at dei blir sjølvstendige, ansvarlege og trygge på drifta. Vidare vil desse ungdommane ha eit ansvar for å lære opp andre ungdommar, slik at det blir fleire frivillige som er med og jobbar aktivt for å halde Skrivarløa i gang. Dersom du har spørsmål eller ynskjer å komme i kontakt med oss, kan du sende ein mail til [email protected] eller skrive ei melding her på facebook. UTLEIGE: Pris 1.etg 1000,- Pris 1 & 2 etg 1500 ,- For tinging eller informasjon om utleige og retningslinjer, send ein epost til [email protected]