12/04/2026
Barnefestival 2026 🌻
85 barn frå 5 kor var samla på Operahuset Nordfjord i dag. Vi har kosa oss med song, mat, sirkus og andre kjekke aktivitetar.
Takk til alle som deltok og til alle frivillige som tok seg tid til å bidra. De gjorde denne dagen skikkelig fin🥰
Spesielt takk til ungdomscrewet - 13 ungdommar som jobba for at myldretorget gjekk knirkefritt. De er heilt gull🏆
Og ein ekstra takk til elevane på sirkuslinja (movement x) på Fjordane Folkehøgskule. Det var god stemning på sirkus-stasjonen 🤹
Eg ynskjer dykk alle ein fin vår 💛 helsing Ingeborg
PS. Eg er spent på om det er nokon som får skikkelig høge solsikker til sommaren 🌱
KFUK-KFUM Sogn og Fjordane
KFUK-KFUM Norge