20/11/2025
https://www.facebook.com/share/1D16zjWSe1/
ODDNY ER TILBAKE ❤️👏👏
Ikkje noko stoppar Oddny Njøsen. No er ho tilbake på Alti Førde med sitt populære sal av adventskalendarar for Førde Røde Kors.
Heller ikkje eit fall på asfalten for litt over ei veke sidan kunne stoppe Oddny Njøsen. To brot i armen og noko forslått, er nemleg ikkje til hinder for at denne vel 80 år gamle eldsjela igjen er på plass med sine adventskalendarar.
Stiller opp 👏👏👏
Oddny har lang fartstid som lærar i Førde, og etter at ho vart pensjonist har ho engasjert seg sterkt i Røde Kors-arbeid. Mellom anna har ho vore svært aktiv i internasjonalt arbeid lokalt, både i flyktninge- og omsorgstenesta. Seinast denne veka deltok ho på internasjonal kafe i Røde Kors-bygget.
Saman med Asbjørn Steen, som står på Elvetorget, så sel desse to hundrevis av lokale adventskalendarar for Førde Røde Kors. Desse adventskalendarane er ein tradisjon som er svært utbreidd i mange sunnfjord-heimar.
Oddvar kom 😀😀😀
På bildet ser vi ein annan lokal profil, Oddvar Torsheim, kjøpe årets kalendar av Oddny Njøsen torsdag ettermiddag, og samstundes slå av ein prat. Som vanleg vil du finne Oddny og hennar kalendarar like ved Fresh frisør i sørbygget på Alti Førde.
Stikk innom du også, og sikre deg minst eitt eksemplar av kalendaren.
Tekst og foto: Stig Roger Eide