Sogn og Fjordane Røde Kors Hjelpekorps

Sogn og Fjordane Røde Kors Hjelpekorps Vårt oppdrag er å oppdage, hindre og lindre menneskelig nød og lidelse! Ei side for alle nye og gamle

VÅRENS VAKRASTE EVENTYR PÅ NESHOLMEN! Det er ei magisk helg når 53 motiverte deltakarar og 22 dedikerte instruktørar/sta...
26/04/2026

VÅRENS VAKRASTE EVENTYR PÅ NESHOLMEN!

Det er ei magisk helg når 53 motiverte deltakarar og 22 dedikerte instruktørar/stab samlast for å lære, øve og bygge felleskap! Stemninga er på topp og læringsviljen er stor.

Med fokus på Røde Kors sine verdiar, er vi stolte over å vere med på å utdanne framtidas hjelpekorpsarar og styrkje beredskapen i Sogn og Fjordane.

Desse folka er berre heilt fantastiske!

Tusen takk for innsatsen alle saman 🥰

Har du lyst å bli med i hjelpekorpset?😍Vårens vakreste eventyr, KSOR - kvalifisert søk og redning, nærmar seg! 24-26 apr...
16/03/2026

Har du lyst å bli med i hjelpekorpset?😍
Vårens vakreste eventyr, KSOR - kvalifisert søk og redning, nærmar seg! 24-26 april skjer det på Nesholmen🤩 Dette er eitt av grunnkursa ein lyt ha for å bli hjelpekorpser!
Ta kontakt med nærmaste hjelpekorps eller oss for påmelding! Dette blir kjekt🤩

Kjære alle frivillige i hjelpekorpsa i Sogn og Fjordane!Når vi no går inn i julehøgtida, vil vi i distriktsrådet takke k...
24/12/2025

Kjære alle frivillige i hjelpekorpsa i Sogn og Fjordane!

Når vi no går inn i julehøgtida, vil vi i distriktsrådet takke kvar og ein av dykk for den imponerande innsatsen de har lagt ned i året som har gått.

Frå dei bratte fjellsidene til dei djupe fjordane har de vist kva ekte medmenneskelegheit og beredskap tyder i praksis. Enten det har vore leiteaksjonar, sanitetsvakter eller uttallege timar med øving og kurs, så er dykkar bidrag heilt avgjerande for tryggleiken i fylket vårt.

Vi veit at mange av dykk også i jula sit i beredskap, klare til å rykke ut om nokon treng hjelp. Det står det stor respekt av.

Vi ønskjer dykk alle ei fredfull julefeiring og eit godt nytt år!

Med stor takk og beste helsing,
Distriktsråd Hjelpekorps, Sogn og Fjordane Røde Kors

Røde Kors arrangerer kurs på Førde Gjestehus og Camping i dag og i morgon. Det blir synleg uniformerte hjelpekorpsarar i...
01/11/2025

Røde Kors arrangerer kurs på Førde Gjestehus og Camping i dag og i morgon. Det blir synleg uniformerte hjelpekorpsarar i området 😊

Hei alle hjelpekorpsarar der ute!⛑❤️ Vi vil gjerne samle flest mogeleg til kurshelg og fagsamling på Kveik 17.-19. oktob...
08/10/2025

Hei alle hjelpekorpsarar der ute!⛑❤️ Vi vil gjerne samle flest mogeleg til kurshelg og fagsamling på Kveik 17.-19. oktober, og har difor utvida påmeldingsfristen til førstkommande fredag! Påmelding via lenkja i kommentarfeltet 👇 Håpar vi ser deg!

Svelgen-Bremanger Røde Kors Hjelpekorps har i saman med Sogn og Fjordane Røde Kors hjelpekorps denne helga arrangert kur...
06/10/2025

Svelgen-Bremanger Røde Kors Hjelpekorps har i saman med Sogn og Fjordane Røde Kors hjelpekorps denne helga arrangert kurset Lagledelse Søk og Redning for 7 deltakarar.
Trass noko ugunstige værmeldingar og ein heilt ny lokasjon for kursstaben, vart det eit vellykka kurs.🤩

Tusen takk til alle som stiller opp for å bidra i stab, ko, som rettleiar på lag eller bidreg til forarbeidet slik at kurset vert best mogleg! Uten dykk hadde det ikkje vore mogleg å gjennomføre kurset❤️

Gratulerer til deltakarar og dei lokale hjelpekorpsa som no har fått frivillige med tittelen lagleiar🎉

Sogn og Fjordane Røde Kors Hjelpekorps har for fyrste gong arrangert kurset VSAM - Vidaregåande Samband. Med god bistand...
24/09/2025

Sogn og Fjordane Røde Kors Hjelpekorps har for fyrste gong arrangert kurset VSAM - Vidaregåande Samband.
Med god bistand frå Ressursgruppe Samband vart kurset vellukka, både deltakarar og instruktørar var godt nøgde med helga!

Vi har vore innom spennande og på grensa til morosame tema som Ohms lov, desibelrekning (ein kan rekne om det meste til desibel, inkludert mat og magemål), antenner, kablar, VHF, neste generasjons Nødnett og internett i felt.

Både teori og praksis har fått god plass.

Kurset bidreg til å auke kompetansen og utvide fagmiljøet innan det meste av samband og kommunikasjon, noko som kjem til god nytte både i dagleg drift, men ikkje minst ved hendingar med ekstremvêr, der samfunnet sitt stadig aukande behov for å kommunisere kjem til syne.

Takk for ei bra helg.

Sogn og Fjordane Røde Kors Hjelpekorps har fått to nye aksjonsleiarar etter ASOR kurs på Merket! Vi gratulerer Jonas Myk...
14/09/2025

Sogn og Fjordane Røde Kors Hjelpekorps har fått to nye aksjonsleiarar etter ASOR kurs på Merket! Vi gratulerer Jonas Myklebust, Svelgen/Bremanger Rkh og Kristian Bøe, Stryn Rkh! 🥳
Vi er stolte!🤩🤩
I tillegg bidrog vi med to veiledera, Arne Reme og Anita Kristin Vik, begge Stryn Rkh🤩

Påmeldinga til RØFF-camp er open, meld deg på eller del med nokon som bør vere med!🤩👇
12/08/2025

Påmeldinga til RØFF-camp er open, meld deg på eller del med nokon som bør vere med!🤩👇

Adresse

Langebruvegen 28
Førde
6800

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sogn og Fjordane Røde Kors Hjelpekorps legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Organisasjonen

Send en melding til Sogn og Fjordane Røde Kors Hjelpekorps:

Del